[Paa Graatenmoen]

Paa Graatenmoen skal det i fleire Aar ha voret ymist Ustell. I Aar var det nok ikkje betre. Millom dei Ting, som vekkte Misnøgje bland Soldatarne, vert nemnt Matstellet og Innkvarteringi. Maten vart stellt paa ein slik Maate, at han rauk full av altslags Bos og var lite fyseleg; Tjeldi hadde fraa fyrstunde berre Jordgolv med litt Halm yver til aa liggja i, og der skulde daa dei arme Gutarne sova og vera, baade i godt og vondt Ver, ja um Golvet stod som i Flaum, som stundom skal ha hendt. Sidan vart det lagt Fjøler ovanpaa Marki under Halmen; - Hjelpi var vel ikkje stor. Slike Ting kunde just ikkje setja Folk i Godlag, og so kom det andre Ugreidur til.
           
Etter ein Innsendar i Dagbl. var det 4 Kompani, som ekserad paa Moen. Av desse hadde dei 3 fyrste berre snilde og greide Offiserar, so der gjekk det etter Maaten godt; 4de Kompani derimot hadde baae Slagi. Kapteinen der heitte Løvenskjold; det var han, som førde den store Kampen med Sabel og Stige mot Præsident Sverdrups Potræt; hellest skulde det og vera ein nokso rimeleg Kar. Men Premierløytnant Aas var den som nok var Skuld i det meste av Ugreidurne paa Moen.
           
Løytnant Aas var ein raa, ugodsleg Kar. Han dreiv Soldatarne sine som Øykjer i den fæle Vermen, til dess dei stupad i Bakken, er det sagt. Og gjorde dei aldri so lite galet, elder vardt dei so trøytte, at dei ikkje kunde fylgja med, so svor han og glefste og bannad paa dei som ein Villtyrk. Din Satan! Din Dævel! Dit Naut! Din Tosk! o. s. fr. alt i eit. Ein Gong var han enda so uvyrden, at han treiv ein trøytt Syndar av ein Soldat i Øyra, drog honom upp etter Øyresnippen og slengde honom hovudstup i Bakken 1) . Slik Aatferd, som baade var ulogleg og umenneskeleg, kunde ikkje annat enn eggja Soldaten upp. Dertil kom, at det gjekk eit Ord millom Soldatarne um, at dei ikkje fekk den Maten, dei skulde hava; ein Furer skulde hava den Skikken aa selja sumt av Suvlet til ein Restauratør og stikka Pengarne i si eigi Lumme. Ingen Ting kann eggja Folk meir enn slikt.
           
Ivar Mortenson ekserad i 3die Kompani. Han hadde skikkelige Overmenn og var sjølv ein
flink og lydig Soldat. Han er som mange av Lesararne vaare vil vita ein framifraa godsleg og hyggjeleg Kar; alle likad honom. Det einaste, som Kapteinen hans kunde segja paa honom, var, at han brukad Telemaal, naar han instruerad (underviste) Soldatarne for han var Halvtropsjef -; men han brukad ikkje Telemaalet til Komando-Maal, som rimeligt kunde vera; berre ein Gong forsaag han seg i det Stykket, men rettad seg strakst, daa Løytnanten sagde fraa um det. Men mange av dei Uting, som han saag og høyrde paa Moen, helst fraa 4de Kompani, eggjad honom upp; han totte slikt var uliklegt og ufyselegt, og han meinte, at Soldatarne ikkje burde finna seg i det, daa det baade var umoralskt og uloglegt. Dette gjorde at han kom upp i Uføra: Guten hadde Hjartelag, moralsk Sans og Pligt- Kjensla.
           
Daa det stod seg som verst i 4de Kompani, fortel Hr y i Dagbl., skreiv Mortenson etter Samraad med fleire i det Kompaniet ei Uppmaning til Løytnant Aas ( ikkje nokon Klage) og bad honom vera nokot meir rimeleg og serleg ikkje bruka alle desse stygge Fantordi mot sine Undermenn. Dette Brevet tok han so med seg burt-til 4de Kompani og las det upp for aa faa det godkjennt. Og deretter sende han Brevet inn til Løytnanten. Dette meinte baade han og dei andre var plent etter Reglementet, og dertil i seg sjølv ein god Gjerning. Dessutan hadde Mortenson skrivet eit Par Brev um Graatenmo-Eksisen og var ærleg og uvarleg nok til aa vedkjenna seg, at han var Forfattaren.
           
