Um aa Tenkja.

Me hev eit Ord, som heiter Logikk. Det vert umskrivet med Tenkjelæra, Tenkjekunst, Provføringskunst o. dl.; som Vitenskap er Logikken Læra um dei aalmenne Tankelogjer, vert det sagt. Men Umskrifter av slike Kunstord vert Ein sjeldan klok av. Ein maa helst kjenna sjølve Tingen. Visst er det, at Ordet Logikk vert meir brukt enn Logikken sjølv, so det jamt ser ut til, at Folk kjenner betre til Namnet enn til Tingen.
           
Det synest rart, at det skulde turvast nokon serskild Kunst elder Kunnskap til aa tenkja, det er nokot, som me kann av sjølve Naturen, det, liksom me er fødde med den Kunsten aa sjaa. Me treng altso ingen Lærdom til det, kunde Ein segja. Og finst det slik ein Tenkjekunst, so maa det anten vera berre ein Leik til Gaman for dei Lærde, elder og lyt det vera ein Fantekunst, ein Prokuratorklokskap, Kunsten og gjera svart til kvitt og Sanning til Lygn, elder Kunsten aa rengja Ord og Tankar um, so Ein fær dei til aa segja kva Ein vil, liksom daa Erasmus Montanus logisk sannprovad, at det var ein god Gjerning aa drikka seg full.
           
Men naar Folk tenkjer so, so tek dei i Mist. Kunsten aa gjera svart til kvitt heiter ikkje Logikk, men Sofistikk, og Sofistikken hev Ingenting med Logikken utan den ytre Hamen.           
Og paa den andre Sida er det likso galet aa tru, at Logikken berre er Leik. Det er sannt nok, at me alle kann tenkja; Tankelogjerne finst i oss alle, og me brukar dei kvar Dag utan aa vita av det, liksom me til kvar Dag og Stund bruker Naturlogjerne utan aa leggja Merke til det. Det daglege Livet gjev Emne nok til Uppøving av eit naturlegt Vit, og Kultur-Utviklingi hev desutan fram gjenom Tiderne avsett i oss ei Mengd av Umgrip, som no gjev Tanken vaar Innhald. Men der er likevæl ein stor Skilnad paa denne naturlege Tenkjing og paa den vitenskapelege. Det er paa Lag med det som du vil tenkja deg ein Spilemann. Han kann hava lært seg sjølv upp, og han kann spila vænt; men det er villt. Der er aldri den rette Svingen paa det, aldri den rette fine og fulle Laaten. Men so snart du høyrer ein, som hev lært Kunsten, so høyrer du strakst, at det er eit annat Lag. Den eine spilar berre etter Vitet, utan aa kjenna korkje Grunnar elder Reglar; den andre han veit Maaten.
           
Me tenkjer alle, men me tenkjer for det meste villt. Me tenkjer so, som me synest det kann høva, so, som det tykkjest rimelegt, men gjer oss ikkje Greida fyre, kva Reglar Tanken vaar gjeng etter, og me kann altso ikkje prøva, um han gjeng etter, og me kann altso ikkje prøva, um han gjeng rettleides elder rangleides. Til Kvardags Bruk er daa dette godt nok og; for der vert Tanken rettleidd paa andre Maatar. Verre er det, naar me tenkjer villt i høgre Spursmaal. Der hev me ikkje so mange ytre Ting, me kann prøva Tankarne vaare etter, og difor lyt dei for det meste trivla seg fram paa eit Raam, av di me ikkje er istand til aa prøva Tankarne vaare i seg sjølve. Ein ser daa gjerna etter, um dei høver med det, som annat Folk tenkjer og meiner; for det vert daa mest det einaste, Ein hev aa halda seg til. Finn Ein so, at dei høver, so at det, Ein sjølv meiner, er paa Lag det same som dei fleste andre meiner, so slær Ein seg til Ro og trur, at Ein hev tenkt rett. Men finn Ein, at Ein tenkjer reint ulikt dei andre, so vert Ein rædd, Ein hev tekje i Mist, og so lempar Ein paa Tankarne sine, til Ein finn, at dei høver.
           
Paa den Maaten greider Ein seg, og dei fleste greider seg godt. Men den, som tenkjer logiskt, tek det paa ein annan Maate.
           
Han finn fyrst og fremst ut dei Reglarne, Tanken hans gjeng etter. Og so prøver han desse Reglarne, um dei er slik, at dei kann godkjennast. Og sidan prøver han alle sine Tankar etter dei, Daa hev han nokot aa halda seg til, og kann arbeida seg baade lenger og tryggare fram gjenom Tankeheimen enn den, som tenkjer villt og altso ikkje sjølv kann styra Tankemaatene.
           
