Fraa Amerika.

[Del 1 av 2.]
 
Eg likar Fedraheimen for det, at han djervt og hugheilt ber Fridomstanken fram; Ein fær ei Kjenning av, at Bladet trur paa Fridomen, nokot Ein knapt kann segja um mange av dei Bladi som gjerne vil gjelda for frilyndte, men som for det meste er svært spake og smaamælte, naar det gjeld aa arbeida for Framgangen. Og likso væl likar eg, at Fedrh. hev svoret Krig mot den Flokken, som held seg sjølv for Rjomen i det norske Folket, men som i Grunnen liver berre paa Mistru og Mothug mot Folket og mot Tidi, og som inkje positivt Standpunkt hev. Det er ein ufjelg Flokk. Dei siktar rasande for aa berga si eigi Stilling, det er heile Programmet. Og dei siktar paa den Maaten, at dei prøver aa bera Folket upp i den same Mistru til Fridom og Framgang, den same Modløysa og Tykkjeløysa, som magtstel dei sjølve. Til Vaapen i denne jammerlege Striden sin dreg dei inn mangt, som aldri skulde brukast paa den Maaten, jamvæl Kristendomen. Det er stygt aa sjaa, og gjer vondt paa mange Maatar. Men d e i skal hava Takk, som tek Striden upp mot all denne Ufysa, endaa dei veit, at i gamle Norig er det vaagsamt aa visa Mod og ærleg Elsk til Fridom og Sanning. At Fedrh. hev haldet seg rak i dei seinare store Stormar er eg serleg glad fyre; for eg trur, at utan heil og klaar Tilslutning til Fridomstankarne, vil den Saki, Fedrh. er Tolk fyre, aldri vinna fram.
           
Fær eg Lov til aa melda litegrand um, korleids me Amerikanarar ser paa Fridomsstrævet Dykkar i desse Tider?
           
Der er ein Flokk i Norig, den, som fylker seg under Morgenbladets Merke, som liksom ikkje vil vita av, at det finst ein amerikansk Republikk og ei ung norsk Ætt i den; hugsar dei einkvar Gongen paa dette Landet, so er det for aa draga fram dei Lyte, som det kann hava. Me tek oss ikkje nær av dette. Me forstend so mykje av Tidmerkji, at me ikkje held Morgenbladspolitikken for det, som skal eiga Norig og Framtidi. Difor er me likso likesæle um Morgenbladet som det er um oss. Det er Fridomsarbeidet der heime, me bryr oss um og gled oss i; for her hev me lært aa tru paa Fridom og kjenna oss sæle ved den. Og me elskar Moderlandet som me elskar Fridomen. Mor Norig er ikkje rik; det er ikke feite Dagar, me hev aa minnast fraa Heimlandet; men det er oss ikkje mindre kjært aa minnast for det.
 
Du gamle Mor, du sliter arm,
so Sveitten er som Blod;
men endaa i ditt Hjarta varm,
og du gav meg min sterke Arm
og dette vilde Mod.
 
Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke Hjarterot,
og difor maa eg elska deg,
kvarhelst eg vankar paa min Veg,
um so paa villan Fot.
 
Derfor vilde me gjerna sjaa Landet utfrelst av alt det, som no tyngjer det og hindrar det i aa liva sitt fulle, sterke Liv, so som det kunde gjera. Me lengtar etter, at det meir og meir skal arbeida seg ut or all Standsfordom, alt kunstigt Autoritetsvelde, alt ufritt Væsen. Det er ikkje mange av oss, som ikkje er med paa dette. Det kann vera nokre Prestar, uppalne i Norig, som er so teologisk innkøyrde, at dei ikkje lenger kann læra elder faa Inntrykk, ikkje eingong naar dei kjem uppi eit so nytt og sterkt Liv som det amerikanske. Serleg hev me med Orvent og stor Samhug fylgt Striden dykkar no i siste Stortingssamlingi. Og for aa faa fram eit Uttryk for denne vaar Samhug var det, at me møtte fram, so mange av oss som hadde Hug og Tid til det, i Minneapolis den 16de Juli og heldt Folkemøte.
 
- Det er i det heile ikkje svært rart med Aandslivet millom oss. Dei aandelege Hugmaal er ikkje mange. Me er komne hit fatike, og alle vaare Tankar gjeng daa gjerna upp i dette eine: aa kava seg fram, aa tena seg upp. Hev her so voret nokot Aandsarbeid millom oss, so hev det voret for Kyrkja. Det hev voret det einaste, me hev funnet det vert aa strida fyre utanum vaar business. Og so maatte det vera. Med det aalmenne humane Aandsliv stend det altso ikkje frægt til. Likevæl er det usannt, naar det stundom vert sagt, at her ikkje finst Liv elder aandeleg Sans. Den Fridomen, me hev her, den Utbyting av Tankar og Meiningar som gjeng umerkjeleg men ustanseleg for seg millom oss, Naudsyni av aa vera um seg, - alt hev hjelpt til aa vidka Synet og styrkja Sjølvstendet. Og hev me enn ikkje svært mange Menn imillom oss, som serleg hev utmerkt seg hell vunnet Innflytelse, so er her daa ein Folkegrunn, som kann bera, og som med Tidi vil bera. Møtet i Minneapolis den 16de Juli er ei Minning um dette.
             
