[Notisar]

Kristiania, den 10de September.
           
Bjørnstjerne Bjørnson tek ein Tur til Amerika. Han vert verande der burte i Vinter.
           
Alle norske Menn vil fylgja den folkekjære Skalden med sine Tankar og gode Ynskje. I Amerika vil han finna Vener utan Tal og kveikjast ved aa sjaa sterkt Liv og frivaksne heile Menn. Heil og sæl fare han; heil og sæl kome han attende!
           
 
Novembermennerne lyt skunda seg og faa eit Blad sjølve no. Held dei seg til Fædrelandet lenger, etter at dette moderate Bladet hev godkjennt det absolute Veto baade i Grunnlog- og Bevilgningssaker, so fær dei ikke inn stort fleire Krunur fraa Folket daa. Og utan Krunur er Novemberlaget ingen Ting.
           
Det burde i Grunnen heita Krune-Samlaget. Istadenfor, at den moderne Politikken hellest hev til Grunnsetning: alt ved Folket og for Folket, so segjer Novemberlaget greidt og realistiskt: alt ved Krunur og for Kruna!
           
Den Grunnsetningen er visst nokso praktisk og, - daa visst for den, som i dette sæle Land hev Bruk for eit Embætte! - -
 
           
Kor hev det seg, at Forhøyret yver Ivar Mortenson ikkje kjem i Bladi? Blekastad-Forhøyret kom! Og tru det ikkje er Skikk og ein god, naudsynleg Skikk -, at slike Domar vert framlagde for Aalmenningen?
 
           
Militærkomiteen møter den 15de Septbr. trass i alt Vetoe. Sverdrup, Filset, Bjering, Skaar, Velde, som er med, i Komiteen og som soleids skulde faa den Naade aa vera med i den kongelege Kommissionen, heve sagt, at dei ikkje vil hava noko mæ denne aa gjera. Dei andre i Militærkomiteen er Tonning og Offiserarne Grimsgaard, Jacobsen, Gre-gersen. Dei møter vist allesaman.
 
           
Jonas Lie skal skriva Ole Bulls Liv og faa Hjelp av Son hans, Alexander.
 
           
I Staden for Fischer er Høgremannen Scavenius vorte Kyrkje-Riksraad i Danmark.
 
           
I Avganistan gjeng dæ opp og ned. For nokre Vikor sidan vann Ejub Kan yver Engelsmennerne, som miste 180 Mann og 8 Offiserar, og dei maatte daa draga seg undan dæ snøggaste dei vann til Kandahar. Gjeneral Roberts heve fengje store Lovord for Atterferdi si, ho gjekk fort og godt. Ejub sette etter, men daa so Roberts fekk fleire Mann ialt so ikring 10,000 tok han imot Fienden aa nyo og vann. Ejubs Hær som var paa meir enn 20,000 Mann, vart reint oppriven. Dæ tok paa aa spøkja for dæ nye (frilynde) Vig-Styre i England, men etter denne Sigren retter dæ seg vel att.
 
           
Storkyrkja i Køln i Tyskland, som der heve vore bygt paa i yver 600 Aar skal verta innvigd den 15de Oktbr.
 
           
Arne Kulterstad er naada etter 20 Aars Slaveri.
 
           
Av Grøda er no det meste kome i Hus (undantekje Potetorne). Dæ heve voret godt Haustver heile Lande yver. Det vert jamt godt Aar (Middelsaar eller væl so dæ): ingen Stad er dæ ovrikt, men reint ille er dæ helder ikkje nokon Stad.
           
 
I Utlande er dæ au bra, utan i Tyskland, der Regne heve øydelagt, og i some Partar av Rusland.
           
Dei meiner, at dæ skal koma seg me ymse Næringsgreiner no, daa den vigtugaste heve slegje godt til.
           
           
Han som fann opp Fyrstikkorne, Irinyi fraa Ungarn, er no daaen. Han hadde ikkje tekje Patent paa Oppfinningi si, so han fekk ingi Forteneste av henne.