Kunnskapen vaar.

[Del 1 av 3.]
 
Kunnskapen vaar.
           
All Lærdom og Vitenskap gjeng i Grunnen ut paa det aa skilja og samla: skilja Ting fraa Ting, samla fleire Ting ihop i Klassar; skilja Klasse fraa Klasse, men samla Klassarne ihop att, etter som dei stend kvarandre meir elder mindre nære, i større og større og djupare og djupare Samanheng. Det aa finna Samanhengen i Tilværet kann Ein segja er Vitenskapens Endemaal; men det aa skilja, granska kvar Ting og kvar liten Del for seg, gjenomgranska alt det Einskilde, - det kann ein segja er Vegen.
           
Verdi ikring oss ser for det fyrste Augnekastet forunderleg vill og ugreid ut. Det er tusund Ting um kvarandre, alt liksom i Røra. Der ligg ein Stein, der stend ein Hest, der gjeng ei Elv, der flyg ein Fugl. Du stend og stirer paa alt dette og er like klok. Det fyrste du maa læra er aa skilja kvar Ting væl utifraa alle dei andre Ting, du ser; og det gjer du paa den Maaten, at du legg Merke til alt det, som denne Tingen er ulik dei andre i. Men paa den Maaten vert du liksom kjend med Tingen, lærer Tingen aa kjenna. Du hev fenget Tak paa visse Kjennemerkje, so at um du ser Tingen ein annan Gong, so vil du kjenna han att. Du hev med andre Ord fenget ei Fyresyning um Tingen; Tingen hev skapat seg um til eit Bilæte i deg sjølv, som du no liksom eig. Men dermed hev du og lært so mykje, at du kann taka til aa samla. Det er ikkje berre denne eine Tingen, du kann kjenna att, naar du ser honom fleire Gonger; men ved dei Kjennemerki, du hev fenget i deg, kann du og kjenna att andre Ting, som maatte likna denne eine. Du hev lært ein Hest aa kjenna; men raakar du so eit annat Dyr, som hev same Kjennemerki som denne eine, kjenner du det Dyret med. Du tek i Tanken dette nye Dyret elder rettare denne nye Fyresyning og legg til den fyrste, og slik held du paa aa samlar og set i Rekkja og Rad, til des du hev aalmenn Fyresyning um ein Klasse, ikkje berre ein einskild Fyresyning um ein einskild Ting. Og denne Klassen, denne Tankebolken, gjev du so eit Namn. Du kallar det Hest. Og fraa no av kann du trygt segja, at du kjenner det Dyret. Du kjenner ikkje berre ein einskild Hest, men du kjenner Hesten i det heile. Du kjenner alle Hestar. Du kann altid segja um det elder det Dyret, at det er ein Hest elder at det ikkje er ein Hest.
           
Men ved aa sjaa og samanlikna alle desse Hestarne hev du og fenget klaarare Skilgrein paa, kvat det er som er dei rette Kjennemerki for ein Hest. Det, at du i det heile kann samla fleire einskilde Fyresyningar inn under ei aalmenn (eit Umgrip, ei Skiljing), kjem seg av, at du er fødd med denne Gaava til aa samanlikna, leggja ihop og draga ifraa (abstrahera), som me kallar Vit. Eit Dyr kann og kjenna ein einskild Hest, fleire einskilde Hestar, men kann etter som dei fleste trur ikkje samla desse Serfyresyningar inn under ei Aalmennfyresyning, og difor fær Dyret helder aldri Kunnskap. Men du hev altso denne Gaava til aa samanlikna og abstrahera. Den fyrste Hesten du saag, var kanskje svart. Næste Hesten, du ser, kann vera kvit. Du vil daa vera i Tvil, um denne kvite er av same Slaget som den svarte. Men den tridje Hesten, du ser, er brun. Og den fjorde blak. Men i alle andre Ting er desse Hestarne like. So vaagar du deg daa endeleg til aa draga den Slutning, at Liten hev ingenting aa segja. Det er Hest like godt, kvat Lit han hev, berre han hev dei andre Kjennemerki. Der veit du strakst nokot meir um, kvat det er du skal kjenna ein Hest paa. Det er ikkje paa Liten. Og slik kann det vera med fleire Ting, ein Hest kann vera stor, ein annan liten; ein kann hava langt og stridt Haar, ein annan studt og fint; - du lærer aa draga alle slike tilfellige Ting ifraa, so du tilslutt berre fær att dei Kjennemerki, som alle Hestar hev tilhopes, - og daa hev du naatt upp til den reine Aalmennfyresyning, Umgripet, Klassen elder lat oss segja Slaget; du hev eit Stykkje Kunnskap.
           
