[Fraa ei Reise i Noreg]

Fraa ei Reise i Noreg skriv ein Svenske i G. H. S. T. - - Ved Bryggja paa Eidsvoll laag Kong Oskar og venta. Snart var me ute paa den spegelblanke Mjøsi. Norsk Vennesæld mot dei reisande fraa Broderlandet var der her som andre Stader. - - Dei tala like ut om den underlege Styregjerdi aat Kongen, som hadde gjeve fraa seg eit heilt Fanga av Popularitet og gjeve dæ aat Sverdrup. Dæ var, totte dei, i alt Ærbøde, mest alt for høviskt. Dei visste au, at Kongen væl visste av dæ Offer han dermæ gav sine loglege Raadgjevarar, daa han etter Avgjerdi for fraa Kristiania i dekkt Vogn. Dæ hadde han ikkje turvt, meinte dei, om han hadde kjent Folke. - -
           
Om Stortingsavgjerdi, at Grunnlogsendringi skulde vera Log, vilde dei ikkje segja noko, men den nye Logparagrafen kjem no inn i den Utgaava av Grunnlogi, som er i Trykking, og som Prof. jur. Brandt, ein av Norigs fremste Loglærde, gjev ut. Om denne Professoren fortalde dei ellest ei Rispe. Dei hadde spurt honom om dæ absolute Vetoe, og han svara, at han kunde ikkje svara noko paa dæ han hadde ikkje tenkt yver Tingen. Hos kann dæ vera mogelegt? du er daa Professor i Logkunna? Brandt svara: Ja, men eg heve ikkje kunna tenkja meg, at nokon skulde vera so galen aa sjaa aa faa gjort ein slik Rett gjeldande i Praksis.
           
Kring ein halv Times Veg fraa Veslehamar kløyver Landevegen seg i tvo Greiner. Den eine gjeng rett fram upp igjenom den vidkjende Gudbrandsdalen, den andre bøygjer av til vinstre ned til Strondi av Logen, og fraa denne opp i Gausdal. Dæ blaae Vatne i Logen renn ved Foten av den høge Bergaasen med jamn og sterk Fart, som om Vaaren eller etter mykje Regn vert heilt rivande og vilde brjota ned alle Demmor, om nokon vilde finna paa den Faafengdi aa freista faa Elvi til aa lata vera aa gaa för fort. Dæ er, kann ein segja, eit Bilæte av dæ norske Folke.
           
Naar ein kjem inn i Gausdal, ser ein Dalen mot Solsida tet bygd av Bondegardar. Paa Motsida er dæ Skog, og fram or denne titter dæ ei og onnor Husmanns-Stove, mæ ein liten Lepp av Aaker og Eng. Fraa Gardarne er dæ stort og vænt Utsyn yver Dalen.     
           
Ein av desse Gardarne er Aulestad, som er vorten historisk kjend mæ di at Skalden Bjørnstjerne Bjørnson for nokre Aar sidan kaupte honom; han bur der enno og lever eit friskt og styrkjande Bondeliv. Til den gjestfire Heimen hans, der Literaturen og Kunsti au bur, kjem dæ i heile Somartidi eit Stortal mæ Gjester, Mannfolk og Kvinnfolk, fraa Norig, Sverig, Danmark. Kann henda, kjem mange av Nyfikna, men naar dei segja Farvel, so er dei undrande Vener.
           
Paa Garden til Bjørnson, eit Stykkje opp fraa bustaden hans, heve Skalden Kristofer Janson bygt seg eit stort fint Hus, mæ Stabbur i nordisk Stil. Paa den andre Sida av Janson heve Christopher Bruun nyleg kaupt ein liten Gard, der han heve set seg opp eit Hus, som han nyleg heve flutt inn i. Ved Lag ein halv Fjordung fraa Aulestad bur Frits Hansen. Midt imillom ligg paa ei høgd Folkehøgskulen, Christopher Bruun heve fenge i Stand, og som han enno er Styraren av.
           
Her bur soleids i ein Krins 4 Menner som stend langt framme i Norigs Aandsliv, og som altid vil verta nemde i Soga om dette Aandslive. Dæ er leidt at ulike Meiningar om gudelege og politiske Ting heve gjort ein Skilnad millom deim, som heve strekt seg so langt som til dæ personlege Omgjenge deira. Her standa Bjørnson og Janson paa den eine, Bruun og Hansen paa den andre Sida; dei siste arbeida mest inn om Folkehøgskulen, dit dei fyrste ikkje meir kjem, endaa den VyrdnaenBruun heve, og gjerne talar om at han heve, for sin Ven Skalden Bjørnson. Men Bjørnsons Fraafall var Bruun for sterkt, dæ Fraafalle, daa Bjørnson kasta burt den Grundtvigske Elias-Kaapa, som laag framfyre Føterne hans og tok paa aa koma openljost fram med dei friare Meiningarne i dæ gudelege, som han so smaat var komen til ved nokre Aars Lesing og Tenking i dæ stille Vinterlive sitt paa Aulestad. Bruun er au liksom Grundtvig ein Ven av ei sterk Kongemagt faae Kongar vilde vel ellest hava Hug til aa gjeva etter dei strenge Kravi, han legger paa deim derimot er Bjørnson av gamalt Republikanar liksom Fyregangsmannen hans, Vergeland, alt var.
           
Men Kristofer Janson stend utanfor Politiken, Stridi i den er framand for dæ blide Lynne hans. Hans Venskap mæ Bjørnson kan faa honom til ei Stund stillt aa høyra paa, men han gjeng so snart han kann, naar den politiske Røda tek paa aa ganga for høgt. Men so er Janson Maalsmannen for dæ norske Maalstræve. - - Han heve nyst kome att Ende fraa ei Vitjing i Amerika der han i eit Aar heldt kring om 80 aalmenne Talar og hadde med seg heim baade Ære og Gull og kjære Minne. Kann henda kjem han til at fara deryver att med den store Huslyden sin og setja Bu der. Han kjem daa ikkje til framande, for mange tusend av Norigs Born bu alt i Minnesota og Illinois Lande, og Tale deira aukar jamnt. For dæ er so, at dæ i Norig liksom i Sverige i Aar reiser mange fleire yver en fyrr. Dæ er mest Husmennerne, som fer av Stad, so snart dei kann faa Pengar til di. Dei søkja i Amerika dei visse Heimarne, som Fedralande ikkje vil eller ikkje kann gjeva deim.