[Sjøormen]

Sjøormen er komen mykje paa Tale no att. Klokkar C. Christensen i Vestlofoten (Moskenes) og fleire til han heve set honom. Christensen meiner, han var 60-80 Famner lang: ein som saag honom paa same Staden ein annan Gong reikna 18 Kveiler paa honom. Fyrrisdals-Presten skriv i Fedrelandet om at dei gaar honom tidt i Fyrrisvatne (i Telemark). Skippar Bowitz saag honom i fjor Somar i Atlantern. Han saag ut som eit Skjær, der han laag 50 Famner fraa Skipe, men daa dei saag ned under seg, strekte Skrotten seg heilt inn under Skipe. Noko slikt er au fyrr spurt fraa Storfjorden paa Sunmør. Fraa Aalesund der han gjorde slikt Sprell for tvo Aar sidan, vert det ikkje høyrt, at han heve synt seg att. Han er som ein annan reisande Kunstnar - han kjem sjeldan att der han heve vore fyrr.
           
Kor lenge skal det vara fyrr denne Sjøorm-Gaata vert løyst? Skal ho kanskje stendigt staa der og minna om Ordi til Hamlet: der er mange Ting i Himmel og paa Jord, dit Vismennerne ikkje kan rekka?