For seint.

For seint.   
 
Han hadde gjort ei forstyggeleg Gjerd,
ei Synd baade skamleg og fæl;
no laa han og vreid seg rædd og sjuk 
og harmad seg mest ihel.   
 
Haaret hans tufsad seg svart og vaatt
fram i hans Augnakvarm;
Neven var knytt som i Senedraatt
tett inn til den sjuke Barm. 
 
Han lyfte seg upp, og han seig ihop,
det skreik og det skar i hans Sjæl;
det fanst ikkje Frelse, det fanst ikkje Raad,
han vart galen, han kjende det væl.
 
Han stirde paa Kniven . . . so kvit han skein,
so roleg, so rein og god . . .
han skalv . . . han beit sine Tenner ihop,
og so  spratt det. hans unge Blod.
 
_ Det kvislad og rislad, det gaus og det rann,
han laag der, valen og kvit, _
han torde kje tenkja, han torde kje sjaa,
det stod stillt baade Hugs og Vit. 
 
_ Daa kjende han Dauden sigande seint
som ei Skodd um Hjartat hans inn.
Det govad fram som eit fossande Hav
av Rædsla og Nott i hans Sinn!  
 
Han lyfte seg kvit paa skjelvande Arm,
Augat stod stivt og stort _
Men Herre min Gud i Himmerik,
kvat er det, eg no hev gjort? _ 
 
Han seig nedyver si valne Haand _:
Kvat er det, eg Arming hev gjort!        
Livet mit var so sterkt og ungt,
skulde vakset seg stort!
 
Han treiv seg til Bringa, kald og rædd,
han vilde stagga sitt Blod; _
hjelp meg, hjelp meg, Herre min Gud,
eg kannikkje døya no! _  
 
Munnen hans blaanad, Augat vart dimt,
han skalv i si verste Naud . . .
daa seig han i Golvet stiv og tung,
strekte seg ut, _ og var daud.    
                                               
19.