Den, som tenkjer paa denne logiske Maaten, og som paa den Vegen vil arbeida seg fram til Sanning elder vera stød paa, at det han tenkjer, ikkje er berre Tankedraumar, han maa altso ikkje for det fyrste bry seg um, kvat annat Folk meiner; for det kunde godt vera galet; helder ikkje maa han bry seg um, kva han sjølv kann synast er rimelegt; for det er ikkje vist, at hans eiget Skyn og Tykkje just ber paa rette Leidi. Han maa berre bry seg um ein einste Ting, og det er, um Tanken hans gjeng fram paa den rette Maaten og byggjer paa dei rette logiske Grunnar.
           
Logiske Grunnar er slike, som Tanken etter sin eigen Natur og etter sine eigne Logjer maa godkjenna, som han ikkje kann motsegja, so sannt han vil vera seg sjølv. Den, som kunde tenkja heilt ut logiskt, vilde altso tenkja slik, at all sunn og utviklad Mannstanke maatte bøygja seg for det han fann ut og godkjenna det som sannt. For alle Mannstankar lyder i Grunnen dei same Logjer.
           
At slike Logjer finnst, det kann Ein lett koma etter. Du kann berre prøva med deg sjølv, um du er god til aa tenkja deg ein rund Firkant, elder etn Ting, som er større elder mindre enn seg sjølv, elder ei Verkning, som er utan Orsak, elder um du med all di Magt kann faa deg til aa tru, at 2 + 2 er 5. Skulde Ein tenkja seg slikt, maatte Tanken gjera Upprør mot seg sjølv elder gjera seg sjølv til Inkjes; og det kann han ikkje, um han vilde. Han er altso bunden til visse Grunnreglar, som han ikkje kann koma ifraa. Ein maa tru, at ein Firkant ikkje kann vera rund, at kvar Ting maa vera lik seg sjølv, at kvar Verkning maa hava ei Orsak, at 2 + 2 ikkje kann verta 5. Og hev Ein gjort seg det klaart, so vil Ein hava ei Kjenning av, kva det er Ein meiner med aalmenne Tanke-Grunnlogjer.
 
Det, som er heilt ut stemmande med desse aalmenne Grunnlogjer, kallar Ein Sanning. Og Ein kallar det objektiv Sanning, fordi det gjeld for alle, fordi alle maa bøygja seg for den. Den objektive elder aalmenne Sanning kann Ein ikkje sjølvtykkjeleg velja elder vraka; objektiv Sanning er det, som alle maa godtaka, so sannt som dei hev so mykje Vit, at dei forstend det, og som Ingen kann fornegta, utan han er galen.
           
Denne objektive elder vitenskapelege Sanning er det altso, den logiske Tenkjing skal hjelpa oss til aa finna, og denne høgare logiske Tenkjingi er det, dei kallar Filosofi. Ein hev hellest Bruk for Logikken i alle Tilfelle, der det gjeld um aa utfinna elder provleggja det Sanne i ei Sak, og Ordet tyder altid det same: Tenkjing etter Tankens eigne aalmenne Grunnreglar.
           
Den, som no skulde tenkja fullt ut logiskt, maatte altso for det fyrste kjenna desse Grunnreglarne tugagne, og det kann Ein læra; men for det andre maatte han hava Tanken sin so væl inntamd og so gløgg, at han aldri nokon Gong gløymde aa fylgja dei elder leet seg skræma elder lokka fraa aa fylgja dei, um dei so syntest aa føra til reint andre Endemaal enn han sjølv kunde ynskja. Dette er det vandaste. Ein kann kasta fraa seg so mykje Ein vil av Fyremeiningar, Fordomar og Ynskje, - og likevæl vil Ein rett som det er koma til aa blanda ymist av det Slaget i Tankegangen, og so fær Ein strakst eit Sprang i Tankerekkja, ein Setning, som er komen inn utan aa vera sannprovad, og som kanskje ikkje høver ihop med Tankegangen hellest. Og so vert det ulogiskt. Og fær Ein ikkje desse Fyremeiningarne sine inn paa andre Stader, so fær Ein dei med i sjølve Grunnlaget, i det Ein byrjar med elder gjeng ut ifraa; det hev enno ingen Tenkar kunnat byrja heilt forutsetningsfritt. Det er paa den Maaten at her hev komet upp so mange og ulike filosofiske Lærebygningar. Kvar Tenkjar hev sine Forutsetningar, sine medfødde Hugdrag, sine fraa Barndomen av innsogne Tenkjemaatar, og kor gløgg han enn kann vera, so vil daa mest altid nokot av dette smetta inn med, anten det no hev Grunn for seg elder ikkje. Verst er det med slike Meiningar og Tykkjar, som attaat er aalmenne Tidsmeiningar, elder slikt, som alt Folk i denne Tidi trur; for det vil Ein so lett finna er sjølvsagt, so Ein tek det utan Prøving elder iallfall læt det faa verka med. Og Tenkjaren vil gjerna vera so braad etter aa faa Systemet sitt ferdigt, at han ikkje gjeng so til Botnen i alt som han skulde.
           
