Jødarne i Frankfurt.

[Del 1 av 2.]
 
(Etter eit Brev til Bergens Aftenblad).
 
Frankfurt er kalla Jøde-Byen, og Namnet høver godt. Ikkje fordi Semitarne i Byen er so mange som dei kristne; er det ein paa kvart 1200, er vel det det høgste. Men Namnet kjem av di Abrahams Borni, etter Strider som heve varad gjenom Hundradaar, fyrst heve skubba dei kristne aat Side i Penge-Vegjen, og daa dei hadde fengje gjort det, so saag dei ogsaa og fekk Tak i dei høgste Embætti i Byen (soleids Borgmeisterskapen). So her kann Jøden ganske vist segja: Geld regiert die Welt (det er Pengarne, som raar i Verdi). Daa dei er komne so upp, kan ein vita, at det au var lettare for Frankfurt-Jødarne aa faa ned dei Bolkarne, som det lange Aaretalet hadde sett upp millom Jødar og kristne. Det er ingen Ting i Vegen for, at ein Son av dei gamle Hanse-Ætter kan gifta seg med ei Dotter av Rakels Folk, og det gjeng ogso jamleg for seg. Partarne tola vanleg, at den andre heve ei onnor Tru. Etter at Jødarne tvo Gonger hadde vorte jaga ut, kom dei i det 17de Hundrad Aaret inn att med Trygd fraa Kjeisaren. No skal de faa Skjelmarne att, vart det sagt til den høge Øverheiti i Byen, og dei gode Borgararne maatte finna seg i det og taka imot den Slegti, dei var so sinna paa, og det jamvel med gode Ord, for dei hadde Trygd fraa Kjeisaren. Etter den Dag heve Jødarne gjenom Strid og Audmykingar smaat um Senn naatt fram til det Einvelde, som dei no sit med, dei heve vokse dei innfødde heilt yver Hovudet. Endaa midt i det fyrre Hundradaaret var nok alle dei store Pengehandlararne i Frankfurt Tyskarar. Jødarne hadde si Judengasse (Jødegate), der dei tuska og veksla i det smaae, i mangt ufrie under dei store innfødde Husi, som ogso tidt og ofte let deim kjenna det. Men just denne Smaahandelen, som nok imillom lite tolde Ljoset, var for Jødarne god nok til aa leggja Grunnen til dei Milliardar, som gjer, at ein no kann segja at dei raar yver Kjeisardøme og Kongerikje. Lite tenkte dei innfødde den Gongen paa, at dei um 100 Aar skulde vera heilt undan trengde av dei Medtevlararne sine som dei mismætte slik. No for Tidi finst der ikkje ein einaste tysk Pengehandlar, som ein kann segja heve nokon Innverknad paa Pengemarknaden. Huset Bethmann, ein Gong det fyrste i Frankfurt er atterutsiglt for lang Tid sedan, og det er ikkje berre Rotschild som heve gjort det. Bethmann-Huset og fleire andre fører liksom eit Stilleben (stille Liv). Dei eig nok stor Rikdom, men dei heve ikkje noko aa segja korkje i Handelslivet elder i det sosiale Livet. Ils sont passés les jours de fête! (Det er ute med Festdagarne). Der er kringum 200 Bankar og Pengehandelshus i Byen, men det er vandt det er 30 av deim, som er i Henderne paa Tyskarar, Resti heve Jødarne. Dei speler Basen paa Børsen, dei heve ogso Hegemoniet (Yverstyret) i det sosiale Livet. I Heradstyri og i Politiken, der dei fyrr fekk nokon Motburd, heve dei au forstade aa smjuga seg fram fraa Embætte til Embætte, til dei naadde Høgdi, daa Jøden Miquél vart vald til Borgmeister.
           
