[Kristiania-Maalskapen]

Kristiania-Maalskapen veks. No skal du høyra nokot, som du vel knapt vil tru.
           
Charles Arbré heiter ein Trollmann, som gjer Kunster paa Tivoli. Mykje fint Folk gjeng der og ser paa; for han gjer sumt, som er merkjelegt. Mot Slutten av kvar Forestilling syner han fram ei Rekkje med Bilæte av ymse Slag; deribland hev han i seinare Tid vist fram Portræt av kjende norske Stormenn: Bjørnson, Svedrup o. fl. At den fine Kristianiapøbelen kann hyssa og pipa aat slike Menn, - det kan berre ein Utlending som Charles Arbré undrast paa; me her heime, me kjenner Krutet. 1) Men her ein Kveld viste Arbré fram Portrætet av Ole Bull. Her skulde daa Ingen kunna harmast; her maatte alle rivast med i Eldhug og Jubel, - tenkte Charles Arbré. Men den gode Tyskaren kjenner ikkje Kristiania Publikum. Daa Ole Bull, denne Norigs frægaste Son fraa ei hugvarm Tid, den nationale Kunstnaren, som hev vunnet sitt Land meir Æra enn nokon annan, og som hev elskat sitt Land yver alt gjenom sitt lange, straalande Liv, - daa Ole Bull, som just no er faren fraa oss, som knapt enno er kald i si Grav, - daa hans Bilæte viste seg paa den gjenomlyste Duken, daa tok Kristianiapøbelen til - aa hyssa.
           
Det er Skam aa fortelja det; men dei tok til aa hyssa.
           
Det var naturlegvis eit Faatal. Men det var meir enn mange nok. Og det var fin Pøbel. Den raae Pøbelen kunde aldri gjera slikt.
           
Det er ei evig Skam for Kristiania, at det ikkje leet seg repræsentera ved Likferdi hans Ole Bull. Men sitja 8 Dagar etter i eit Teater og hyssa vaar største og mest folkekjære Kunstmann ut -! det er slik, at Ein kunde tru, Kristiania laag paa Honolulu.
           
- Kva vondt hadde daa Ole Bull gjort? spyrr du. Ole Bull hev ikkje gjort annat enn godt, det me veit. Men han var kjend for aa vera Republikanar, reinflaggad norsk, til Botnen frilynd; - skulde det vera det -?
 
1) Ein Kveld sidan vart Statsminister Stang framvist; daa kom det ein Mot-Demonstration. Naar dei kann pipa ut Menn som Bjørnson og Sverdrup, so skal dei faa det att! vart det sagt.