Mortensons store Synd var altso for det fyrste den, at han hadde sam-raadt seg med andre Soldatar um Ting, som kunde vekkja Missnøgje; det var Upprør, det meinte Generalen ialfall; og for det andre den, at han hadde skrivet nei, at han hadde vedkjennt seg aa ha skrivet eit Brev elder tvo i eit Blad med Kritikk av Tilstand og Tilburder paa Moen. Daa General Wergeland 2) kom, vart det Krigs-forhør, og ved Mynstringi heldt Generalen ein Tale, som i mange Maatar er morosam og ikkje altfor klok. Um Mat-Suvlet forklarad Generalen, at det ikkje var so ille som Ordet gjekk; det var ikkje etande Feitt, som Fureren hadde selt. Um det som Mortenson hadde skrivet i Brevet, at Soldatarne ved ein Gudstenest fyrst hadde fenget Lov av ein Kaptein til aa setja seg ned, og at so sidan dei, som hadde sett seg, fekk Skrubb for dette av ein annan Kaptein, gav Generalen den Forklaring, at naar gamle Kapteinar kunde orka aa staa, so kunde Mortenson med; um Løytnant Aas sagde Hr. O. O. Wergeland, at det var no ikkje just rett aa skjella Folk ut og bruka sterke Uttrykk (banna) paa dei; men han var stød paa, at Mannen kvar Gong hadde tregat det saart etterpaa, og det var dessutan so menneskelegt aa mistaka seg.
           
Dagen etter vart Mortenson og tvo andre førde under Arrest til Kristianssand. Fleire andre av dei, som hadde voret med paa Brevet, leet seg i siste Stundi skræma til aa svikta, og det vart daa berre desse tri, som kom i Naudi. Mortenson hadde viljat hjelpa Kammeratarne sine til deira Rett; no fekk han Løni paa Norskt. Det er fortalt, at ein Kaptein kom burt-til Mortenson paa Bryggja, daa han skulde umbord, og sagde nokot til honom um, at dersom han berre vilde beda Generalen um Forlatelse, so visste han, at han slapp; - dei gode Herrarne hadde nok alt fenget si Kjenning av, at dei ikkje hadde faret so klokt aat i denne Saki som dei burde. Men Mortenson svarad paa sin Maate: Nei, eg hev tenkt aa taka ein Tur til Kristianssand lell, eg, og so reiser eg likso godt no, for so reiser eg fritt!
           
Dei kom til Kristianssand; Krigsrett vart sett og Dom fellt i slik ein Fart, at Folk hev gjort seg mange Slags Tankar um det. Ved Krigsretten fær den Instemnde ingen Sakførar; Retten sjølv vert sett for Tilfellet, og det segjer seg daa sjølv, at han vert sett med paalitelege Folk. Kor mange Vitne som er avhøyrde i denne Saki veit me ikkje, svært mange kann det ikkje vera. Men kva trengde dei Herrar til Vitnemaal? - Domen vart fellt, og Domen var so streng, at Ein kunde tru Ivar Mortenson maatte vera ein Berserk og ein Upprørar reint 3) . Han vart dømt til einsamt Fengsel i 25 Dagar.
 
 
Einframt Fengsel kva er det? Sjaa den militære Straffelog av 1866, § 21; den segjer:
           
