[Notisar]

Den 17de.
           
Dei Styggeting, som Høgremennerne ikkje vaagar aa segja endefram i sine eigne Blad, skriv dei til det svenske Aftonbladet (elder andre dilike), og so prentar Mgbl. og Fædrl. det av derifraa. So ser det so uskyldigt ut _ ! Her um Dagen stod dette aa lesa i Aftonbl., sendt fraa Kristiania: Pengene (som Storthinget bevilgar) kan ikke udbetales uden Regjeringens Samtykke. D. v. s. Storthinget hev ikkje den bevilgende Myndighed. Dette tek no Morgenbl. og Fædl. upp utan Tilmerknad elder Forklaring. Det ser so uskyldigt ut!
           
 
I Belgien tenkjer Styret paa aa faa innført Skuletvang. Det er berre i Noreg, Sverike, Danmark, Tyskland og Sveits der fyrr er Skuletvang, men det vert nok i England au, og kanskje i Frankrike.
           
 
Ullensvangs Folkehøgskule skal faa 1600 Kr. Amts- og Rikspengar, um han vil ganga inn paa at Amtsskulekommissionen fær Tilsyn med seg og set inn Lærarar.
           
 
Riksraadet vaart er paa Utferd no, Stang er reist til Nordkap, Johansen til Norland, Vogt til Sandsvær.
 
           
I Litle-Asia er det au Mat-Trot. Det skal vera 10,000 Menneskjor døydde av Svolt.
           
 
Folkemøtet paa Hamar, som var tillyst i forr. Nr. vert det ikkje noko av med i Somar.
O. J. Høyem og 2 andre sender Trondheims Arbeidarforening til Møtet i Kristiania.