[Nordlands Folkeblad]

Kristiania, den 29de Juli.
 
Nordlands Folkeblad kjem ut i Mosjøen kvar Tysdag og kostar 4 Kr. Aaret. Det er eit nytt Blad, som teiknar godt, er frilyndt og synest vera godt styrt. Formatet er stort, so det gjev mykje for Pengarne. Det er av dei Bladi, som Folk bør stydja.
           
Nordmanden, som kjem ut i Fredrikstad kvar Torsdag og kostar Kr. 1.65 for Halvaaret (med Porto og alt) er eit godt og overlag innhaldsrikt Blad. Me tek for oss eit Nummer paa Slump No. 4 -; det inneheld: Vort folkelige Program; Af Bondestandens Historie; Hvor Herrens Aand er, der er Frihed; En Baptistdaab; Et indiansk Sagn; Kagekonen (Forteljing); Nyheder (som det er mange av); Smaa- pluk; Føljetong (En Forbryders Historie av Charles Dickens). Det er baade mykje og godt, og Prisen er utruleg billeg. I Politikken er Bladet frilyndt og folkelegt. Eit slikt Blad maa kunna haldast uppe.                          
 
G.