[Notisar]

31te August.
 
På bondebarnets bokmål, No. 7 for 1880, dæ 17de Arke av Bibelsoga aat Tang er utkome. Dæ fyrste Stykkje er: Jesus lækjer ein som har månesykja, dæ siste: Den tapte sonen. Den sanne hugvendingja. Aarsprisen er 2 Kr. 20 øre for 12 No.
           
 
Ole Bull er heimkomen sjuk; men der er Von om at han skal verta god att.
           
 
C. F. T. Koller, som styrar Landbruksskulen paa Haug i Vardal (Vestoplandi), skal nok verta Styrar av Landbruksskulen paa Aas.
           
 
85 Skip stod paa Stabelen Lande rundt den 1ste Juli.
           
 
I Avganistan held Ufreden paa. Engelsmennerne vilde setja inn til Styrar (Emir) i Lande ein Abdurraman Kan, som er skyld til dei tidlegare Emirarne. Farbroder hans, Ejub Kan, var ikkje nøgd med di; han heve fengje i Hop 12000 Mann og mæ desse heve han no slege den engelske Hæren som stod lengst inne i Lande og øydelagt honom slik at dæ berre kjem Smaaflokkar av honom atende til Kandahar, som enno er i engelsk Magt. Soldatrar fraa Bombay og andre indiske Byar sprenger no av Stad til aa berga Landsmennerne sine i Fiendelande.