Missionen og Politikken.

Det er mange i denne Tid, som driv sterkt med aa blanda Religionen ihop med Politikken. Dei verste av alle er nok Prestarne og deira Halehengjarar. Gjeng det galet med den konservative Politikken, so lyt Kristendomen fram og hjelpa; men gjeng det mindre godt paa Religionens Umraade, so er det den radikale Politikken, som fær Skuldi. Og so gjer dei alt det dei kann for aa døyva ned det politiske Livet, som no er i Sprett hjaa oss. I den Bygdi er dei altfor politiske; han hadde voret ein gild Mann, hadde han ikkje blandat seg so upp i den stygge Politikken, osfr. Og so dreg dei so sutsamt elder svivyrdeleg paa Akslerne.
           
Men samstundes er dei ofta sjølv midt upp i den stygge Politikken! Eg minnest ein Prest her ifjor; han var hellest konservativ; strakst fyre Thingvalet sagde han um ein liberal Prest paa Vestlandet: Han er vist ein dugande Mann som Prest; men han skulde ikkje blanda seg so upp i Politikken; Prestarne skulde aldri vera Storthingsmenn. Men kva hender? Den same Presten, som sagde dette, han sagde seg sidan sjølv viljug til aa taka imot Val til Thingmann, og Thingmann vart han! Der hev me heile Greida.
Det kjem berre an paa, kva Sida Ein stend paa i Politikken. Ein kann driva so mykje Politikk Ein vil, berre Ein driv den rette (rechte) Politikken.
           
Men det var um Mission og Politikk, eg skulde skriva. Høyr no daa.
           
Paa Missions-Krinsmøtet i Førde for Bergens Stift her i Sumar vart den radikale Politikk nemnd som ein av Grunnarne til, at Missionssansen ikkje hadde vakset so sterkt som han skulde paa mange Stader i Bergens Stift.
           
Radikal Politikk! Kva meinte dei med det? Det var nok ikkje den konservative; so vidt trur eg, eg kjenner dei. Det maatte vera den liberale. Her ser me. Den konservative vart ikkje nemnd; det var berre den liberale, eller, som dei segjer, den radikale, Politikken, som vart banlyst og brennemerkt som Fiende av Missionen og Guds Rike.
           
Slikt er me no altid so vel kjende med, at det skræmer oss ikkje stort; men det er likevæl leidt aa sjaa, at det skal koma fram endaa paa slike Møte, som skulde vera gjenomstrøymde av Broderkjærleik og Fred, men ikkje av den Aand, som avlar Strid og Utaalsemd millom Brødrom.
           
Trur mine kristne Brødrar verkeleg, at dei politisk konservative kann føra elder fører eit kristelegare Liv enn dei liberale?
           
Trur dei verkeleg, at ein frilyndt Politikker ikkje kann vera ein sann Missionsven?
           
Trur dei, at den liberale Politikken ikkje kann vera boren av og samd med den sanne Broderkjærleik?
           
Trur dei det, so lyt dei sannprova det. Men kann dei ikkje dette, so skal det standa elder rettare falla som laust og grunnlaust Snakk, som dei burde agta seg for aa koma med.
           
Paa Slutten dette. Kom ikkje oftare med slikt paa eit kristelegt Brodermøte! Det duger berre til aa skilja istadenfor aa samla, vekkja Mothug og Uvilje istadenfor Kjærleik. Ein maa ikkje tru, at ein batar Missionssaki paa den Maaten.
           
Eg sluttar med aa ynskja den kjære Missionen all Framgang paa Sannings- og Kjærleiksgrunnen, den einaste rette og gode.
           
Bergens Stift 20de Aug. 1880.
 
A. E.
 
Eg bed Bergensposten taka upp dette Stykket.