Kunnskapen vaar.

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald).
 
Det er Vitenskapen, som forklarar Kjenskapen til Kunnskap.
           
Vitenskapen gjeng same Vegen som det naturlege Vit: fraa den store, ville Natursamanheng gjenom Utskiljing og Ordning til ein klaarare og meir gjenomlyft Tanke samanheng; men han gjeng Vegen paa ein annan Maate. Det naturlege Vit lærer utan aa vita av det, utan aa tenkja paa det, og det vert daa deretter: uklart og paa eit Raam; Ein veit ikkje sjølv Greida paa sin eigen Kunnskap; men Vitenskapen lærer med fullt og klaart Medvit: veit, at han vil læra, veit, at han lærer; veit, kva Maate han lærer paa, Reglarne, han gjeng fram etter og Grunnarne han byggjer paa; difor veit han og altid, kor mykje han veit, og kann skilja klaart millom det, som han veit og det, som han ikkje veit, millom det, som han er stød paa, og det, som han berre tenkjer seg til elder trur. Det er dette klaare Medvit, denne faste, gjenomtenkte Framgangsmaaten og denne gjenomførde Kontrol med seg sjølv, som gjer Vitenskapen til ei slik aandsfrigjerande Magt. Det kann gjerna henda, at det ikkje er so fælande mykje, Ein i likefram Meining veit; men sjølve den Maaten Ein veit det paa, gjev Daning og Aandsfridom, gjer det, Ein hev lært, til sann Kunnskap.
 
Ein kann hava Daning paa denne Maaten, um han ikkje er lærd, ein kann vera lærd, boklærd yver Maate, og endaa vera utan Daning. Det er godt aa kunna mykje; serleg kann det vera praktisk nyttigt; men for sjølve Aandskulturen er Vegen til Kunnskap likso vigtig som Kunnskapen sjølv.
 
Vitenskapsvegen til Kunnskap er den: aa læra med klaart Medvit og med sjølvstendig Prøving av Framgangsmaate og Grunnar. Den, som ikkje hev lært paa denne Maaten, kann sjeldan rett forstaa, kva Kunnskap er. Han vil halda alt for Kunnskap, som han berre paa Sætt og Vis hev fengje inn i Minnet sitt, og det eine vil vera likso godt som det andre. Hev han t. D. lært Pontoppidans Forklaring, so vil han tru, at han dermed hev vunnet ein Kunskap, som er likso god som den, at 2 + 2 = 4. Han trur han veit det han hev leset i Pontoppidan, likso væl som han veit det han hev leset i Feragens Reknebok. Han kann ingen Skilnad gjera millom den Kunnskapen at Petrus paa Kvitsundagen talad samstundes i fleire Tungemaal, og den Kunnskapen, at 2 lagt til 3 gjev 5. Kvar Mann, som hev berre ein liten Snev av Vitenskap i seg, forstend, at det, som stend i Pontoppidan, det kann ingen i Verdi vita, det maa Ein tru; men Læresetningarne i Mathematikken kann Ein vita, for dei kann Ein gjeva seg sjølv klaare og visse Grunnar for. Det er dette som gjer, at denne Pugglesningi i Folkeskulen er so fordummende. Istadenfor aa klara Tankarne og frigjera Aanden, rører ho all Ting ihop, so dei, som fær Kunnskapen sin der, ikkje eingong kann skilja millom det dei veit og det dei ikkje veit; det eine er likso godt som det andre. Dei stend reint hjelpelause. Dei kann for den Skuld tru alt, som dei berre fyrst fær høyra.
 
Vitenskapen hev altso det medvisste Formaal, at han vil læra. Han tek ingen Ting paa Slump. Det vanlege Kvardagsvit tek den Kunnskapen, som det fær til Gjevande; Vitenskapen søkjer Kunnskap. Kvardagsvitet nøgjer seg, berre det fær so nokonlunde Greida paa dei Ting og Tilfelle, det just raakar upp i; Vitenskapen skrev full Samandrag og gjenomgranskar alt. Kvardagsvitet hev nok, naar det fær vita so mykje som det treng for aa hjelpa seg i Livet; Vitenskapen spyrr mindre um dette, men prøver aa finna ut det, som i seg sjølv er sannt. Han vil hava Kunnskap, d. v. s.: han vil kjenna den sanne Grunn og Samanheng i Livet. Her hev me det, som er Grunnmerket for Vitenskapen: at han i klaart Medvit søkjer Sanning. Det lyt vera det same, um Sanningi synest rimeleg elder urimeleg, elder um ho kanskje er i Strid med det, me helst kunde ynskja; Vitenskapen kan ikkje bry seg eit Grand um dette; han gjeng sin eigen visse Veg og hev berre eit einaste Formaal: det aa faa vita kva som er sannt.
 