Og paa same Maaten ber du deg aat med alle andre Ting, som du finn. Du skil dei fyrst ut, samlar dei so i Tanken, til eit Slag, og fær paa den Maaten dei visse Kjennemerki, so du altid kann kjenna kvar ny Ting av same Slaget. Du fær fleire og fleire Umgrip, du lærer. Tanken din vert rikare, vidare, større. Alle desse Umgripi er liksom serskilde Tankebolkar elder Tankerom, kvart med sitt Innhald. Og di fleire slike Tankerom du fær, di klokare er du. Hev du eit slikt Rom for alle Ting, du ser ikring, so du altid veit aa innføra kvar Ting paa sitt rette Rom elder gjeva kvar Ting sitt rette Namn etter sine visse klaare Kjennemerkje, so er du vis.
           
Men naar du fær fleire Umgrip, so lærer du og aa samanlikna desse seg imillom, for at du kann skilja imillom dei, og for at dei ikkje skal renna ihop. Du veit, kvat ein Hest er ulik ei Ku i, ei Ku ein Hest i o. s. fr. Men paa den Maaten fær du og etterkvart ei Meining um, kvat dei liknar kvarandre i. Og snart kann du samla fleire slike Slag ihop til ein større Klasse, som hev visse store Kjennemerkje tilhopes, endaa dei i mangt er ulike, og som skil seg sterkt ut fraa visse andre Ting, du kjenner. Du kann t. D. samla dei ulike Slagi Hest, Ku, Bjørn, Katt o. s. fr. ihop i ein Klasse, som du kann kalla Dyr i Motsetning til Plante, Stein o. s. b. Di meir du soleids kann samla i Storklassar, og di gløggare du samstundes kann skilja millom alle dei serskilde Slag, di klokare er du.
           
Slik ber me oss aat, ikkje berre med Ting, men og med Tilfelle. Du ser ein Mann dett i Vatnet. Naar han vert dregen upp att, er han livlaus. Du legg Merke til dette Tilfellet, det er nokot nytt og underlegt. Og du vil strakst koma til aa meina, at det er Vatnet, som hev drepet Mannen. Du er fødd med den Tanke-Grunnlog, at kvar Ting skal hava si Orsak; og naar du altso ser eit slikt Tilfelle, vil du strakst søkja Orsaki i det, som ligg nærmast for Haand. Ser du det same Tilfellet fleire Gonger paa same Maaten, vil du samla desse einskilde Tilfelli i nokot aalmennt, som me her for det fyrste kann kalla Regel, og som svarar til den aalmenne Fyresyning elder Umgripet, som me fyrr hev havt. Hev du naatt til den, so segjer du at du veit nokot; du veit, at naar det og det hender, so vil det og det fylgja etter: naar ein Mann dett i Vatnet, so vil han bliva.
           
Me fær her mest likso mange aalmenne Reglar, som me fyrr hadde aalmenne Fyresyningar (Umgrip), og so kann Ein paa same Maaten her samla fleire Reglar i større Sam-Reglar elder Grunnsetningar. Aa kjenna til desse er ikkje berre nyttigt, men naudsynlegt; Livet krev det til kvar Dag og Stund.
           
- Alt dette, som me her hev skildrat, gjeng no til det Jamne for seg i Tanken vaar utan at me sjølve legg vidare Merke til det. Det gjeng av seg sjølv; me er slik laga. Me veit ofta ikkje Greida paa, korleids me hev komet til aa vita desse Ting dessmeir, og allerminst gjer me oss Greida for, kvat me byggjer Kunnskapen vaar paa, elder kvat Grunnar me i det heile hev for oss. Denne Kunnskapen er difor ikkje Kunnskap i sann Meining; det er berre som ein praktisk Kjennskap, ei uklaar, ugjenomtenkt Røynsla, som nok kann hjelpa oss i Livet, men som ikkje rett kann upplysa elder frigjera vaar Aand, og som helder ikkje hev den rette Kunnskapens Gleda.
                                                           
Meir.