Utanfor Live.

[Del 3 av 5. Fyrste delen.]
 
(Den Spitelske fraa Aosta av Grev Xavier de Maistre).
 
(Framhald).
 
Hermanen: Ein kunde tru, Vaarherre gledde seg i aa sorgsprengje den einaste stuslege Fagnaden, han hadde leivt aat Dykk!
           
Sjukingen. Eg var daa iminste ikkje eismall. Denne Avkroken min vart meir livleg, av di ho var her. Eg høyrde hennar Stig gjenom den tunge Stilla. I Daglysningi, naar eg kom her ned under Trei for aa beda til Gud, opna Taarnporten seg sakte, og eg høyrde Syster mi beda med meg. Naar eg vatna Hagen min um Kvelden, dreiv ho stundimillom att og fram her paa denne Staden, der eg no talar med Dykk, og eg saag Skuggen hennar sviva att og fram yver Blomarne mine. Endaa um eg ikkje saag ho, fann eg allstad Merke etter der ho hadde vore. Men no hender det aldri, at eg paa Vegen finn ein sundriven Blom hell ein Kvist, ho hev sleppt ned etter Vegen sin; eg er aaleine; det finst ikkje Liv meir ikring meg; og Stigen, som fører til dei Runnanne, ho lika best, er snart attgrodd med Ugras. Det saag ikkje ut til, at ho brydde seg stort med meg; men ho tenkte likevæl allstødt paa, kva som kunde hyggje meg. Naar eg kom inn paa Rome mitt, hadde eg stundom den Gleda aa finne Glas fyllte med nye Blomar, hell eikor fager Frugt, ho sjølv hadde avla. Eg vaaga ikkje aa gjera henne Like for dette; ja eg hadde endaa bede henne, at ho ikkje skulde gange inn i Rome mitt; men kven kann setja Grense for Systerkjærleiken? Ein einaste Ting kann gjeva Dykk ei Minning um, kor ho heldt av meg. Eg gjekk ei Nott og dreiv att og fram i Rome mitt med lange Stig; Verken var reint gruseleg hard. Midnotts Bil sette eg meg ned eit Grand for aa kvile; daa høyrde eg noko, som smaatusla utanfor Døri mi; eg gjekk burtaat og lydde, og De kann tru eg vart forundra: det var Syster mi, som laag for Dørstokken min og bad til Vaarherre for meg. Ho hadde høyrt, kor eg jamra meg; uroa meg vilde ho ikkje gjera, men ho kom til Døri for aa vera nære, um det trengdest Hjelp. Eg høyrde kor ho bad Miserere 1) med laagt Mæle. Eg la meg paa Kne attmed Døri og fylgde Ordi med Tanken, utan aa uroa henne. Augo mine vart fulle av Graat; og kven kunde anna enn kløkkjast ved slik Kjærleik? Daa eg trudde, ho hadde endt Bøni, sae eg med laagt Mæle: Farvæl, Syster, farvæl! gakk inn att, eg tykkjer eg er betre. Gud velsigne deg og løne deg for ditt gode Hjartelag! Ho drog seg stilt inn att, og Bøni hennar vart utan Tvil høyrd; for eg fekk endeleg sova rolegt nokre Timar.
           
H. Det maa ha vore tungt aa misse ei slik Syster, - og serleg vondt i den fyrste Tidi.
           
S. Eg gjekk lengje etter som i ei Ørske, so eg ikkje rett sansa kor stor Ulykka var. Men daa
eg endeleg vart meg sjølv att, daa var det so eg trudde eg skulde misse Vite. Denne Tidi vil vera dobbelt myrk for meg; for ho minner meg um den verste Ulykka mi og um dei Forbroti, som so nær hadde fylgt etter.
           
H. Forbrot? Det kunde ikkje De gjera.
           
S. Det er berre altfor sannt, og naar eg fortel Dykk dette Tidskifte i Live mitt, so forstend eg væl, at De vil vyrde meg mykje mindre sia. Men eg vil ikkje gjera meg betre enn eg er, og kanhende De vil ynke meg, attaat De fordømer meg. Alt fyrr, naar den tunge Hugen tok meg, kom Tanken um aa gjera ein friviljug Ende paa dette Live upp i meg; men Gudstrui hadde allstødt halde meg tilbake. Daa kom det eit lite og som det kann synast uvigtigt Hende og var aat aa øydeleggje meg for æveleg Tid. Eg skulde røyne ei ny Sorg. Det var ein liten Hund, som i fleire Aar heldt seg hjaa oss; Syster mi hadde vore so glad i han, og eg vedgjeng, at daa ho ikkje var meir, var dette stakkars Dyre reint ei Trøyst for meg.
           