Vitenskapen hev arbeidt lengje, fyrr han vart so klaar yver seg sjølv som han no er. Han hev kavat seg fram gjenom tusund Mistak; mangt av det, han hev søkt etter, hev han ikkje funnet, fordi han søkte Draum meir enn Sanning, og mangt av det, han hev funnet, hev han ikkje søkt, men funnet det som av eit Tilfelle. Men søkt og strævat hev han, meir og mindre uklaart, og no kann Ein væl segja, at han hev naatt fram til fullt Medvit um, kva han vil, og dermed hev han og fenget vissare Syn paa Veg og Maate.
 
Naar Vitenskapsmannen vil læra nokot, det kann vera litet elder stort, so tek han det for seg og undersøkjer det etter visse faste Reglar, som han gjenom Prøving og Utrøyning hev funnet, at han kann lita paa. Lat oss tenkja oss, at det er Dyreheimen, han vil studera; han hev for seg eit vist Dyr.
 
Han veit daa, kva det er for Merkje han skal sjaa etter. Um han ikkje visste det gjenom Utrøyning, so vilde han ialfall ha gjort seg ein Tanke (Hypothese) um det. Det er visse Ting, som han ikkje bryr seg um, utvortes, tilfellige Ting; det, han skal halda seg til, maa vera Merkje, som er av det Slaget, at dei høyrer denne Dyrformi plent og naudsynlegt til, væsentlige Kjennemerkje, som han altso kann venta aa finna att hjaa alle Dyr av dette Slaget. Han ser t. D. paa Tennerne; han undersøkjer Innvolarne, Beingrindi, Blodlaupet; han tek i det heile slike Ting, som han trur merker Dyret; og naar han hev undersøkt dei, dømer han kva Slag Dyret er av. Han finn t. D., at Løva høyrer til same Ætti som Katten, at Elefanten og Grisen er Brørar, at Kvalen ikkje er Fisk, men Spendyr osfr., _ mange Ting, som kann sjaa rare nok ut, men som hev so klaare Grunnar for seg, at dei maa vera sanne. Etter dei sanne Grunnreglarne samlar han dei ulike Serslag i Klassar og Klassarne i Ætter. Det vert større og større Bolkar etter kvart, med fleire og fleire Underavdelingar; men alt er greidt, regelbundet og klaart som Rim og Rader i eit vælbygt Dikt.
           
Tek han so alle Ætterne og samlar inn under Eit, so fær han denne uhorveleg store Skiljing, som Ein kann kalla eit Natur- Rike, her Dyre-Riket. Her er alt samlat, som etter dei store Grunnmerki høyrer ihop, fraa den staute Hesten og den fagre Fuglen til Makken i Moldi og Havmolluskorne, som ikkje ser stort likare ut enn drivande Slimklysur. Det er underlegt aa tru, at so ulike Ting kann vera paa nokon Maate samskylde, men Vitenskapen viser det greidt og klaart; han gjeng ikkje etter det, som ser ut, men etter djupare og vissare Merkje.
           
Slik ei Storsamling av større og mindre Tankebolkar, samanskipade etter Skyldskapen elder etter som dei hev færre elder fleire Merkje tilhopes, er det, Ein kallar eit System elder ein Lærebygning. Det største (vidaste) Umgripet kann du, naar du er komen so langt, setja upp fyrst; so under det dei næst-største, under dei att kjem mindre og mindre Tankebolkar alt fort, liksom du kann tenkja deg eit Tre med Roti upp: fyrst Roti, so Storgreinerne, so mindre Greiner, som skil seg sund i mindre og mindre, til dess det vert berre einskilde Kvistar, som er so mange, at du ikkje kann telja dei. Den som hev slikt eit System greidt og klaart inn i Tanken sin, so han kjenner det med alle dess Bolkar og Underbolkar og Kjennemerkje, radt ned til dei ytste Oddarne, kann Ein kalla lærd. Han vil kunna segja deg ikkje berre Namnet paa kvar Ting, som høyrer til i Systemet, men han vil og vita, kva Rom det hev der, og Grunnarne til, at det hev dette Romet. Er det Dyreriket, han kjenner, vil han kunna bestemme kvart Krek, som han ser, d.v.s.: innføra det i Systemet etter dess rette vitenskapelege Kjennemerkje der, som det høyrer heime, under rette Ætti, rette Klassen og rette Slaget; ja um det var eit Dyr, som ikkje fyrr var kjennt, vilde han for det meste endaa kunna finna Romet aat det, endaa det er ymse Dyr, som stend so midt imillom andre Dyreslag, at det ikkje er godt aa vita, kor Ein helst skal gjera av dei.
           
