[Fraa Sogn (Brev).]

Fraa Sogn (Brev). I Sogns Lærarsamlag var Maalsaki uppe her i Sumar. Det hev voret paa Tale i fleire Aar, at ho skulde upp; men Folk hev justsom voret rædd henne. I Aar gjekk det, og det med Glans. Olav Sande heldt Innleidningsforedraget, som varde yver ein Time. Han etterviste Maaltankens historiske Rett, Maaten, Saki hadde gjenget fram paa baade her og i Utlandet, og Vouerne til, at ho kunde gjenomførast; og han sluttad med Ynskje um Framgang for Maalsaki og um eit livlegt Ordskifte. Dette heldt paa halvannan Dag, og Enden vart, at mest alle var for Saki. Dei 4, som var imot, gav seg litt etterkvart, daa dei kjende, at dei ikkje hadde nokon fast Grunn aa standa paa. Ein av dei meinte, at Saki ikkje var nokot Livsspursmaal for den norske Nationen; ein annan paastod, at Ein kann vera likso god Nordmann, um Ein ikkje vil hava norskt Maal; den tredje vilde væra Maalmann, men ikkje gjera nokot for Saki, og den fjorde meinte, at me vilde stengja oss ute fraa den dansknorske Kulturen. Det var dette gamle, som De ser, og dei dovnad av, etterkvart som det leid ut i Saki.
           
Daa me sluttad, sagde ein av dei, som hadde talat imot, at den 6te og 7de Juli hadde den same Tydning for Maalsaki i Sogn, som den 9de Juni hadde for Fridomen i Norig. Eg hev voret med paa mest alle Møti i Sogns Lærarsamlag; men aldri hev eg kjennt meg so glad der som desse Dagarne. Fyrr var det aalment, at alle knotad, no er det berre ein henda Gong. Og dei Seminaristarne, som no kjem att fraa Seminarskulen, hev likso heilt Morsmaalet sitt som daa dei reiste; dei forstend, at det er S k a m aa knota. I Skulen brukar mange Bygdemaalet, og Ein hev teket til aa bruka det paa Visitatsar. Og etter at Saki vart avgjort i Thinget, fær Ein ikkje lenger høyra ille for det, korkje av Prest elder Provst. Paa Sogndals Folkehøgskule er mest alle Maalmenn. Sogns Tidende hev ofte Stykkje paa Norskt. Av alt dette hev eg den største Grunn til aa venta ein stød og god Framgang for Saki i Sogn. Vilde so sannt berre alle, som elskar Maalet, arbeida for det med Kraft og Mod, skulde me sjaa, kor godt det skulde ganga.
           
Um Pontoppidans Forklaring vart me samde um, at ho ikkje var nokor Barnebok; ho var for tung i Innhald og Form og tok for mykje uppatt det same. Ho burde skrivast i lettare Form og ikkje pugg-lærast. Dette var alle med paa no; for eit Par Aar sidan hadde mange Lærarar haldet slikt for Kjættarskap.
           
Referatet fraa Møtet kann Ein hellest lesa i Sogns Tidende.                                
 
O. S.