Hjartesukk

aat vaare politiske Farisæarar.
           
Aa Gudskjelov, at me ikkje er som annat Folk! Me korkje lyg elder agiterar elder er Partimenn elder er som den Verdens Gang, som der stend; men me er bra Folk og Heidersmenn og Samfundsstøttur alle ihop, og me gjer ingenting, som ikkje vert rost og samtykt av baade Prestar og Bispar.
           
Me lyg ikkje - utan paa vaare Motstandarar; me agiterar ikkje utan naar det trengst. Og daa agiterar me i Guds Namn og brukar Prestar og andre heilage Menn til vaare Ærendsveinar. Og aldri er me med i nokot Parti utan i det, som strider for den gode Sak; men den gode Sak, det er vaar Sak det. Aa, for Gudsfuglar me er, og Fagnadfolk reint!
           
Me er Guds utvalde Stridsmenn; hans Kyrkja styd me av all Magt, og me bukkar og bøygjer oss i alle vaare Blad for honom og Kristus, anten me no trur paa dei elder ikkje. Me gjev Pengar til alle gudelege Basarar, Missionar og Stiftingar; me ofrar i tusundvis til dei Bladi, som arbeider for den gode Sak; men dei Radikale er me etter som Kleggen, dei Radikale, som vil riva ned baade Guds Hus og Stangs Taburettar, og me baktalar dei og spottar dei og brukar all vaar Magt til aa gjera dei vondt. Og Pøbelen, dei Smaae og Arme og Besiddelsesløse i denne Verdi, dei arbeider me trufast paa aa halda nede, so dei ikkje skal arbeida seg upp og faa sin Rett; for kor skulde det gaa med oss og med Kongen og med Vaarherre sjølv, dersom ikkje m e raadde i Landet, _ me, dei Rike og Megtige, me som hev Pengar og Moral?!
           
Ja, godt og væl, at me ikkje er som annat Folk! Me korkje lyg elder agiterar elder er Partimenn elder er som Verdens Gang; ikkje eingong Aftenposten er som Verdens Gang! Aa, maatte han som me hjelper so trufast i den store Striden mot Vantru og Gudløysa, - maatte han hava eit lite Auga med Verdens Gang! og med den lavere Presse! Maatte han passa det so, at dei radikale Bladi ikkje fekk for mange Tingarar elder for mange Lysingar, men at vaare Blad fekk det alt ihop! Daa skulde me endaa trufastare hjelpa og verja honom, og kunde me, so skulde me byggja honom Kyrkjur i kvar Gata og kvar Grend, og uppretta tusund nye Prestekall til hans Æra!
           
- For me er hans Menn; dei Rike og Megtige, me, som hev det godt paa Jordi, me, som er moralske og fine og som hev Gullstas paa Kjolen og som aldri blandar oss i Lag med Tollarar og Syndarar, me er hans Vener og Verjarar; men dei Radikale, dei vil øydeleggja baade Guds magt og Pengemagti. Amen!
 
VII.