Hunden var stygg, og det var væl det, som gjorde, at han søkte eit Gøymsle hjaa oss. Han var vraka av heile Verdi, men var endaa ein Skatt i Huse hjaa ein Spitelsk. Liksom til Takk for den Vælgjerning, Gud hadde gjort oss ved aa unne oss denne Vennen, hadde Syster mi kalla Hunden Mirakel, og dette Namne, som stod i slik Motsetning til Styggleiken hans, og so det, at han allstødt var so kvat og kvik, gjorde, at han ofte fekk oss til aa gløyme all Suti vaar. Han slapp ut stundom, endaa eg prøvde aa hindre det; men eg hadde aldri tenkt, det kunde ska nokon. Likevæl vart nokre Byfolk støkkte og trudde han kunde bera med seg Fræ til Sjukdomen min ut millom dei, og dei tok seg fyre aa klaga til Kommandanten. Denne baud dei aa drepa Hunden paa Flekken. Soldatar i Lag med nokre Byfolk kom strakst til mig for aa utføre det hjartelause Bode. Dei slog eit Reip um Halsen paa Hunden, mea eg stod og saag paa, og drog avstad med han. Daa han var komen til Hagegrindi, kunde eg ikkje halda meg for aa sjaa etter han endaa ein Gong; eg saag han vende Augo mot meg, bedande um ei Hjelp, som eg ikkje kunde gjeva. Dei vilde drukne han i Elvi; men Folkehopen, som venta paa han utanfyre, steina han. Eg høyrde kor han ylde, og eg gjekk inn i Taarne mitt att meir daud enn livande. Knei mine skalv, so dei knapt kunde bera meg; eg slengde meg paa Sengji i eit Tilstand, som ikkje er segjande. Hugsprengd og harm som eg var, kunde eg ikkje sjaa anna i dette rettvise men strenge Bode enn hjartelaus og unyttig Villmannskap; og alt um eg no skjemnest av den Kjensla, som daa hadde Magti i meg, kann eglikevæl ikkje tenkje paa det med kaldt Blod enno. Eg var heile Dagen i djup og heit Uppøsing. Den var den siste livande Skapningen, dei tok ifraa meg og denne nye Støyten reip upp att alle mine Hjartesaar.
           
Slik var det med meg, daa eg same Dagen ved Soleglad sette meg paa den same Steinen, De no sit paa. Der sat eg ei Stund og tenkte paa min tunge Lagnad; daa saag eg eit ungt Parfolk der nede ved dei tvo Bjørkenne, der Tregarden sluttar. Dei var nyst vigde og kom frametter Stigen tvert yver Sletta; dei gjekk nær framum meg. Den himmelske Ro, som den visse Lykka gjev, laag yver Andliti deira; dei rusla sakteleg fram, Arm i Arm. Med ein Gong saag eg, dei stansa; den unge Kvinna lae Hovude innaat Bringa hans, og han drog henne gledetryllt inn til seg. Eg kjende Hjarta mitt brotne. Skal eg segja det? Ovundi stal seg for fyrste Gong inn i Hjarta mitt; aldri hadde eg set eit so hugtakande Bilæte av Lykke. Eg fylgde dei med Augo til Enden av Sletta og heldt paa aa sleppe dei av Syne; daa høyrdest det Helsingar og Fagnadrop; det var Skyldfolke deira, som kom for aa møte dei. Graahærde Gamlingar, Kvinnur og Smaaborn kringsette dei; eg høyrde det glade Staake, eg saag millom Trei dei lysande Farganne av Klædi deira, og heile Flokken tottest meg sveipt i ei Sky av Sæla. Eg kunde ikkje halde ut aa sjaa paa dette; Helvites Eld brann i meg; eg vende Augo ifraa og rusa inn paa Rome mitt. Aa Gud, kor det tottest meg audt, skomt, avskræmelegt! Her er det altso, sa eg til meg sjølv, at du skal sitja i all di Tid; her er det du skal vente paa, at dine jammerlege Dagar tek sin seine Ende. Den Evige hev aust ut Lykke i Straumar til alt, som andar; men eg, eg eg aaleine, er utan Hjelp, utan Vener, utan Make . . . For ein grysjeleg Lagnad!                     
 
( Meir.)
 
1) Miskunne deg, Herre!