[Er det ei Naturlog dette]

Er det ei Naturlog dette, at Prestarne i det heile og store altid stend Folket imot?
           
Er det ei Naturlog, dette, at Prestarne snart sagt altid skal gjera Lag med Kongarne um so langt dei paa nokon Maate kann aa gjera Folkets Fridom, d. e. Folkets Menneske-Rett og Menneske-Verd, til Inkjes?
           
- Kor hev me Prestarne i denne Tid? Me hev dei ikkje i fremste Fylking, ikkje millom dei Førande, dei, som er uppglødde i Tru og Mod, i Von um Framgang, i Kjærleik til alle og serleg til dei, som ligg nedtrykkte og vanvyrde, i Naud og Jammer, smaa for Verdi, men store for Gud, - nei! men i Bak-fylkingen, millom dei, som er rædde, millom dei som tvilar, millom dei, som klamrar seg av all Magt til det Daude, til det, som hev livt, til det, som sjølv treng Studning for aa haldast uppe, millom dei, som hatar Framgangen, og millom dei, som vil, at dei Nedtrykte og Smaa skal haldast nede!
           
For ei blodig Spott. Det er i Lag med Morgenbladet, at Kristi Tenarar no stend. Det er i Lag med dei Store i Verdi, med Kongar og Hoffpakk, med officiel Lygn, med Vanetrui og duld Vantru, med alt det, som ikkje lenger hev Idealitet elder Livs Von, - det er i Lag med dette, at Kristi Tenarar no stend! Kann slikt hengja rett ihop?
           
So mykje er visst, at like eins som Stangs Regjering i desse Dager med sin kongelege Politikk skapar Fristatsmenn i Tusundtal, like eins skapar Prestarne med sin kristelege Politikk i Tusundtal av Fritenkjarar. Men kanskje er ikkje det so faarlegt? Kanskje er det meir verdt aa berga ein stor Prestegard enn aa frelsa ei Sjæl? -