Det 4de Bud.

Ein høyrer no ofta dei klagar yver, at her er formykje Fridom i alting no: alle vil vera Herrar og ingen vil lyda. Serleg er det den simple Mannen, dei klagar yver. Han bryr seg ikkje lenger um det 4de Bud; han vert meir og meir sjølvraadig og meir og meir kaut mot sine Overmenn. Her er med andre Ord eit mindre godt Samhøve millom Over- og Undermenn no en fyrr, vert det sagt.
           
Eg trur ikkje, at dette hev seg plent soleids. Det kann væl vera, at Samhøvet millom Embættsmenn og vanlegt Folk var meir faderlegt fyrr enn no; men kjærlegare og sannare var det knapt. Tvertimot trur eg, at Folk hjaa oss aldri hev vyrdt sine Overmenn paa ein sannare Maate enn no. Fyrr viste dei Vyrdnad for dei av Rædhug, no meir av Tillit, fyrr for Standens Skuld, men no for Dugleiken. Og dette kjem av, at her er meir Upplysning. Di meir upplyste Folk vert, di meir veit dei aa setja Pris paa den sanne Dugleiken og paa Folk, som dei ser vil dei væl.
           
Men altid skal det likevæl vera Bonden og den simple Mannen, som skal høyra, at han er trassig og urimeleg og ikkje vil vita sine Plikter. Det er han, som altid hev Urett, han, som ikkje bryr seg um det 4de Bud, han, som ikkje vil høyra Sanningi. Enn um det stundom kunde henda, at andre og mistok seg i so Maate -?
           
Her er ei Soga, som synest visa det.
           
Det var eingong paa ein Ekser-Mo Sume segjer, millom oss sagt, Hr. Redaktør, at det skal ha hendt no i Sumar, men det er væl ikkje trulegt -; men det var daa ein Stiftskapellan, som var der paa Moen og var Feltprest. Millom andre Fyredrag heldt han ogso nokre um det 4de Bud. Det gjorde han klaart og greidt. Han lagde ut um baade Overmenns og Undermenns Plikter og kom daa og innpaa um det rette Samhøve millom Soldatar og Offiserar. Soldatarne høyrde paa dette og hadde ingen Ting aa segja paa det; det 4de Bud bøygde dei seg fyre. Men Offiserarne -? Dei fann, at det var altfor uhøflegt av Presten aa segja Sanningi til so store Folk som dei, - og so skreiv dei ein skarp Klage yver Presten til hans kyrkjelege Overmenn. Og dei kyrkjelege Overmenn fann vist og, at Kapellanen hadde voret for djerv, naar han vaagad aa lesa det 4de Bud for dei Herrar Offiserar, og dei baud Kapellanen reisa av ein annan Stad, utpaa Landet, millom Bønder; der kunde han lesa det 4de Bud so mykje han vilde. - - -
           
Her ender denne Soga. Ho høyrest forunderleg, men ho skal vera sann.
 
I dette Tilfellet var det altso dei Herrar Overmenn, som ikkje vilde vita sine Plikter, som ikkje vilde høyra Sanningi, som ikkje brydde seg um det 4de Bud! Og i dette fekk dei militære Overmenn Medhald av dei kyrkjelege Overmenn! - Kva skal me so tru elder segja.
 
Eg tenkte det 4de Bud var likt for alle, eg!
 
Den 19de Aug. 1880.
                                                                       
D.