Likferdi hans Ole Bull.

(Brev fraa Bergen).
           
Me stod der ute paa Nordnes, syrgjeklædde, ventande paa Eimbaaten Kong Sverre, som skulde føra Liket hans Ole Bull til Bergen fraa Lysøyi. Det var godt Veder med Solskin og ei fin Havgula; Fanorna i Syrgjebunad bøygde seg helsande, Musikken tok til aa spela og Mannfjølden song Welhavens ovfagre Kvæde: Hvor sødt at favnes af Aftnens Fred, daa Kong Sverre synte seg i Kvarven. Eimbaaten seig smaatt framum Askelandet under Songen; tvo Rader med flagprydde Eimbaatar fylgde Kong Sverre inn Byfjorden. So gjekk me gjenom Strandgata og stellte oss upp, med kvart som me naadde fram, i tvo Rader, og det vardt lange, lange Rader; attanfyre stod Menner, Kvende og Born, og so Folk i alle dei opne Vindaugo. Kista hans Ole Bull var komi paa Land og sett paa Likvogni, og Ferdi gjekk no til Kyrkjegarden. I Brodden kom Bønder fraa Lysøyi med det norske Flagget; deretter Songarar og Musikkorpset; so ein Flokk med unge, svartklædde Møyar; dei bar Gullstasen, Sylvskaaler og andre Gaavor, som Ole Bull hadde ført heim fraa sine Ferder; so kom den opne Likvogni med Kista, gøymd i Blomar og sidan Syrgjeferdi. Det tok deg um Hjarterøterna aa strida fram millom desse store, stille Folkehopar, medan Musikken spelad Chopins Syrgjemars; alle Kyrkjeklokkor ljomad, og 17de Mai-Kanonorna song fraa Skansen sitt tunge Farvel i Minutskot.
           
Attmed Kyrkjegarden ligg ein høg Bakke, Foten til Fløyfjellet; den var og fyllt, i Dag som aldri fyrr, med Folk, unge og gamle, uppetter og uppetter; dei stod og saag uttyver Kyrkjegarden, og endaa det var helder langt burte, kunde dei høyra eit og annat Ordet dessmeir av Talen hans Bjørnsen, er det sagt meg. Det fagraste Uttryk fyre denne ugløymande Syrgjefest er dei Ordi, som Bjørnson sagde fyrst i Talen sin, stillt, liksom fyre seg sjølv: han var elskad, Ole Bull, det syner seg idag.
           
Det var ein storstilt, aalvorsfull Tale, han bar fram, Bjørnson, og det var Raad aa høyra det sterke, malmfulle Maalet hans; eg vonar, han saadde ut eit Fagna Fræ der paa Kyrkjegarden, og at det ikkje var i Mist han manad dei unge upp til aa giva Gaum paa Fædrelandskjærlighedens Undere, som de aabenbare sig i det Liv, som her er endt. Edvard Grieg og Skulestyrar Bendixen lagde sidan Laurbærkransar paa Kista med Takk og Farvel, Grieg fraa den norske Tonekunst, Bendixen fraa Bergens nationale Scene.
           
I Syrgjehalli paa Lysøyi hadde Stortingsmann Wollert Konow boret fram ei Helsing fraa Bygdi til den avlidne Toneskalden; eg vil freista aa umsetja eit Utdrag or denne Talen:
           
Det sankast mange Kransar ved denne Kista. Her møtast tusund Tankar i sorgfullt Minne um den store Avlidne, med Takk fyre alt det, som han hev voret fyre Fedralandet vaart, fyre Folket vaart, fyre den store Venaflokken, som rekk lika so langt som Kulturen, - han, som tok upp den rike Skatten i Folkets Morgon, - han, som bar fram aat oss alle so mangt eit underfullt Bod fraa Fagerheimen, - denne ljose, sæle Mannen med den solvarme Hugen, som straadde Gleda ut til so mange. - - -
           
Det var eit serkynt Merke hjaa Ole Bull, som meire en nokot annat synte, at han var Son av det ny Noreg, at han var Henrik Wergelands fullgode Ven, at han var skyld med det nye Andarliv, som hev vakset fram hjaa oss, etter at me vardt frie. Og dette Merke er kann henda det, som no legg seg nærast inn aat Minnet vaart just her i denne Kringen, som eg vaagar aa vera Talsmann fyre: eg meiner hans brennande Elsk til Fedralandet, hans bergfaste Tru paa Folkets Framtid og den broderlege Samhugen, som han alltid synte dei smaae og ringe. For kvar Gong me draga oss til Minnes Bilætet av denne ljose, blide Mannen, som aarvist liksom Vaarfuglen kom heimatt til oss fraa sine vide Ferder, kjenna me oss uppglødde, naar me tenkja paa, for eit Verde Fedralandet kann eiga fyre eit Menneskje, - og daa faa me ei Fyreminning um, kvat Folkehugen ein Gong vil magta hjaa oss.
           
Dette storfagre Landet, som me eiga, - no, det stend i Sumarskrud, det var Ole Bulls fyrste og det vardt hans sidste Kjærleik. Her for han i Kring som Gut. Til desse Strender lengtad han so lenge han var i Live. Her fann han ein Heim paa sine gamle Dagar. Og hit laut han faa koma no, her fekk han lata att Augo sine sidste Gongen. Med dette Landet og dette Folkelivet er Toneskaldskapen hans i uskiljande Samband. Difyre hev han slik underfull hugtakande Magt: som det gjenomlivde, men aldri uttydde, som det velkjende, men aldri tolkade, - som det, me hava drøymt um og lengtat etter, men aldri fenget Tak paa fyrr no.
           
Fraa Frægd og Ovheider ute i Heimsens store Stemnor stundad han alltid heimatt til det fatige Folket sitt, og det vardt fulla ei Attersyn i Fagnad, naar han kom! og kor hjartelege i Kjærleike var ikkje desse Møti! - So myket som han heldt av den rike stjernestraadde Fana, som blakrar yver det megtige Samfund, som han serleg i sitt Livs Ettersumar var knytt ihop til med so sterke Band, - so var og vardt do alltid den raude Duken med den blaae og kvite Krossen det næraste og kjæraste for honom. Og kor myket han kjende seg i Samband med det store Folkeyrket, som er uppe hi Sida Havet, so kunde han aldri finna seg Kvild der. Med glødande vaken Hug stundad han etter, at hans eiget fatige Folk kunde faa Lut i dei store Sigervinningar fyre Fridom, Framstig og Mannarett, - fylgde han det Arbeid, som og i vaart Land ter seg paa alle Leider, og det var den kjæraste Tanken hans aa lyfta Folket upp or Rangsyn, andeleg Trældom og Armodskap til Fridom, Sjølvstende og Lukka.
           
Han var Ven med alle. Ingen Mann var honom for ring. Givmild let han Tonarne sine strøyma ut yver den lydande Mannmugen. Hjartat hans og Handi hans var opne fyre alle.
           
Difyre var han elskad so som ingen annan. Daa me frette, at den gamle Kunstnaren laag og leid, vardt me alle hugsaare, som galdt det ein Fader, og Bodet um, at han var sloknad, fyllte oss alle med still Sorg.
           
Difyre segjer og den Kringen, som her helsar honom fyre sidste Gongen av fulle Hjarto og med djup Takk: Ærat og velsignat vere Minnet um Ole Bull!                              
 
m.