[Eit franskt Blad]

Eit franskt Blad, National, skriv den 19de ein Redaktionsartikel, som me tek inn eit Ordrag or etter Berg. Tid.:
           
Den Forfatningsstrid, skriv Bladet, som Telegrafen hev meldt oss eit og annat um fraa Kristiania, ser ut til aa veksa slik, at det kan verta mindre hugsamt for Kongedømet.
           
Det var fraa Fyrstunne berre Tale um ei Umbot, som ikkje i minste Maate vedrørde Kongens Prærogativer. No er Kongen sjølv dregen personleg inn i Striden, og fell den Regjeringi, som han held uppe, vil det vera ei personleg Nedbøygjing for honom, som Kongedømet ikkje vil kunna vinna upp att.
           
Norig med si halvt republikanske Forfatning hev likevæl ikkje parlamentariskt Styre. Riksraadarne, som Kongen utnemner, stend uavhengige av Nationalforsamlingi; men til Gjengjeld hev Kongen berre suspensivt Veto. Det norske Folkeparti hev røynt, at dette (uparlamentariske) System seinkar Forretningsgongen og skapar Meinhøve, som Ein letteleg kunda sleppa, naar Ein fekk i Gong eit endeframt Samarbeide millom Regjering og Folkeforsamling. Til dette Augnemed hev Storthinget tri Gonger vedteket eit Grunnlagbrigde, som er meint paa aa skapa eit verkeleg parlamentariskt Styre og verkelegt Minister-Andsvar. Oskar II elder rettare Statsraadarne hans held paa, at Kongen hev absolut Veto i Grunnlogsaker. Storthinget negtar dette og vedtek ei Uppmaning til Regjeringi um aa promulgera Storthingsavgjerdi som gjeldande Grunnlog for Framtidi. Ny Negting fraa Statsraadet i Kraft av det absolute Veto. Striden fær eit kvassare og kvassare Lag. Flertalsførararne i Thinget fær fraa alle Kantar Helsingar og Ordsendingar, som lovar kraftig Tilslutning fraa alle Demokratar. Dei Blad, som talar dette djerve Fleirtals Sak, melder, at Thinget ikkje vil gjeva etter, men at ein Riksrettsklage ikkje vil kunna forandra Stellingi, den frilyndte Folkemeining skal finna andre Raader, som er kraftigare og vil gjeva gagnlegare Hjelp.
           
Og dette er ikkje tome Trugsmaal. Det er gamalt i Nordlandi, at Folket gjer Motstand mot kongelege Overgrep, og det endaa at Kongedømet deruppe aldri hev havt denne Guddomsglans aa kalla for, som i Frankrik og andrestader hev sett ei so djup Motsetning millom Einstyret og det moderne Samfund. Einstyret er deruppe, og serleg i Norig, inkje nokot annat enn ein gagnleg Samfundstilskipnad; og kunde der med Grunn reisast Tvil um denne Tilskipnaden var gagnleg, so vilde det ikkje vera dei gamle Minne, som skulde hindra Normennerne i aa faa Huset Bernadotte ifraa seg, likso kvikt som Svenskarne avsette Wasa-Ætti, endaa den hadde heilt andre djupe Røter i Folkesoga.
           
Visst er det, at Kong Oskar ikkje vil kunna lita paa Svenskarne til aa kua ei Reisning i Norig. Det Partiet, som hev Magti i Stortinget, hev visst aa vinna seg Venskap i Sverig og Danmark, og Sambandet millom dei skandinaviske Demokratarne er alt upp i Dagen nok til aa gjeva dei kongekjære Bakstrævararne ymis Hugverk. - Det er for Augo synt, at den ubøygjelege Radikalismen hjaa Nordmennerne ikkje vekkjer den Harme i Sverig og Danmark, som dei meir og mindre reaktionære Blad i desse tvo Lands Hovudstader finn for godt aa fortelja.
           
- Det sanne er, at Norig i Røyndi alt er ein Fristat, og at Sverig og Danmark eig alle dei Vilkor som trengst for aa verta det. I alle tri Land er det Bønderne, som i Røyndi er den
førande Klassen. Dette Bonde-Demokrati er paa ein Gong konservativt i sociale Spursmaal og radikalt i dei politiske. Det hev ikkje nokot sams med Arbeidarproletariatet i Millomevropas Storbyar. Socialismen kann ikkje faa Tak i Jordbrukararne og Sjømennerne, som ihoplagt er den store Folkemengdi.
           
Soneson hans Bernadotte er ikkje Mann for aa stansa den Rørsla, som hev teket Fleirtalet av det norske Folk, og som vil gjeva ny Kraft til Fridomsstrævet i Sverig og Danmark.
           
- Som me ser, veit Bladet rett god Greida av aa vera eit fransk Blad.