Naar ein vil leita etter Grunnen til at Jødarne kann vera so um seg, at denne vesle Folkeparten kann naa fram til aa svinga Raadestaven yver heile den kristne Lyden, so er den ikkje vond aa finna. Han heiter Rotschild. Fraa den Stundi han for framum dei tyske Pengehandlararne tok Yvermagti til Jødarne til i Frankfurt. Det er kjend, at Rotschild for ein Del maa takka Fyrste-hjelp for Grunnlaget til sine Millionar. At Korefyrsten av Hessland var so styven, at han let Hird-Jøden stella med Skattarne sine for ei liti Avgivt, er det ikkje noko aa segja paa, det var hans eigen Eigendom, som han hadde Lov til aa øyda bort som han vilde. Men at det tyske Sambandsrike etter Semja med Frankrike i 1815, daa det franske Folket liksom i 71 maatte til med ovstore Utlegg til Uppbygging av tyske Riksfestningar at det tyske Sambandsrike let desse uhorvelege Summarne staa i 20 Aar hjaa Jødarne mot 2 % Rente, det var ein Uvyrdskap, som ikkje vittnar um at Riks-Skatmeisterarne i den Tid hadde stor Greide paa sine Ting. Det var det som lagde Grunnen til Rikdomarne til Frankfurt-Jødarne, til at Jødedomen vann yver den kristne Lyden baade i Pengevegen og i det sociale; fraa den Tid heve das Judenthum (Jødedomen), endaa Folket er so faatt, lyfta Hovudet byrgt yver dei storadelege Ætterne i den gamle Hansebyen og støytt ned Tankemaatar, som hadde Hevd i Hundrad-Aars Tal.
           
Huset Rotschild er, som alle veit, fremst i alt som vedkjem Pengestellet. Fraa Frankfurt raar det yver heile Sud-Tyskland; det kjem mest an paa det, hose det gjeng mæ Pengetilstandet i Bajern, Baden og Vyrtemberg. Svabarne (dæ gamle Folkenamnet) heve daa au funne ut, at Landskattemeisteren deira ikkje bur i Raadshuset i Stuttgart, men i Fahrgasse i Frankfurt. Mest alle Pengeumsetningarne til dei sudtyske Landi, som ein kan vita gjenom Aari er vorte Milliardar, heve Huset Rotschild havt Hand i Hanke med. Der finst snaudt ein Jarnveg i dei sudtyske Landi, utan at dette Huset heve stade Faddar til honom, men Faddargaava heve nok gjenge den galne Vegen i Loma paa Faggaren. Men det er ikkje berre Landspengarne, som Rotschild heve Magt yver paa denne Maaten, dei rike Adelsmennerne maa ogso for ein stor Del lata Huset greida Pengarne deira, som det finn for godt. For mange av desse gamle Riddar-Ætterne, som i Hundrad-Aar heve trona paa Riddarborgerne sine, der Sverdet ved Uppsedingi er rusta i Sliri, og der dei no er likso glade i den klingande Mynti som i Kjeklet og Striderne med Granneriddararne i gamle Dagar for deim er Rotschild-Lyden Penge-Oraklet, og dei let gjerna honom styra med Medelen sin. Paa den Maaten er det ei lett Sak for Huset at setja Garni sine rundt heile Tyskland. Og det er ikkje berre i Tyskland det er um seg.
           
I 1874 let Rotschild Russarkjeisaren faa 2000 Millionar Mark (1800 Mill. Kr.), som han vilde bruka til aa jaga den høge Porten og hans mohamedanske undergivne, Borni aat Profeten, ned i Bosporos. Han hadde vel au fengje fram denne kristeleg-menneskekjærlege Tanken, um han ikkje i det same Sundet hadde raaka paa eit Par Tylvter Skip med Kanonor, som hadde ei Røyrvidde, som det vist stod Age av, for Ryssen snudde um att, daa Albions (Englands) Kanonor gjorde honom heit um Øyro. Daa Rotschild den Gongen baud Folk skriva seg paa til detta ryske Laanet, so tok Bladi merkjeleg nok fat i det og ropa det ut som eit Fredslaan. For det er med Frankfurthuset som med andre slike vidrekkjande Hus, det raar yver Bladi. Hovudbladet, det hev i Sud-Tyskland, er Allgemeine Zeitung (Aalmenn Tidende) i Augsborg, det er høgt vyrdt og heve stor Magt. Det er nok ein annan som skriv Börsen-Berichte (Pengetilstandet paa Børsen) til det, men ein av Hovudmennerne for Rotschild-Huset dikterar. Det er helder ikkje meir nøgje paa det, en at det lokkar til seg Styringi av Penge-Stykki i dei Bladi, som heve ein mindr vid Lesarkrins. Det skal vera vist, at forutan Frankfurter Zeitung, er det vandt det finst eit einaste Blad i Sud-Tyskland, som vaagar setja seg i mot Rotschilds Vilje og Bate.
 
