[Fraa det 4de norske Skulemøtet i Stockholm]

Kristiania, den 13de August.
 
Fraa det 4de norske Skulemøtet i Stockholm. Detta er eit Møte, som det um ikkje alle Jolemerkje lyg lengje vil koma til aa ganga Ord um; det skulde Ein ialfall tru, naar Ein veit, at ikkje mindre enn 4000 Menneskjur er med, ved sume Tilhøve endaa 5000, og ibland deim nokre av dei høgste og daa vel og jamvel duglegaste Skulemenn, som finnst i 3 Kongerike og dertil i 1 Storfyrstedøme. Møtet vart opnat den 10de August med Bøn og Salmesong. Same Dagen vart haldet ein stor Fest fyr aa koma i Stemning til dei traakiga Forhandlingar, kann me tru, - i Jakobs Folkeskulebyggnad, der Kongen, Statsminister Kierulf, Ekspeditionschef Hertzberg, Skuledirektør Meijerberg og ei Mengd andre Skulemenn af første Skuffa møtte fram. Hr. Meijerberg (svensk) lyftad Bikaren til eit Leve fyr Kongen. Kongen takkad paa svensk med ein Tale, som Telegrammi segjer slog an. Hertzberg (norsk) bar fram eit Ynskje fyr Norigs folkekjære Konge fraa dei Nordmenn, som har et aabent Blik for Fædrelandets Vel 1) . Kongen takkad paa Norsk i ein gild Tale og sa, at han var glad i aa kunna visa Menn fraa Norig, at han kunde tala deira Maal, og han kunde meir enn det ikkje berre tala, men og tenkja og kjenna som ein Normann. Dei, som vil faa Folk til aa tru, at eg ikkje tenkjer som ein Nordmann, dei fer med usann Tale, og det gjer meg vondt fyr deira Skuld, men eg tilgjev deim; for i mi Bringa finst ikkje Plass fyr Hat; der er Plass berre fyr dei Kjennslur, som Broderfolk bør ha mot kvarandre. Professor Holbeck (dansk) talad fyr Kongen. Kongen takkad (paa Dansk?). Og so lyfte Finnlendingen Leinberg eit Glas til ei ny Skaal fyr Kongen. Fyr denne takkad Kongen og (paa Finsk?), og drak ei Skaal fyr Danskekongen og Ryssekeisaren som Storfyrste i Finnland.
           
I Møtet den 11te Aug. forhandlad dei Spursmaalet um Kristendomsundervisningi i Folkeskulen.
 
Hr. Hertzberg, Hr. Ståff og Hr. Steinmetz, dei tvo siste Prestar og den fyrste prestlærd, heldt Religionsundervisningi fram som det vigtugaste Emne i Folkeskulen, men vardt hardla motsagde av Literaten Arnoldson og Dr. Nystrøm. Men Mengdi av Møtesfolket, Lærarar og Lærarinnur i Flokk og Fylgje, heldt med Prestarne.
           
Ellest tala S. A. Hedlund (Styraren av Gøteborgs Handelstidning) um: hvilka anspråk böra ställas på skolan i afseende på hennes uppfostrande verksamhet; - Skuleinspektør Jespersen um det rette Forhold mellem Folkeskolelærerens teoretiske og praktiske Fordannelse Lektor Sjøberg um: huru bör den högre flickskolan vara organiserad?
           
1) Ein kann som Hertzberg hava gløymt alle sine folkelege Galskapar og endaa ikkje vera nokon Hofmann. Det maa ha voret hyggjeligt for Kong Oskar II ved eit Møte som dette aa faa ei Helsing ikkje fraa heile det norske Folk, men berre fraa ein Del av det, - og det endaa fraa den minste Delen! For de, som har et aabent Blik o. s. fr. er naturlegvis dei, som hev det same Trollsnitt i Augat som Hr. Hertzberg sjølv, (han fekk det, daa han vart innteken i Departementsberget), og dei er ikkje Fleirtalet.
 
At Hr. Hertzberg, naar han kjem til Framande, er mindre høfleg mot sitt eiget Folk, det skal me ikkje undrast so mykje paa. Han hev væl sin Folkeskikk fraa Hamar Seminarium. Utsendingarne fraa dei andre skandinaviske Nationar hev væl undrast sterkt paa aa høyra ein Mann tala som Partimann, naar han i ei festleg Stund skulde helsa paa sitt Lands Konge, - tala som Partimann, kyta upp sitt eiget Parti og skulda Motpartiet for so stygg ein Ting som aa ikkje hava aabent Blik for Landets Vel; men dei hev væl tenkt som so, at Nordmennerne er no eingong nokot for seg sjølve.