[Notisar]

Den 24de Juli.
           
Av Bomuld brukar Noreg kring 6 Millionar Pund om Aare.
           
 
Den 14de Juli, som vel heretter vert Frankriks 17de Maj, vart halden mæ stor Stas og stor Fridoms Frygd. Kvart ein saag i Paris, so var alt raut-blaatt-kvitt: Flagg i tusend Tal, Klædebunaden, Vogngreidor, Husveggjer, alt var trifarga. Hæren fekk nye Merke elder Fanor. Der hadde nok aldri vore so mykje Folk paa Beinom men fredeleg og fint gjekk dæ likevæl, endaa mange i Fyrevegen spaadde ille.
           
 
I Saki millom Bjørnson og Sandberg er no fallen Yverretts Dom. Bjørnson skal bøta 100 Kr. til Rigskassa; etter Underretts Domen, som Sandberg ikkje vilde lita seg mæ, var dæ berre 50 Kronor.
           
 
Tunnellen millom Frankrike og England skal dæ no verta Aalvor mæ, segja dei. Etter dæ, dei trur, kjem han mest til ganga gjenom gamall Graakrit den er vatstett og fri for Sprekker.
           
 
Ei ny Øy er stige opp or Have paa Vestsida av Afrika inn mæ Asorerne. Ho er 40.000 kvadrat Alner stor.
           
 
I Sudamerika er det Ufred millom Chile paa den eine Side og Peru og Bolivia paa den andre. Chile vinn.