Rispor.

Ein Mann skulde hava fyrste Son sin til Daapen og samraadde seg med Kona si um, kva Guten skulde heita. Dei vart no snart samde um at han skulde heita Hans; men Mannen meinte, at ein so væn Gut laut hava tvo Namn, og Kona fann daa, at det var best dei kallad han Marinius etter Bestemoeri, Mari. Naa ja, Hans Marinius var eit gildt Namn, det kunde Ingen negta; men Mannen undrast likevæl paa, um han ikkje skulde kunna finna eit, som var endaa gildare. Han grunda paa dette i mange Dagar, og endeleg ein Morgon, som han sat og las i eit Avisblad, fekk han ein lysande Tanke: Guten skulde heita Hans Majestæt.
           
           
Ei fin Adelsfrua skjellte paa Tenestegjenta si; Gjenta Stakkar forsvarad seg so godt ho kunde og meinte det var snart gjort aa mistaka seg: me er alle Adams Born, sa ho. Du innbiller deg væl ikkje, at eg og du er komne fraa den same Adam? spurde Frua. Jau, Gjenta visste ikkje betre, ho; ho hadde endaa set noko slikt paa Prent. Nei, meinte Frua, den Adam, du er ifraa, det var berre Husmann hjaa den Adam, som er min fyrste Ættfar!
 
           
Dei reisande: knytter der sig noget Sagn til dette Bjerg. Skjotskaren: Ja dæ gjekk tvo Kjærastfolk opp her ein Gong og kom aldri meir at Ende. Hvor blev de da af? Dei gjekk ned att paa den andre Sida.
 
           
Ein Matros kom inn i ei Bud og vilde hava ein Sigar. Skal han vera til 2 eller 3? Nei eg skal røykja han aaleine.