Ensomt Fængsel anvendes kun paa Underbefalingsmænd og menige Krigsmænd. Det udholdes i et Fængsel, der er saaledes indrettet, at den Straflidende ikke kan se eller tale med nogen, og saa vidt muligt ikke høre, hvad der foregaar udenfor hans Fængselsrum. Der maa ikke gives ham Redskaber eller Materialier til at foretage nogetsomhelst Arbeide, og hellerikke Bøger, Skrivematerialier eller andet, der kan tjene ham til Sysselsættelse; dog kan det tillades ham Søn- og Helligdage(!) at benytte en Andagsbog. Leiestedet bør saavidt muligt være saaledes indrettet; at Adgang betages ham til at kunne benytte det i længere Tid af Døgnet end den, som til Søvn og Hvile maa i Almindelighed ansees fornøden, og der maa ikke tilstedes ham at medhave i Fængslet overflødige Klæder, som af ham kunde benyttes til deraf at danne sig et Leie paa den Tid, da Benyttelsen af det almindelige Leiested er ham betaget. Der maa ikke gives ham anden end sædvanlig Fangekost. For menige Krigsmænd kan Straffen skjærpes ved at borttage fra leiet de sædvanlige Sengklæder, saaledes at den Straffelidende maa ligge paa den blotte Brix og kun gives en med Straa stoppet Rul under Hovedet og et Teppe til Overbredsel. Den korteste Tid, hvori ensomt Fængsel anvendes, er 5 Dage, og den længste Tid 90 Dage.
           
- Naar du les dette, er det so du kjenner deg tilbakesett til Millomalderen, so barbariskt, so vondt er det uttenkt. Det synest vera meint paa aa gjera Folk galne elder faa dei til aa hengja seg upp. Dag og Natt plent aaleine, i eit avstengt, daudstillt Rom; ingen Ting til aa taka seg fyre, ikkje ei Bok ein Gong, ikkje ein Blyant elder ein Bite Papir . . . og so skal Ein ikkje eingong faa kvila det Ein vil, naar Vonløysa og kanskje Vitløysa tek Ein. Det er utrulegt, at me enno skal hava slik Villmannskap i Logbøkerne vaare. Og i slikt eit Fengsel skal no den unge Studenten Ivar Mortenson sitja i 25 Dagar, d. v. s. innpaa ein Maanad, - og det fordi han hev prøvt aa gjera ein god Gjerning, prøvt paa logleg Maate aa faa Ende paa stygge og brutale Uskikkar, prøvt aa hjelpa Kammeratar, som leid Urett, prøvt aa arbeida fer ein betre Moral, so at ikkje all denne Flokken av unge Soldatar skulde læra altfor mykje styggt og raatt av sine eigne Overmenn. Aa du menneskelege, du vidunderlige menneskelege Rettferd! du utenkjelege norske Herskikk og Her-Moral i Slutten av det 19de Hundradaar!
           
- Men han Løytnanten? han, som var Skuld i Ulukka, - kor gjekk det med honom?
           
Den same militære Straffelog av 1866 segjer i sin 127de Paragraf:
 
Hvo som i eller udenfor Tjenesten forhaaner nogen Underordnet eller fornærmer ham med beskjemmende Udladelser eller Adfærd, straffes med Fængsel, og i Tilfælde af flere Ganges Gjentagelse med Fængsel eller Embedsfortabelse.
 
Men Hr. Premierløytnant Aas hev med all si Banning og Kalling - ikkje fenget Fengsel. Han skal ha fenget litt Skrubb; paa Mynstringi stod den same Hr. Wergeland, som preikad so strengt for Mortenson og endaa formanad Soldatarne til aa vogte sig for de falske Profeter, - han stod og orsakad Løytnant Aas. Det var so menneskelegt aa mistaka seg! Og han var stød paa, at Mannen kvar Gong tregad paa sine Synder baketter! Altso burde han dømast mildt.
           
Aa du vidunderlege menneskelege Rettferd og norske Her-Moral av 1880!
 
 
Morgenbladet er eit gudelegt Blad. Prestarne er i Samfund med Morgenbladet som med Bibelen. Morgenbl. finn det over all Maate raatt, syndigt og ugudelegt, naar ein simpel Mann bannar elder forbannar Folk. Men naar ein Løitnant ein Premierløytnant gjer plent det same (din Dævel! din Satan!) so er dette berre sterke Uttryk, eller Uttrykk, som gjerne kunde voret ubrukte, - men Synd! elder Raaskap! langt ifraa.
           
Og du skal sjaa, at det finst ikkje ein kristen Prest i heile Landet, som vil segja eit Ord mot denne Morgenbladets Forklaring! Ikkje eingong det høgmoralske Fedrelandet.
           
Altso! Det er Moralen, det er Kristendomen, - det er det 2dre Bud.
           