Naar me hev havt so mange logiske Tankebygningar, so kjem det altso ikkje av, at Tanken i seg sjølv skulde vera loglaus, men det kjem av, at det er so overlag vanskelegt for den einskilde Mannen aa halda Tanken sin rein og klaar for ulogiske Tilsetningar. Men i denne Tid hev dei lært aa forstaa dette og arbeider sterkt for aa koma ut ifraa det. Og di klaarare Medvitet vert, di gløggare vil Ein verta i so Maate, og di meir logiskt og reint vil Ein koma til aa tenkja, - alt um det daa kann koma til aa visa seg, at Tanken ikkje naar so langt som dei fyrr meinte, daa dei trudde dei kunde tenkja seg igjenom baade Himmel og Jord.
           
Me kann forstaa, kor vondt det maa vera aa tenkja reint logiskt, berre me hugsar etter, kor sterk Kjensla i oss er, og kor gjerna den vil blanda seg inn i alle vaare Tankar. Hev ein Tenkjar paa Fyrehaand villt gjort seg upp ei Tru, som han daa er glad i, so vil han gjerna, at Tanken skal sannprova denne Trui, og dermed vil han allstødt hava Hug til aa lata att Augo, naar det kjem nokot, som ber imot, men vera svært snar til aa vedtaka, naar det kjem nokot, som synest bera med. Dette gjeld for all Vitenskap, men mest for Tankevitenskapen elder Filosofien, som vaagar seg mest paa Viddi. I dei reale elder Naturvitenskaparne, der Ein for kvart Stig liksom kann spyrja sjølve Naturen, um Ein hev tenkt rett elder rangt, kann Ein ikkje letteleg tulla seg so reint burt, alt um Ein her ofta maa hjelpa seg fram med Gisningar (Hypothesar), som kann vera ville nok, og som stundom kann narra kritikklause Lærde langt inn i Draumeheimen.
           
Som sagt, Kjensla er sterk og vil lett forvilla Tanken. Kjensla spyrr fyrst og fremst etter Endemaalet, Resultatet, og um det er som ho likar det; Kjensla vil hava Svar paa sine tusund Spursmaal, og dei Svari skal vera gode, upplyftande, uppbyggjelege. Er Enden god, so er alting godt, meiner Kjensla. Det hev alle Dagar gjort Tanken ør. Men no, daa Folk hev lært aa sjaa det, so maa væl Tanken verta stødare i so Maate etterkvart.
           
Ein kann vist gjerna segja, at Skilanden millom logisk Tenkjing og vill Tenkjing er den, at den logiske Tenkjingi spyrr fyrst etter Vegen, er Vegen rett, maa han og føra til det rette Endemaalet, men den ville Tenkjingi spyrr fyrst etter Endemaalet: er Endemaalet godt, so er det det same, um Vegen er galen. Difor er den logiske Tanken vissare paa Sanningi, men den ulogiske vissare paa aa finna det, som synest mest hyggjelegt. For den ulogiske Tanken læt seg i Grunnen styra mest av Kjensla, brukar Tankegrunnar og Kjenslegrunnar um kvar andre, og held den Vegen for best, som fører mest endefram til Maalet, - det Maalet, som er uppsett paa Fyrehaandi. Men den, som tenkjer logiskt, ser fyrst etter, um Grunnarne er paalitelege, og so læt han Endemaalet koma som det vil.
           
Aa tenkja logiskt vil altso segja aa lata Tanken arbeida klaart og fritt etter sine eigne Logjer, søkjande dette Sanne utan alle Side-Avsyn. Logikkeren tenkjer med klaart Medvit; han veit Framgangsmaaten, han prøver sine Grunnar; og alt, som er provlagt, tek han upp som ei Innvinning, for det veit han er sannt. Men ser han, at han hev misteket seg, gjeng han helder heile Vegen upp att enn han tek ein grunnlaus Setning for god; for han veit ikkje, um ein Setning er sann fyrr Grunnarne er sunne og prøvde.