Hovudtalaren ved Møtet var Sakførar Arctander, utlærd i Norig. Desutan talad Formannen, Sakførar Ueland (Son av gamle Storthingsmannen) og Redaktør Jæger, Styraren av Budstikken, det best styrde norsk-amerikanske Blad. Hr. Jæger fortalde oss, at det Norske literære Selskab i Minneapolis hadde skaffat oss eit reint norskt Flag, som no prydde Salen; det var Meiningi, at det skulde brukast ved andre slike Tilfelle og kunde aldri nokon Gong vigjast ved eit betre Tilhøve enn dette i Dag. Han minnte i klaare og varme Ord um Striden for det reine norske Flaget. Deretter kom Hr. Arctander upp og heldt ein uppglødd, vekkjande Tale. Det vantad ikkje paa strøymande Ord, djerv Sving, sterke Liter og spottande Utfall. Hr. Arctander hadde knapt gjort ein slik Tale i Norig; det kunde merkjast, at baade Publikum og Talaren var amerikanske. Maatehald, Sindighed, er det for det meste, som merkjer ein norsk Tale; Ordi er væl vegne og fell stødt, tungt, gjev varigt Inntrykk, fordi dei gjeng ut paa aa vekkje Tankar, Ettertanke. Den amerikanske Talaren legg seg samanlikningsvis meir etter aa vekkja Kjenslur; han forstend seg meir paa aa kveikja Eldhug for det Rette og Harme yver Uretten, meir paa aa lokka fram Mod elder skræma til Mismod, enn paa aa leida fram til klaar, roleg Yvervitning; Ordi hans fell snøgge, skarpe, smettande; hans Talekunst er glimande elektriserande; han kann vekkja Eldhug, men denne kolnar ofta av att gjenom det rolege Overlegg. Ingen er meir glad i klingande Ord um abstrakte Teoriar enn Amerikanaren, naar han kjem retteleg i Lag Amerikanaren, som til daglegt viser so mykje common sense (jamt, praktisk Vit). Det var slike Tankar, som alt imillom kom for meg under Arctanders Foredrag. I det heile var Talen gild. Det fyrste Kravet til ein Talar ved eit slikt Høve er det, at han ikkje maa lata Folk somna; og um eg stundom syntest at det vart mest væl mykje av det gode, so hadde det mindre aa segja. Det var eit Minutt under denne Talen, som eg aldri gløymer. Hr. Arctander fekk i det heile sterkt Samtykkje; men daa han i eit raskt, fint Drag teiknad den Verkning, Sanktionsnegtingi hadde havt utyver Norig med Einar Tambarskelves Ord i den gamel Soga:

Norig or di Haand, Konung! saa braut det fram ein Storm av Jubel, som aldri vilde faa Ende. Det sagtnad paa; Hr. Arctander vilde til aa tala att; men so stormad Jubelen fram paa nytt Lag, sterkare enn fyrr, til dess dei endeleg langt um lengje hadde trøyttat seg ut. Eg var sjølv med i det. Men det lagde seg samstundes ein sorgall Tanke yver meg: Er me daa so glade yver, at ei Regjering, som daa vist ikkje meiner paa vondt, taper den siste Resten av sitt Folks Kjærleik og Vyrding? Men i Grunnen var det ikkje dette, me var glade yver; det var trufaste Republikanarar, som paa denne Maaten avdømde alt monarkisk Sjølvtykkje, all monarkisk Tru paa ein Rett mot Folkeviljen. Me hatar denne Læra um ei Statsmagt, som skal staa utanfor og yver Folkemagti; for anten hev Logi sett henne der, og daa kann ho og med Log flytjast, elder og hev ho sett seg sjølv der, og daa hev ho ingen Rett. Læra um ein Autoritet utanfor den, Folkets sjølvgjevne Log hev sett ei Læra, som i Norig vert uppestudd, um ikkje endefram, so umvegjes ved alt dette Snakk um ei Raadsmagt med serleg Fullmagt fraa Gud sjølv -, den Lærar veit me her er ei ynkeleg Lygn. Me kjenner i borgarlege Saker ingen annan Autoritet enn Logi; men Logi er Utslaget av den tryggaste av alle, fordi det er den naturlege, den, som er vaksen fram av Samfundslivets naudsynlege Krav og Vilkaar. All Tanke um Sjølvtykkje (Vilkaarlighed) er oss plent imot; og det var dette, som gav seg Uttrykk hin Gongen.
           
Eg kom til aa minnast eit Par stutte, men syndige Stev av ein amerikansk Forfattar (Emerson):
 
Eg er kjeid av Konar, sagde Gud,
det er meg eit harmelegt Herk:
kvar gryande Dag dei læt meg sjaa
paa Valds og paa Uretts Verk.
 
Og Adel eg vil ikkje lenger ha,
og ikkje den høgborne Stand;
Arbeidsmenn, Fiskarar, Plogmenn no
skal byggja med Log sitt Land!
                                                           
( Meir.)