Medtevlarar heve ellest Rotschild-Huset nok av, og det for ein Del Folk, som er utlærde av Huset sjølv. Fyrst og fremst er det von Erlanger, norsk og svensk Generalkonsul. Millom desse tvo Husi skal Aabryskapen vera so stor, at Papir, um Namnet til Huset Erlanger berre stend paa Baksida, ikkje kann koma inn i Papir-Romi til Rotschild. Huset Erlanger som no heve fengje til Tevling alle Stader, der Rotschildarne fyrr var dei fyrste, heve ikkje mange Leder med Feggje etter Feggje. Der er mange i Frankfurt som kjende Grunnleggjaren, den Gongen han var Meklar i Teneste hjaa Rotschild og var det motsette av rik. Fyrst i Femtiaari tok han til aa fri seg ut, og det som lagde Grunnen til hans Millionar var nok den Sykjen for aa vera med i nye Bankar, som raadde ei Tid. Det var nok rett ei Ovtid for Jødarne. Bankarne voks upp som Sopp, og ingen strævde meir med Grunnlegging av nye en Erlanger. Det maa hava vore ei fæl Tid for Landet. Lutbrevi i Bankarne vart drivne tvifalt og meir upp mot det som stod i deim, og so vart dei ulukkelege, som hadde Kaupesykjen, og som laut sitja med deim, etter at dei i en Fart hadde sokke ned til mest ingenting. Lesaren vil lett kunna skyna, for uhorvelege Summar Erlanger, som ellest nettupp i den Tidi gjekk ifraa Fedratrui si og tok ved Kristendomen, maa hava stukke i Loma, naar han, Grunnleggjaren, som hadde havt smaa Utlegg elder berre sett Namnett sit paa Lutbrevi, realisera deim, etter at han hadde drive deim upp 4 elder 5 Gonger so høgt som den Summen som skulde innbetalast. Ein kann ikkje kalla det anna en Fusk, men slikt maa vel gjelda i Handelsheimen, for vist er det, at denne Handelspolitikken er Grunnsteinen til Rikdomen til von Erlanger, eit av dei største Pengehusi, som finst. Daa Sønerne voks upp, let den gamle Erlanger deim styra Avdeilder i Vien og Paris den siste serleg er ved stor Magt. Sist heve den gjort seg kjend ed ein Strid med den vidspurde Pengemannen Philippart, som no nyleg vilde kaupa ein gild Laugarstad av det ungarske Styret og faa i Stand eit rouge et noir der (raudt og svart, eit Lukkespel). Denne Striden var so kvass, at Hovudmannen for Huset sjølv maatte av Stad til Seinebyen daa vart Sigren vunnen. Dermed sluta han sitt Arbeidsliv; strakst etter døyde han, men fyrst hadde han do paa ein annan Kant vunne ein Siger yver Rotschildarne, han gifta burt ei av sine nærmast skylde med ein som høyrde til eit av dei finaste Hus i Faubourg St. Germain, ein Polignac, vist ein Ættling av den uheppne Riksraaden i 1830. Ein kann veta det er gefundenes Fres- sen (Mat for Mons), naar ein slik gamall selfmade (sjølvgjord) jødisk Pengehandlar, som vel ikkje heve andre Feder en slike som ein helst ikkje røder um, kann føra inn i Ætti si eit Adelsskjold som det Polignacske. Og slik ein Triumf yver Medtevlararne! - -                               
( Meir.)