Utanfor Live.

[Del 1 av 5.]
 
(Den Spitelske fraa Aosta av Greiv Xavier de Maistre).
           
Sudsida av Aosta stend mest livlaus og synest aldri hava havt mange Ibuarar. Ein ser dyrkt Jord og Engjer, avgrenst paa eine Sida av gamle Bolverk, som Romaranne bygde upp ikring Byen, paa andre Sida av nokre Hagemurar. Denne einslege Staden kann likevæl draga Framandfolk til seg. Ved Sida av Byporten ser Ein Leivingar av ei gamal Borg. Kann me tru Segni, so hev Grev René de Chalan i det 15de Aarhundrad her late Kona si, Prinsesse Maria av Braganza, svelte ihel; Grunnen til dette Styggeverk var Aabryskap. Difor hev Landsfolke gjeve Borgi Namne Bramafan (dvs. Hungerskrik). Denne Soga kann Ein tvila paa Sanningi av, men ho gjer Borg-Røyserne hugsame for den, som trur henne. Nokre Stig lenger burte stend eit firkanta Taarn; det er bygt av Marmor og hallar seg inn mot ein gamal Mur. Det vert kalla Rædsle-Taarne, av di Folk lengje trudde, det heldt Skrymt til der. Dei gamle Kjeringarne i Aosta minnest overlag væl aa ha set ei høg, kvit Kvinne med ei Lampe i Haandi gaa ut or Taarne.
           
Det er ikring 15 Aar etter at dette Taarne vart istandsett etter Paalegg fraa Styre; det vart og kringsett med eit Gjerde, daa ein spitelsk Mann skulde bu der for paa den Maaten aa avskiljast fraa Samfunde; hellest skulde han der faa alt, som kunde gjera Ulukka hans berande. Herberge Saint-Maurice vart paalagt aa halde han med det han trengde; han vart forsynt med nokre Møblar og med Reidskap til Hagebruk. Der livde han daa i lang Tid med seg sjølv og saag ingen, so nær som Presten, som ender og daa kom for aa trøyste han med Guds Ord, og Mannen, som kvar Vika førde til han det han trengde fraa Herberge.
           
Under Alpekrigen i Aare 1797 gjekk ein Dag ein Hermann, som just var i Byen, av eit Hende framum Hagen aat den spitelske. Porten stod uppe, og han var so nyfiken, han gjekk inn. Der saag han ein simpelt klædd Mann, som sat so fortenkt og studde seg upp til eit Tre. Einbuen høyrde, at det kom nokon; han liksom vakna og ropa med sorgfullt Mæle, men utan aa snu seg elder sjaa seg ikring: Kven er det, og kva vil dei meg? Orsaka, ein framand Mann, svara Offiseren, som fekk kanskje altfor stor Hug til aa sjaa den vene Hagen dykkar, men som paa ingen Maate vil vera paagjengen. Gakk ikkje fram, svara Taarnbuen, gakk ikkje fram; De er hjaa ein usæl Mann, fengd med spitelsk Sjukdom. Kva Ulukke De no er i, kom Svare, so vil eg ikkje gange burt for det; eg hev aldri rymt burt fraa dei ulukkelege; men er det so, at eg er dykk brysam, so gjeng eg strakst.
           
Ver daa velkomen, sae den Sjuke og snudde seg braadt; stana, um De vaagar det, no, De hev set meg. Hermannen vart standande eit Bil reint fjetra av Rædsel ved aa sjaa denne Armin- gen, som Sjukdommen reint hadde vanskapt. So sae han: Eg stanar gjerne, um det kan vera dykk til nokon Hugnad aa gjestast av ein Mann, som berre eit Tilfelle hev ført hit, men som no er fasthalden av ein livande Samhug.
           
Sjukingen: Samhug? . . . Eg hev aldri vekkt anna hjaa Folk enn Ynk.
           
Hermannen: Eg skulde vera sæl, um eg kunde vera Dykk paa nokon Maate til Trøyst.
           
Sj. Det er stort for meg berre aa sjaa Folk og høyre Manns Maal som tykkjest sky meg.
           
Herm. Lat meg daa faa tale eit lite Bil med Dykk og gjenomfara Bustaden Dykkar.
           
S. Overs gjerne, um De kann hava nokon Moro av det. (Han løynde Andlite med dei breide Kantanne av Filtluva si, som han drog ned). Gakk til Solsida; eg dyrkjer der ei Seng med Blomar, som De kunde like; De vil finne fleire, som er helder sjeldsynte; eg hev fengje i Fræ til alle dei Blomanne, som veks paa Alpenne og hev freista aa faa dei doble og fagrare.
           
H. Sanneleg, her er Blomar, som eg ingenstad fyrr hev set.
           
S. Legg Merke til denne vesle Rosebuska. Det er Rosa utan Torner, som berre veks paa dei høge Alpenne. Men ho tek alt til aa tapa denne Eigenskapen, og det gjer ho dess snarare, etter som Ein dyrkjer henne og ho aukar.
           
