[Notisar]

Den 7de August.
           
Enevold Falsen, Son til Kristian Magnus Falsen, er daaen. Han var Skrivar paa Midthordland, budde i Bergen.
 
           
Ole Bull vert betre og betre. Dæ er ikkje lenger Fare for Live no.
 
           
K. Knudsen, Yverlærar ve Latinskulen i Kristiania heve no tekje Avskil. Me ynskjer den gode Mannen Solskin paa sine gamle Dagar og Kraft til enno aa gjera noko i Maalvegen. Dæ er ikkje mange, som kann sjaa at Ende paa eit so rikt og daadugt Liv som han.
 
           
Jonas Lie er i Sumar til Fjells i Bajern. Han skriv paa ei Forteljing, Rutland, Namne paa ein Slupp, som ein Fragtemann fer med.
 
           
Jon Erikson, Svensken i Amerika som fann opp Monitoren, heve no stellt i Stand ei Maskine, som vert drivi mæ Luft. Lufti vert oppvermd og avkjøld atter og set paa den Maaten Maskina i Gong. Mæ ein Sylinder paa 8 Tomar kann ho paa ein Time faa 12 Tunnor Vatn opp i ei Høgd av 50 Fot. Prisen er liten. Ei Spirituslampe gjev Varme nok.
 
           
Good Templars. Av desse er der no 2382 i Lande, derav 1783 Mannfolk og 600 Kvinfolk.
 
           
I Arendal byggjer dei no paa eit nyt Skulehus, som skal kosta 200,000 Kr.
 
           
Hestesjaa skal dæ vera i Kristiania den 30 Septbr. og 1 Oktbr.
 
           
Mæ Sælfangsten gjeng dæ godt i Aar. Sandefjords Tidende meiner, at dei 14 Skipi, som er heime paa den Kanten, fær ei rein Innkome av 1 Million Kroner.
 
           
I Danmark heve dei fengje i Stand ei ny Hærlog, mæ di dei moderate og høgre slog seg i Hop. Rikstinge er sluta, etter at dæ no heve sete i 10 Maanadar.
 
           
I Frankrike heve dæ vore Amtstingsval. Dæ er valde 902 Republikanarar og 373 konservative. Paa 125 maa dæ vera Omval. Dæ er etter dette 240 Republikanarar fleir i Amtstingi en fyrr.
 
 
I Turkland ser dæ spelegt ut, og dæ er ikkje godt aa veta, hose dæ vil ganga. Dæ synest nokon kvar tru, at dæ snart tek paa mæ Enden for den sjuke Mannen. Naar han no heve bore detta Namne i 30 Aar snart, so kunde dæ ikkje vera for tidleg om dæ leid mæ honom helder.
 
           
Det islandske Flage er blaat med ein Falk i. Fyrr heve Islendingen bruka dæ danske Flage, men etter at Landet fekk sin Fridom att (endaa han er no berre halv), heve Landsflage meir og meir vorte godkjent av Folke. Dei danske Høgrebladi heve no gjort Gjøn mæ den islandske Flagsak, likesom dei norske med Flagsaki her, men Islendingarne heve no ikkje late seg skræma.