Du, simple Mann, maa ikkje banna elder bruka stygge Ord; men De, Hr. Premierløytnant, og De, Hr. Kaptein, og De, mineHerrar Konditiionerade, - naa, Herre Gud, det er ikkje so faarlegt, um De brukar sterke Uttrykk!
           
Kristendomen vert meir og meir høfleg mot dei Fine, ser det ut til.
 
           
Gamle Ludvig Holberg hev ein Syllogismus som lyder paa Lag so: Hvad man ikke har mistet, det haver man endnu. N.N. har ikke mistet Horn, ergo haver han Horn!
 
Riksraad Bachke og Stangs Styre med honom, brukar same Logikken. Alt det, som Kongen ikkje hev mist, det hev han. Kongen hev ikkje mist absolut Veto, ergo hev han absolut Veto! Alt det, som Grunnlogi ikkje med beine Ord negtar honom, det er hans.
           
Og no fører dei denne Tankematen vidare. Er det Jol, so lat det vera Jol! Hev Kongen Veto i Grunnlogssaker, so lat ham faa Veto i Bevilgningssaker med! Kvi skulde han ikkje det? Det stend ikkje i Grunnlogi; det hev aldri voret godkjennt; men d e t gjer daa ingen-Ting? Berre Ein riv i med eit ophøiet over Tvil, so hev han det. Framåt!
           
- Ja, det er ophøiet over Tvil. Holbergs Logik, den stend, den. Hvad man ikke haver mistet, det haver man endnu.
           
 
Storthinget sagde: Her-Nemndi skal samla seg ei Stund fyre oss andre, fordi ho hev ei, Arbeid aa greida NB.! eit Stortings arbeid som er so svært, at ho ikkje kann gjera det skikkeleg i sjølve Thingtidi, og som er so vigtigt, at det maa gjerast skikkeleg og snart. Her finst ikkje Raad skapt: Her-Nemndi fær møta upp ei Stund fyre os andre.
           
Kanskje tenkte Stortinget som so, at naar det galdt ei so stor fedrelandsk Sak som sjølve Landsforsvaret, so vilde alle, og ikkje minst Landsstyret sjølv, finna det rett og godt gjort av Thinget, um det fekk Saki vel gjenom-granskad og gjenomarbeidd, fyrr det gav seg i Kast med henne. Og naar det no ikkje fanst Raad til aa faa Saki godt fyrebudd paa annan Maate enn paa henne, - no ja, so fanst det ikkje onnor Raad!
           
- Ein kongeleg Kommission -? Ja, men det var ikkje det Slags Arbeid, som no skulde gjerast! Fyre-Arbeidet var komet so langt, at no var Saki framlagd for Thinget; det, som stod att, det var, at den Nemndi, Thinget havde sett til slikt Arbeid, skulde granska Emnet so vidt, at ho kunde leggja fram for Thinget ei brukeleg Innstilling. Kann ein kongeleg Kommission skriva Storthings-Innstillinger? Kann ein kongevald Kommission skapast um til ei Storthingsnemnd? Med andre Ord: Kan Kongen velja Thingmenn? Aa nei. Det er ophøiet over Tvil, at det kann Kongen ikkje.
           
Dessutan: Thinget hadde alt fenget det det kunde venta aa faa fraa den Kanten. Det var framlagt ein kgl. Proposition um Herverket. Men no var Saki den, at jamnsides den kgl. Propositionen var det framlagt eit annat Forslag, og Ulukka var, at dette andre Forslaget var byggt paa ein reint annan Grunn enn Regjeringsframlaget. Og det var væl kjennt, at Regjeringi paa ingen Maate vilde vita av eit Forslag, bygt paa ein slik Grunn. Skulde Ein faa det det private Forslaget skikkeleg dryft, vilde det altso vera meiningslaust aa beda Regjeringi um Folk til aa gjera Arbeidet. Det vilde vera aa driva Spott med Stangs Regjering!
           
- Ein parlamentarisk Kommission? Nei, denne kunde ikkje helder gjera nokot Komité-Arbeid. Han kunde skriva ei diger Betænkning og gjera mykje, som i seg sjølv kunde vera godt; - men etterpaa maatte Her-Nemndi likevæl taka sitt heile Arbeid. Og Saki var ikkje av det Slaget, at ho hadde gode Stunder!
           
