["Statens Hesteutstilling for det Vestefjeldske"]

Statens Hesteutstilling for det Vestefjeldske stod paa Borgarmoen ved Stavanger den 18 Aug. Der var ialt innmeldt 180 Hestar; 150 møtte. Ialt vart utdeilt ikr. 40 Premiar til Verd fraa 80 til 15 Kr. Ingeniør Fasting fraa Bergen fekk Kongens Sølvmedalje for Grahesten Sleipner; 2den Premi fekk Rimfaxe, Frithjof og Frøy, alle fraa Fjordarne. Premiarne for Merrer fall mest til Bygderne kring Stavanger. Prisdomarar var Statsagronom Konow, Amtsdyrlækjar Holthe og Gardbrukar Gjermo.
           
Av Utstillingi i det heile saag det ut til, at Hesteavlen er i god Framgang og daa det iaar er utført Hestar baade til Danmark og England, er det Von til at han kann faa ein ny Framstøyt ved betre Priser.                            
 
- h.