[I Bergen]

I Bergen kjem det ut nokot, som heiter Bergens Aftenblad. Det er Centrumsblad, d. v. s. Høgreblad med Forhindringar; det gjeng med Høgre, men skjeglar til Vinstre, konkluderar i Aust, men resonerar baade i Aust og Vest. So hev det daa voret. Det hev skjenkt sine Lesarar eit politisk Mjølkeblande mest likso tunnt og vasset som det, Kristiania Aftenblad, tappar ut til sine Lesarar. Men no kann det henda det vert paa ein annan Maate. Det hev fenget ein ny Redaktør, som er Premierløytnant og heiter Sauerzapff, og daa er det rimelegt, at Bladet vert nokot stramare i Smaken. Me tykkjest iallfall merkja nokot slikt i dei siste Numeri. Kanhenda fær me Myseblande heretter istadenfor Mjølkeblande, Mars til Høgre med Sabelklirring istadenfor halvt til Vinstre paa Sokkeleistar. Godt! Variato delectat, - det gjer godt aa faa skifta.
           
Premierløytnant R. Sauerzapff skriv naturlegvis um Militær komiteen. Og han skriv som ein Mann. Han skriv so myndigt og so sterkt, at Her-Nemndi, som hellest ikkje hev vist seg blaut, vist no vil tapa Modet og reisa heimatt.
           
Hr. Premierløytnant R. Sauerzapff nedlegg nemlig ingenting mindre enn eit nytt absolut Veto mot den stakkars Her-Nemndi. Han uttalar med sterk Sabelklirr, at kun et yderlig lidet Antal af Armeens Officerer kan være med paa at modtage en ny Arme, selv om den maatte have Spirer i sig for en rask og sund Udvikling, dersom denne Armeen skal koma istand paa den Maaten som Storthinget vil. Altso: Her-Nemndi kann skapa so god ein Her som ho vil: dei høge Herrar Offiserar vil ikkje modtage ein Her av den.
           
So kann det lite nytta. Det er greidt, at Heren ikkje er til for aa verja Landet, men for aa skaffa Livebraud til Offiserarne, og vil so ikkje Offiserarne hava Heren, so -.
           
Me trudde fyrr, at Landet heldt Offiserar for at dei skulde tena Landsforsvaret. Men me hev teket imist, Offiserararne hev Ingenting med Landsforsvaret; det einaste dei hev aa gjera, det er hjelpa Stangs Regjering i aa driva politikk. Berre av Stangs Regjering vil dei modtage ein Arme; ordnar Storthinget Herstellet, so segjer dei absolut Veto. Tek ikkje imot! Politikken framfor alt! Med Landsforsvaret fær det gaa kom det kann og vil.
           
Av Storthinget vil dei høge Herrar Ingenting hava utan Løni. Folket skal betala, og betala godt; men Pengarne vil dei bruka til aa hjelpa Stangs Styre i Kampen mot Folket.
           
Naa ja! Det er vel slikt, Folket er skapt til. Kva skulde Ein hellest hava eit Folk til, naar det ikkje var for at høge Herrar kunde liva av det, og liva godt, og sidan gjera som dei vilde?
           
- Jau, den N. Sauerzapff forstend Tingen. Det er vist mange Offiserar, som tenkjer som han; men det er faa, som vilde segja det so beintfram og so offentlegt.
           
No stend Storthinget der. Bergens Aftenblad har sagt absolut Veto. Punktum og Slutt!