Vitenskapen um Dyreriket heiter Zoologi, Dyrekunna. Ein kann taka Voksterriket (elder Blomeheimen) paa same Maaten og setja det i System; Læra um det heiter Botanik. So kann du slaa desse tvo store Rike ihop; for dei hev iallfall eit Grunnmerkje tilhopes, og det er Livet. Daa hev du samlat alt Livande inn under eit, og inn i ein stor Heim, som du kann kalla Livheimen. Det gjeng høgare og høgare upp her, men og djupare og djupare ned. For di meir du slik samlar ihop, di meir og meir av dei mange serskilde og mindre Kjennemerki maa du draga ifraa, og di nærare og nærare kjem du innpaa sjølve det store Grunnmerket, som daa og meire og meire vert Grunnspursmaalet, det øvste Formaalet for Vitenskapen paa denne Kanten.
           
Naar me kann faa fram slik ei Skiljing som den, me no hev kallat Livheimen, so kjem det av, at her finst ein annan Heim, som ikkje eig dette sermerkte, som me kallar Liv; det er det tridie store Riket i Naturen, Steinriket, Daudheimen. Hit høyrer alle Steinslag, Malmar, Luftslag og andre Ting, som er utan Liv. Kjenner du dette med, jamsides dei andre, so kjenner du heile Naturen her paa Jordi, d. v. s. fraa Utsida. Du kann Naturhistorie, som dei kallar det. Det er ein stor Vitenskap, uendelig rik som alle dei andre og overlag forvitneleg. Men i sine ytste Oddar peikar han inn mot andre Vitenskapar, som ber ymist djupare inn.
           
Den, som vert liggjande berre i sjølve den nakne Systematikken med sine Avdelingar og Kjennemerkje og ikkje kjem lenger, vert lett aandlaus i sin Kunnskap; menn aandlaus Kunnskap er ikkje Vitenskap. Det er i det høgste Lærdom. Det kann vera likso godt Puggverk det som nokot annat. Men endaa at Naturhistoria synest vera ein helder utvortes Kunnskap, som ikkje er stort annat enn turr Systematik, so vil den, som studerar henne med Aand og opne Augo, snart sjaa, at sjølve denne Systematikken fører inn paa djupare Spursmaal. Den, som t. D. studerar det livlause Naturriket, kjem snart innpaa Ting, som viser yver i Kemien, denne merkelege unge Vitenskapen, som med Tidi vist vert ein av dei Kunnskapsgreinerne, som kjem til aa føra oss lengst fram. Og studerar ein Livheimen, so vil Ein sjaa, kor Systematikken strakst peikar av inn i høgare Vitenskapar. Tek me Dyreheimen, so vil me sjaa, at det, som gjer Dyret til det det er, gjev det dess vissaste og klaaraste Kjennemerkje, det er den Maaten det liver paa. Det er Livemaaten, som skaper Dyret, merkjer det i Eit og Alt, fraa Tennerne til Klørne, fraa Innvolarne til Hudi og Hudklædnaden. Skal Ein daa til Gagns forstaa Systematikken, maa Ein inn i Læra um Livet og er daa strakst innpaa Ting, som gjøymer i seg dei sværaste og høgste Spursmaal. Ein maa her granska kvar Ting for seg skilja fyrst og samla sidan - -; men Ein er innpaa det. Der hev Ein fyrst sjølve Næringslivet: Maaten aa finna og faa i seg Maten paa, Matmeltingi; er Maten meltad, gjeng han yver i Blodet; der hev Ein Blodlaupet, som i det heile er det, som held Livsverket i Gang; det kann vera stellt paa ulike Maatar, men i den mest utførde Form viser det eit Hjarta, som driv Blodet gjenom Aarur rundt i Likamen, der et avset nye Emne til Kjøtdaning, gjeng so tilbake til Hjarta att, derifraa upp i Lunga, der det kjem til Møtes med Lufti og gjev fraa seg til den dei Emni, som det ikkje kann bruka; _ der hev me altso Andedraatten, ein ny Led i dette forunderlege Gongverket, greid nok aa sjaa til: berre eit Pumpeverk; men like merkjeleg for det. Der er Næringslivet i sine store Grunndrag. Men so hev me høgare Livsøvingar: Rørsla og Sansningi. Der kjem me endaa eit Stig lenger upp, elder lenger inn. Me maa til aa granska Nerveverket og Heilen. Det viser seg daa, at Likamen er som gjenomspunnen av sine Nervestrengjer, som kvar er til sitt Bruk; sume gjeng ut i Hudyta og er til aa kjenna (elder i det heile til aa sansa) med; andre gjeng fraa Heilen ut i Musklarne; naar no Viljen byd ein Lem aa røra seg, so gjeng, det Bod um dette gjenom Nerva ut i Muskelen, og strakst dreg Muskelen seg ihop, og so kjem Rørsla i Gang. Men gjenom dette gaatefulle Gongverket arbeider Vitenskapen seg like upp i dei høgste og sværaste Spursmaal: dei sjælelege, og Ein liksom fær den fyrste Glytten inn i sjølve Psykologien.
 
( Meir.)