[Lungetæring.]

Lungetæring. Av ei uvist utkomi dansk Bok Lungesvindsottens Aarsager, Udbredelse og hygieniske Behandling af Jul. Lehman, Dr. med., Kjøbenhavn, Lebmann & Stage. 106 S. 8vo, ser me, at der er fleire Tæringsjuke i Kristiania enn i London. Ellest er det Byar, som er verre enn Kristiania og i det Stykket, soleids Wien, der det aarleg døyr av Tæring 6 5 av kvart Tusund Menneskjur, New York 5 3, Brussel 5 0, Stockholm 4 0, Paris 4 4, Glasgow 4 0, Berlin 3 7, Göteborg 3 5, Kristiania 3 4. Betre enn Kristiania stend: Kaupenhamn 3 3, Liverpool 3 2, Aalborg 3 1, Edinburg 3 0, Horsens 2 9, Turin 2 7, Amsterdam, Randers og Aarhus 2 6, Genf 2 4, London 2 4, Odessa 2 0. London stend i dette Stykke jamvel høgre enn heile England. I Wien kjem Lungetæringi mykje av den fine og skarpe Dufti av den Sandsteinen, som finnst i Jordi der. I München, der det og er mykje Tæring, kjem Sjukdomen av Kalkdufti fraa Jordgrunnen. I Glasgow arbeider 1/ 3 av Folkemengdi i Bomullsverki, og Byen er derattaat ein ureinsleg By. Paa Landet i Norig er det mest Lungetæring i Kristianssands Stift, alraverst i Lyngdals Lækjardistrikt, betre i dei austlegare meir frjovsame og dei vestlegare, meir fiskerike Landskap. I Sverige er Tæringsjukdomen verst i Gefle Län, Södermanlands Län og Nordbottens Län; i Vester-Norrlands og Jamtlands Län er derimot litet av denne Sjukdomen. I Norköping (Fabrikby) døyr for kvart Tusund Menneskjur av Lungetæring: 4 2, Malmö 2 6. Paa Island er det litet Lungetæring. Bland dei Islendingar, som kjem til Kaupenhamn, fær derimot ikkje so reint faae Tæring, og i det heile er alle Stader dei Innflytte meir utsette for Tæring enn dei Innfødde.