["Verdens Gang"]

Verdens Gang hev sagt, at det ikkje er loglegt aa kommandera Soldatar til Pudsing utanfor Eksertidi. Kor kann daa dei Herrar Offiserar - so som net skal ha hent bl. a. ved Stavangers Bataljon kommandera Folk i Vikevis til Ty- og Vaapenpudsing og til aa gjera Parade for Arme-Intendanten og andre Stormenn utanfor den vanlege Eksertidi?
           
Det er sagt av Militære, at Eksersamlingarne høyrde med til Folkeuppfostringi, ja kunde setjast jamt med Folkehøgskular. Tanken er gild, men skal han koma i Verk maa der nok meir av baade Moral og Folkelegheit inn i det Stellet.
           
Skal eit Folk reisast, maa det læra aa agta seg sjølv, og det same gjeld kvar einskild Mann i Folket. Men ingen Mann lærer Sjøvvyrdnad hell nokot annat godt av aa verta utskjellt for Bonde-Svin, Satan og meir slikt, som stundom er so raatt, at det er Skam aa herma. Naar Soldaten skal høyra slikt av dannede Folk, av Autoritetar, som hev Rett til aa krevja ubetinget Agtelse og Lydighed af sine Undergivne men ja, lærer han nokot av det, so er det ikkje nokot godt.
           
Det skulde daa vera, at han vart so harm av slik Medferd, at han reiste seg sjølv og kravde sin Rett. Men for det meste kjenner ikkje Soldaten sin Rett heilt ut og hev sjeldan Mot til aa halda Retten sin uppe helder.
           
Under Rekrutskulen paa Madlamoen ved Stavanger brukad ein Løytnant Sabelen paa ein Soldat i Geledet. Soldaten klagad; - men Kapteinen talde so lengje for honom, at Fyren som var godsleg og visste litet - tok Klagen tilbake!