Det suspensive Veto.

H. Bentsen, I. Steen m. fl. hev sett fram Forslag um, at Kongen skal hava suspensivt Veto i Grunnlogsaker.
           
Etter den nyare Rikstanken er det so, at Folket, det suveræne Folk, sjølv og aaleine gjev og forandrar Grunnlogjerne sine. Dette maa og vera det einaste rette, av di det er Folket, som er Samfundet.
           
No er det sannt, at det bør ikkje vera for lett aa faa umgjort ei Grunnlog. Grunnlogi skal vera det, som stend, allvist i dei store Drag. Ho maa ikkje skifta for tidt, so sannt det skal verta jamn og stød Utvikling.
           
Men ho maa helder ikkje innebyggjast so sterkt at ho stengjer reint av for Utviklingi. Det maa vera so, at ho kann umgjerast, men ikkje fyrr det er vist, at Folket i fullt Aalvor vil det.
           
Det vilde etter dette vera det rettaste, at Grunnlogforandringarne hjaa oss gjekk for seg paa den Maaten som det er fastsett i den franske Grunnlogi av 1791 elder i den spanske av 1812. Altso: anten so, at det vert valt eit serskilt Revisionsraad, ihopsett av Storthinget og desutan nokre serskilt valde Menn, som møter upp til visse Tider for aa gjenomsjaa og i Tilfelle umgjera Grunnlogi; elder so, at Storthinget, naar eit Grunnlogforslag er framsett, fær serskilt Fullmagt av Veljararne til aa taka dette Forslaget for seg til Dryfting og Avgjerd.
           
Dette vilde etter Grunnarne (principielt) vera det rette.
           
Men det er ikkje altid, Politikken held seg strengt til Logikken. Ein kan segja, at desse Maatarne er væl tungvinnte og mindre praktiske. Det lettvinnaste er, at Grunnlogforslag, naar dei fyrst er komne so langt, at dei kann verta forsegtekne, vert medstelte paa Lag som andre Forslag. Det mest praktiske er, at di gjeng same Vegen, gjenom dei same Formerne som Logjerne hellest. Det vil so gjerne draga den Vegen likevæl, gjenom Vedtekt og Vane. Og det suspensive Veto hev ikkje stort aa segja i Prinsipet; det suspensive Veto er berre ei av dei Formerne, ei Log maa gaa igjenom, fyrr ho vert Log; men det er Storthinget, som gjenom desse Formerne hev Lovgjevningsmagti like godt.
           
Men her er det ein Ting, som Thinget ikkje maa gløyma.
           
Dersom Thinget innfører det suspensive Veto, so innfører det ein Ting, som det veit at Riksthinget paa Eidsvoll ikkje vilde hava. Det var framme eit Forslag paa Eidsvoll um, at Kongen skulde hava suspensivt Veto; men dette Forslaget sagde Riksthinget Nei til. Dei var støe i Grunnarne, desse Gamlekararne. Men istadenfor Veto, og istadenfor serskilt Revisionsraad, sette dei inn nokot annat, som skulde vera fullt so godt til aa hindra for store og braae Umkomplingar; dei sette inn i § 112 den Forskrift, at dei Forandringarne, som vart gjorde i Grunnlogi, maatte ikkje vera i Strid med Grundlovens Aand, Grundlovens Principer, men berre vera Modifikationer i enkelte Bestemmelser.
           
Dette meinte Eidsvollsmennerne var fullgod Trygn for ei jamn og stø og konservativ Utvikling; naar so dei Formerne, § 112 hellest fastset, og vart brukte, so trongst det ikkje fleire Kautelar.
           
Riksthinget vilde ikkje hava fleire! Skulde det vera endaa fleire Stengje for Grunnlogforandringar, so vilde Utviklingi verta altfor sterkt tyngd; Grunnlogi kunde i dei skiftande Tider verta so stiv og trong, at ho ikkje lenger høvde til Liv og Tilstand, og det kunde avla mykje verre Umkomplingar og Umkast enn dei, som Ein med sine Kautelar vilde hindra.
           
Me trur, at Riksthinget hadde Rett i dette. Og det er det, Thinget no bør minnast.
           
Innfører dei Veto, so maa dei samstundes taka ut det, som Riksthinget sette inn istadenfor Veto; gjer dei ikkje det, so gjer dei nokot, som dei veit er i Strid med Grunnlovens Aand.
           
Skal det verta so, at 1) maa berre visse mindre Ting i Grunnlogi brigdast, 2) maa dette gjerast paa ein slik Maate, at det vert heile 3 Aar millom at Framlaget vert framsett og til det vert dryft, 3) krevst det 2/ 3 Fleirtal, og so tilslutt kjem 4) det suspensive Veto, som kann utdrygja Vedtaket endaa i 6 Aar; _ skal det verta so, og me dertil minnst, at det gjerna tek heile og halve Mannsaldrar, fyrr Ein i dette konservative Landet kann vinna fram til 2/ 3 Fleirtal, endaa um Kravet paa Forandring er nokso aalment. so vert Grunnlogi so innemurd og stiv, at ho knapt lenger kann halda Fylgje med Utviklingi. Og det kann verta ein speleg Ting. Det var ikkje so, Mennerne paa Eidsvoll vilde hava det.