[Det ser ut til]

Det ser ut til, at Stangs Styre svært gjerne vil hava eit Ord med i Laget i Herordningssaki. Iallfall hev det, som me veit, gjort eit svært Spræl for aa faa inn 3 av sine eigne i Militærkomiteen.
           
Er ikkje dette eit Vitnemaal um at Regjeringi sjølv kjenner, kor Magti glid henne ut or Henderne, og eit Vitnemaal um, at ho sjølv i sine løynlege Tankar forstend, at ho burde inn i Tinget, og at ho maa inn der, um ho vil vinna si Magt tilbake?
           
- Regjeringi vinn ingen Ting med sine Kunster i Hernemndsaki. Vil ho vinna nokon Ting, vil ho faa eit Ord med i Laget, naar Herlogi skal avgjerast, - so hev ho ingen annan Ting aa gjera enn aa nytta den Retten, som ho fekk ved Grunnlogavgjerdi av 17de Marts d. A. ingen annan Ting aa gjera enn aa stiga inn i Thinget og vera med i Forhandlingarne der. Det bør ho prøva!
           
 
Det maa vera vondt aa vera Konge, naar Ein hev eit Raad som Stangs.
           
Den høge Majestæten vert driven upp i det eine verre enn det andre. Det var vondt, daa Stangs Styre i Vaar fekk Kongen til aa segja Nei til Statsraadssaki; for det førde til den Hugmykjing for Kongemagti, at Thinget leet alle høflege Hensyn fara og sagde ende ut: Dei høge Herrar fær hugsa, at kjem det til Aalvor, so treng me ingen Sanktion! Men endaa verre er det no med denne Hernemnd-Saki.
           
Der fær Stangs Styre Kongen til aa befale, at so og so skal det vera, - og so viser det seg, at denne kongelege Vilje og Befaling vert ikkje vyrd for nokon Ting!
           
Den eine etter den andre av dei, som fekk Befalingi, sender henne attende og segjer som so: Me kann ikkje fylgja Bodet, daa me hev eit annat Paalegg paa oss fraa fyrr!
           
Ein verre Ting enn dette kunde aldri henda ei Kongemagt. Kongemagti, som skal og maa vera den øvste Autoritet, Kongemagti, som ikkje toler so mykje som eit kritiserande Ord, - denne øvste heilage Autoriteten toler endaa mindre slikt som aa faa eit Nei Takk til Svar paa ei Befaling. Og dette hev Stangs Styre ført Kongemagti uppi berre ved sitt eiget jammerlege Stuttsyn. Hadde Stangs Styre havt Statsmannsvit, hadde det kjennt sine Folk, hadde det kjennt Situationen, - aldri i Verdi hadde det ført Kongemagti upp i dette. -
           
Kann Kong Oskar II enno hava Tillit til Stangs Regjering, so lyt me segja som skrivet stend, at det er ikkje ofta aa finna so sterk ei Tru i Israel.