[Reine Ord.]

Reine Ord. Fædrelandet, som i seinare Tider meir og meir hev vortet ein Husmann under Morgenbladet, skriv den 27de August i ein Redaktionsartikkel um Storthingets Militærkomité:
 
Enhver Bevilling trænger kongelig Stadfæstelse for at kunne træde i Kraft.
           
Det vil segja: Bevillingsretten er ikkje hjaa Storthinget.
           
Artikkelen er uppatttrykt i Mgbl. utan Tilmerknad, altso godkjennt.
           
Undrast paa, kva det gode gamle Bondeparti vil segja til dette! Chr. Fougner t. D., den gamle moderate Gardbrukaren, som aldri har vidst andet end at Stortinget har den bevilgende Myndighed helt og rent -? Og Bønderne hellest? og kvar einaste norsk Mann, som til denne Dag hev trutt, at Norig var eit av dei friaste Land i Verdi?
           
No hev me dei gode grunnlogverjande Høgre-og Novembermenn! Reine Ord er ein god Ting. Dei radikale Bladi tarv ikkje lenger fortelja Folk, kva Høgrepolitikken hev i Posen sin; dei Herrar av Høgre fortel det sjølv. Det er Veto og Veto paa alle Kantar, - Reip etter Reip ikring Norigs unge Fridom!