H. Ho burde vera eit Bilæte paa Utakksemd.
           
S. Um nokon av desse Blomanne synest Dykk væne, so ver ikkje rædd for aa taka dei; De vaagar ikkje noko ved aa bera dei med Dykk; eg hev saatt dei, eg hev havt Hugnaden med aa vatne og sjaa til dei; men eg rører dei aldri.
           
H. Kvi so?
           
S. Eg er rædd, dei kunde fengjast, og so torde eg aldri meir bjoda dei fram.
           
H. Kven er dei ætla aat?
           
S. Dei, som fører meg Mat fraa Herberge, er ikkje rædde for aa laga seg Blomekvastar av dei. Stundimillom syner og Byborni seg utanfor Hageporten min. Eg stig daa strakst upp i Taarne, daa eg er rædd for aa skræme hell skada dei. Eg ser daa dei staakar framfor Glase og røver nokre Blomar fraa meg. Naar dei so gjeng att, lyfter dei Augo upp mot meg og ropar smilande: Farvæl, Spitelske! og det er som ei liti Gleda for meg.
           
H. De hev visst aa semje ymse Voksterslag væl her; der ser eg Vinrankur og fleire Slag Frugttre.
           
S. Trei er endaa unge; eg hev sett dei sjølv; like eins denne Vinbuska, som eg hev fengje til aa kliva endaa yver den gamle Muren der. Ho er no so stor, at ho hev breidt seg utyver som eit lite Lauvtak; det er kjæraste Staden min. Stig upp denne Steintrappi, eg hev sjølv bygt ho. Hald Dykk ved Muren.
           
H. For ein yndefull liten Avkrok! det er som skapt for ein tenkjande Einbue her.
           
S. Eg er og glad i det. Herifraa ser eg Sletta og Folke, som arbeider paa Aakranne; eg ser alt, som gjeng for seg der ute og vert ikkje sjølv sedd av nokon.
           
H. Eg undrar meg paa, kor roleg og einsleg denne Kroken er. Ein er i ein By, og trur seg langt inni Skogen.
           
S. Einsemdi finst ikkje berre i Skog og paa Fjell; usæl Mann er altid aaleine.
           
H. Kor hev det bore til, at De er komen hit i denne Avkroken? Høyrer De heime her?
           
S. Eg er fødd i Fyrstedøme Oneglia, ute ved Havet, og hev berre vore her i femtan Aar. De vil vita Soga mi; det er berre ei einaste lang Ulukka.
           
H. Hev De altid butt soleids einsleg?
           
S. Eg misste Foreldri mine da eg var liten; dei hev eg aldri kjent. Ei Syster hadde eg etter; ho døydde for tvo Aar sidan. Eg hev aldri aatt ein Ven.
           
H. Arme Mann!
           
S. Slike er Guds Vegjer.
 
H. Kva er Namne, um eg maa spyrja?
           
S. Aa, Namne mitt er fælslegt, - eg kallar meg den Spitelske! Folk der ute kjenner ikkje Ættnamne mit, og helder ikkje det, eg fekk i Daapen; eg er den spitelske; det er det einaste Namne eg ber ved Folks Godvilje. Maatte dei til æveleg Tid vera ukunnige um, kven eg er!
           
H. Denne Systeri, De tala um, var ho her hjaa Dykk?
           
S. Ho budde her i fem Aar, i denne Bustaden der De ser meg. Ho var likso usæl som eg; ho hjelpte meg og bera mine Pinur, og eg prøvde aa hjelpe henne.
           
H. Men kva kunde de drive Tidi med i denne endelause Einsemd?
           
S. Dei Smaating, slik ein Einbuar kann stelle med, synest langsame og skiftelause berre for Mannen fraa Storheimen, som finn Lukka i vera med i Samfundslive.
           
H. Aa, De kjenner ikkje Verdi; meg hev ho aldri gjeve Lykke. Eg gjev meg ofte friviljugt til Einbuar, og det finst kanhende meir Samsvar millom Tankanne vaare enn De trur. Men eg vedgjeng, at evig Einbuarskap synest meg skræmeleg; eg kann mest ikkje forstaa, kor det hev seg.
           
S. Den, som elskar Sella si, vil der finna Fred. Kjensla av Einsemd lettast og ved Arbeid. Mannen som arbeider, er aldrig heiltupp usæl; eg er eit Prov paa det. I den fagre Aarstidi hev eg nok aa gjera med aa dyrkja Hagen min og Blomesengi; um Vinteren lagar eg Korger og Mattur, eg lagar Klædi mine, kokar kvar Dag den Maten eg treng, og som eg fær fraa Herberge; Bøni utfyller so Resten av Tidi. Soleids gjeng Aate, og naar det er ute, finn eg, at det hev voret heilt stutt.
                                                           
( Meir.)