Altso: det einaste forsvarlege var, at Her- Nemndi fekk Tid til aa gjenomgranska Saki. So godt som heile Thinget var med paa dette, og det var knapt mange som trudde, at Regjeringi vilde bruka ei Sak som denne til aa gjera Politikk av.
           
Men Stangs Styre spyrr ikkje um slikt. Just naar det gjeld landsvigtige Saker, Saker som heile Folket krev gjenomførde, - just daa kjem Stangs Styre stikkande med sine politiske Kjepphestar, - for daa er det beste Tidi! Du skal faa det, Du vil, dersom me fær det, me vil! segjer Stangs Styre til Folket. Just no, daa det galdt ei serleg landsvigtig og aalvorleg Sak, just no var det Tid for Stangs Styre til aa gjera politisk Krangel.
           
- Under 19de ds. har det behaget Hs. Majestæt at tilkjendegive og befale, at Hs. Majestæt ikke kan give sit Minde til dette, som Thinget hev gjort; Storthingsavgjerdi av 19de Juni bliver ikke sanktioneret.
           
Det er Ingen, som har bedet um nokon Sanktion; det veit Stangs Styre alt for godt. Det er Ingen som hev visst, at Kongen hadde med aa sanktionera Avgjerder, som vedkom Storthingets indre Politi elder var Bevilgningar; det veit Stangs Styre likso godt. Men no skal det røynast. Stangs Styre er so langt komet, at ein Daarskap fraa elder til gjer ikkje stort, og kven veit? Kanskje Thinget kunde trøytna og gjeva Folkets Sak upp, naar det saag so uventeleg ein Djervskap! -
           
 
Herordningssaki er so vidt fram-arbeidd, atdet er Thinget, som no skal granska og prøva henne. Ein kgl. Kommission er just det, som ikkje trengst! for ein kgl. Kommission kann ikkje skriva Innstillingar til Storthinget.
           
Men Stangs Styre forstend den Tingen betre. Stangs Styre utnemner just ein kgl. Kommission. Og denne Kommissionen skal daa sitja der i Staden for Her-Nemndi og tæra upp dei Pengarne, som Her-Nemndi aaleine kunde gjera full Nytte fyre.
           
Og for liksom aa gjera Narr av Thinget og dess Menn, so tek Regjeringi heile Her-Nemndi inn i Kommissionen sin og utnemner Johan Sverdrup til Formann.
           
Fyrst prøver ho aa gjera til Inkjes ei Avgjerd, som Thinget mest samrøystes fann var den einaste forsvarlege; so prøver ho aa taka fraa Thinget ein Rett, som det eig etter Grunnlogi, og som det paa ingen Maate vil sleppa, - og so trur ho tilslutt, at ho skal faa Thingets eigne Menn, ja Johan Sverdrup sjølv, med til aa hjelpa seg i dette Verket!
           
Det er ei vittig Regjering, denne same Stangske. Driva Spott synest ho aa hava eit merkjeleg godt Lag paa. Skade, at det ikkje er Witz, men Vit, Folk krev av Styret sitt!
           
Johan Sverdrup hev alt sendt Regjeringi Svar. Og Her-Nemndi kjem sjølvsagt til aa samlast i Kristiania til Hausten. Regjeringi kann væl negta nokre av Mennerne Permission. Men Nemndi samlar seg like godt og raadlegg so godt ho kann og søkjer Upplysningar og Faghjelp, der slikt er aa finna. Den kgl. Kommissionen gjeng upp i Fiasko likso fint som det absolute Veto!
           
 
Men ein Ting vil vera vunne ved dette store Regjeringstiltaket. Storthinget kjem aldri meir til aa bevilgja Stangs Styre Pengar til uforudseede Kommissioner.
           
Uforudseede Kommissioner! Det skulde vera forunderlegt, um det nokon Gong kom upp ei Sak, som var av det Slaget, at ho kunde elder maatte dryftast av ein kgl. Kommission, og som paa same Tid hadde slik Braahast, at ho ikkje kunde venta dei Maanadarne, fraa Thinget vart uppløyst til det paa nytt kom ihop! Ei Sak, som er av det Slaget, at ho treng Dryfting av ein kgl. Kommission, plar ikkje vera av det Slaget, at ho hev Hast. Er det ei Sak, som hev Hast, - so slepp nok Regjeringi aa setja Kommissionar, daa lyt ho vel helst finna Utveger sjølv!
           
