[Eit Centrumsparti]

Kristiania, den 23de Juli.
 
Eit Centrumsparti vil sumt Folk endeleg faa istand. Ein Mann skriv um dette i eit Høgreblad og segjer, at det paatenkte Centrumspartiet bør staa der no, som Vinstre stod i den eldste Tid.
           
Der hev me Bakstrævaren!
           
Det er det, som merkjer Bakstrævet: det kann ikke finna seg til Rettes i si eigi Tid og er endaa ræddare Framtidi; so tek dei Standpunkt i ei elder onnor av dei Tiderne, som hev voret, - meir elder mindre langt tilbake.
           
- Me hev ingen Ting mot eit Centrumsparti, dersom eit slikt paa naturleg Maate kann koam istand her i Landet, _ det me hellest ikkje trur. Men lat det vera som det vil. Gjerna eit Centrumsparti! For fylkar Slingringsmennerne seg ihop i Parti, so hev dei dermed godkjennt Partiorganisationen i det heile.
           
Men ein Ting vil me segja dette nye ufødde Centrum, og det er dette: hev det ikkje annat aa bera fram enn det, som Vinstre for 50 Aar sidan hadde framme, og som det meir og meir hev gjenomført, _ hev det ingen annan Ting enn dette aa bera fram, so kann det gaa heim og leggja seg med det same. Ingenting vilde vera meir tankelaust enn aa skapa eit nytt Parti, som ikkje aatte ein einaste ny Tanke.
           
Verdens Gang segjer stundom som so: Den og den Thingmannen, som hev faret so reint imot det Programmet han vart vald paa, bør Veljararne leggja Merke til! Daa vert Fædrelandet upprørt. Partityranni! segjer det. So snart ein Vinstre-Repræsentant er so sjølvstendig, at han hjelper oss Høgrefolk litegrand i ei Snarvending, _ strakst skal Veljararne manast fram! Men no etter Promulgationsstriden skreiv det same moralske Bladet um dei Herrar Steen og Castberg, som hadde voret med paa Sverdrups Forslag mot Fædrelandets Ynskje:
           
Her har Steens maadeholdne Vælgere faaet det klareste Bevis . . . Vi haaber, det ikke glemmes til næste Valg. Heller ikke antager vi, at Skiens Vælgere vil glemme Castbergs Tale.
           
- Ja slik er det med den Moralen! Nei, Mann er nok Mann, um han skaper seg nokso heilag. Moral og Sanning og slikt kann vera fælande godt til sit Bruk, og helst naar Ein vil andre til Livs; men naar det gjeld Ein sjølv _ so vert Politikken den stærkaste lell. Ikkje sannt, Fædreland? _ _
           
- Det er slik, Høgre vil hava det! Støe Høgremenn, som held godt ihop, men eit Vinstre av sjølvstendige Menn, som gjeng yver i Høgre naarsomhelst, berre for eit godt Ord. Kunde dei driva det til det, at det berre vart Høgre-Veljararne i Landet, som fekk ein Repræsentation, og at Folket hellest berre sende Slingringar, som Høgre kunde køyra med som dei vilde, _ jau daa hadde Bakstrævet vunnet!
           
- Vaar Moral er den: Høgreveljarar skal senda Høgre-Menn, Vinstremennerne Vinstremenn. Og so fær kvar Repræsentant røysta etter sit beste Vit og si beste Tru. H e v han daa den politiske Yvervitning, som han gav seg ut for aa hava daa han vart vald, og er han ikkje ein Styving, som ikkje kan sjaa, kor ei Sak peikar, - so røyster han i dei store Sakerne som Veljararne vil, i Samstev med det Programmet, han leet seg velja paa!
           
- Skulde ikkje det vera likso greidt som dette moralske Jabbet, som Høgrebladi fer med, og som dei gløymer strakst, so snart det gjeld deira eigne?
           
 
Der hev me nok ein av Grunnarne til, at Høgrebladi hev vortet so glade i Novemberlaget! For her um Dagen stod det aa lesa i eit slikt Blad, at det glæder os at erfare, at Novemberlaget ikkje tenkjer paa aa gjeva ut noko nytt Blad, men vil sama seg (og sine) ikring dei gode gamle Visdomsbrunnarne, Almuvennen med Tillæg og so Fædrelandet.
           
Det vert glade Dagar. Og det var vist paa Tidi. Almuvennen hev i seinare Aar tapt svært mange Tingarar, er det sagt, og Fædrelandet _ naa, det veit me ikkje nokot um; men det veit me, at baade Prestepungen og Prokuratorpungen tek fælande mykje.
           
Heretter kan me altso segja, at Novemberlaget er eit literært Samlag, eit Samlag til Kolportering av Fædrelandet og Almuvennen. Og kann det skaffa desse Bladi ein Flokk ( betalande) Tingarar, so hev det daa gjort nokot (tilgagns?) i sine Dagar. Stort meir vert det knapt.
           
Høgrebladi hev hellest Rett i det, at det er dumt av eit Parti aa hava mange Blad. Vaart liberale Parti øydelegg seg reint paa dette, at det ikkje eingong kann samla seg i Bladvegen. Me skulde hava tvo-tri Bald, som samlad um seg alle vaare skrivande Krefter for me hev fleire av det Slaget, me, enn Høgre! _, so fekk me gode Blad, og so fekk me Blad som lønte seg, istadenfor at no er det so, at mest kvar ein, som kann skriva reiser eit Blad sjølv, og so ligg me og konkurrerar kvarandre av all Magt ihel.
           
_