Aa gjeva Regjeringi Pengar til uforudseedeKommissionar kann berre hava ei Meining: at Ein hev Hug til aa gjeva Regjeringi eit serskilt Tillitsvotum. Gjev Ein slike Pengar til Regjeringi, som Ein ligg i Strid med, so berre lagar Ein Ris til sin eigen Rygg.
           
At Regjeringi no kann utnemna ein kgl. Kommission til Dryfting av ei Sak, som alt er innlagd for Thinget, og som altso Thinget aaleine hev med aa granska, - det kjem seg av, at Regjeringi hev desse 10,000 Krunur, som ho visst finn kjem svært væl med for henne no i denne lange Krigen ho hev aa føra mot Storthinget og Folkeviljen!
           
- Desse 10,000 Krunurne fær ho aldri meir. Og um ho fær Pengar til alle desse andre Kommissionarne sine, som mest altid er uendelege, og som ofte er gagnlause, - naa! Storthinget vil vist grunda litt paa det. Regjeringi hev vist, at ho vil hava Krig paa Kniven; kanskje fær ho det og som ho vil hava det.
           
Det vil Ingen tykkja Synd i henne for det!
 
           
I Tider som desse kann det turvast, at Folk fer til Stockholm og fortel Kongen, at han er folkekjær. Ein Konge som Gong etter Gong vert yvertald av Regjeringi si til aa segja Nei til det Folket vil, og som Folket trur det hev Rett til aa vilja, - ein slik Konge kunde lett koma til aa undrast paa, um han var so folkekjær som han gjerna vilde, - og det kunde daa koma ille med for det Faatalet, som brukar Kongen til Værn og Værge for seg og sine Formaal.
           
Difor er det svært gagnlegt, at ein Mann av Partiet av og til fer stad og snakkar Kongen i Logn. Ikkje gagnlegt for Kongen naturlegvis; men gagnlegt for Partiet.
           
Derimot klinger det meir underlegt, at Hr. Ekspeditionschef Hertzberg fortel Kongen just i denne Tid! at han er Værn og Vogter for Fridomen 4) . Var det verdt aa nemna eit slikt Ordi i ein slik Samanheng og just no? Kunde det ikkje lett henda, at Kongen kom til aa undrast paa, um eit slikt Ord, i ein slik Samanheng, var . . . sannt?
           
Elder trur dei Herrar i Regjeringi, at Kongen er ein Mann, som ikkje kann telja til tri?
 
 
1) Soldaten vardt so uppøst og sinnad, at han rende paa Løytnanten med  Bajonetten, vert det fortalt, men vart fangad strakst og set i Holet.  Løytnanten slapp.   
 
2) Det var ikkje den gamle Wergeland, Statsraad hev voret; det var fyrr-verande Oberst O. O. Wergeland, han som i si Tid gjorde seg so ille likad i Kristianssand, og han som i Aaret 1873 kallad norske Bønder for vore (dvs. Herens) Fiendar (sjaa Bilag 9 ved Indst. S. No. 118 for 1875). Denne O. O. Wergeland er merkjeleg nok Bror av - - aa nei, lat oss ikkje nemna so stort og fagert eit Namn her.
 
3) Morgbl. hev daa og gjort denne snilde godslege Guten til ein radikal Opvigler av dei verste!
 
4) Hr. Hertzberg fortel i Mgbl., at han ikkje hev sagt det me sist trudde; hans Ord var: Alle Nordmænd, som elske sit Fædreland, og som have aabent Øie for dets Ve og Vel, se i Deres Majestæt et Værn og en Vogter for Landets jevne og sunde Udvikling og dermed ogsaa for den frihed, som alene giver Lykke.
Altso: alle dei Nordmenn, som ikkje trur at Kongen er den sanne Fridoms Værn og Vogter Re- publikanarar f. Eks. -, dei elskar ikkje sitt Fædreland! -
Og tru det var verdt for Stangs Menn aa tala um Landets jevne og sunde Udvikling? Slik, som dei no driv det, vil det ikkje vera deira Skuld, um Utviklingi gjeng jamt og sunnt!