[Høgrebladi]

Høgrebladi kann ikkje tilgjeva Sverdrup, at han er ein folkejær Mann. No hev Fædrelandet funnet ut ein ny Maate, som hellest er ein gamall Maate, til aa gjera dette ned i inkje paa. Det politiske Bladet fortel oss, at Sanningi, det er det, som Ein ikkje fær Fanetog fyre. Sanningi, det er det, som ikkje samlar Folket um seg.
           
Med andre Ord: den, som kann stella seg slik, at han ikkje fær Hyllning elder Takk av sitt Folk, han er den rette Sanningsapostelen. Professor Aschehoug, som aldri i sine Dagar fekk eit Hurra av Folket, han er ein stor Profet. Og Fredrik Stang, som vert dømd og nedriven, ikkje berre av Folket, men tilmed av sine eigne, han maa no vera ein Gudsfugl reint. I det heile fær me mange Sanningsapostlar paa den Maaten. Sjølve Fædrelandet vert nokot slikt; for det hev helder aldri vunnet Folkegunst; Køhler Sandberg, Ingvald Enersen, Ola Høyland og andre slike vert reine Martyrar for det Sanne.
           
- Fædrelandet skulde likevæl ikkje forkynna denne Læra so reint plent. Enn um det ein Dag skulde henda, at Professor Aschehoug fekk eit Fanetog! Enn um Verdi skulde snu seg so reint, at 10,000 Mann ein Dag gjekk av og ropad Hurra for Stang! Skulde so denne Fædrelandslæra gjelda plent og utan Innkniping, so vart altso dei Herrar Aschehoug & Stang berre ved dette eine Tilfellet umgjorde fraa Sanningsapostlar til Lygnhalsar! Det vilde vera leidt.
 
           
- Fædrelandet er nok full- tryggt paa, at den Dagen aldri kjem, at det norske Folket i Takk og Jubel flokkar seg um dei Herrar Aschehaug & Stang. Fædrelandet gjeng ut i fraa, at Folkets Hyllning og Takk altid vil gjelda dei frilynde Førarar. Naa, naa! Det trur Fedraheimen med, so det skal me ikkje verta usams med Fædrelandet um!
 
           
Men ein Ting undrast me paa. Etter den Læra, Fædrelandet hev sett fram, skulde Landet _ etter vaar Meining hava mange Sanningsapostlar. Ja dei fleste maatte i Grunnen vera det; for so mykje er vist, at det berre er faae, som fær Fanetog og Folkets Jubel!
           
Men no segjer Fædrelandet: Gid saadanne Mænd maatte opstaa iblandt os, som rigtigt kunde sige Folket Sandheden! _
           
Altso hev me ikkje Sanningsapostlar likevæl! Aschehoug hev aldri fengje noko Fanetog, og endaa er han ikkje Sanningsapostel! Stang stend mest blottendes aaleine det, som etter Fædrelandet er Idealet av Sanning og Sjølvstende _ , og endaa er han ingen Profet! Aubert hev enno aldri set eit Folketog koma dragande, med elder utan Fanur, for aa helsa og takka honom, og likevæl _ _ _ !
           
- Nei, det forstend me ikkje. Trur kanskje ikkje Fædrelandet sjølv paa Teorien sin?
           
Med det same me snakkar um Sanning og slikt _ : me spurde her ein Dagen Fædrelandet, um det vilde ha rost og godkjennt Mikkel Birkekeland, dersom han hadde voret so sjølvstendig, at han hadde gjenget med paa Promulgationen, trass i det Veljararne hans vilde. Me spurde um det; for me hadde Rett til aa spyrja um det.
           
Fædrelandet hev ikkje svarat.
 
           
Dei tek etter. Hertug Skule i Kongsemnerne stal Haakons Kongetanke; han forstod, at den store Tanken maatte til, naar han vilde vinna Magt i Folket, vinna Rett til aa veraStyrar.
           
So djupt Syn hev ikkje Bakstrævet av 1880. Det hev ingen Kongetanke, men hev ikkje Bruk for nokon held. Det trur ikkje paa Tankar, det trur paa Formerne; det meiner det kann vinna alt, berre det manøvrerar paa rette Maaten.
 
At dei Liberale fær Magt i Landet, kjem ikkje av det, at dei Liberale er i Samfund med store Tidstankar; _ det kjem berre av det, at dei forstend aa driva Agitation, forstend aa skriva og tala paa ein Maate, so dei riv Hopen med seg.
           
Den som kunde skriva og tala paa same Maaten, meiner Bakstrævet, so kunde Andre og vinna Magt!
           
Her um Dagen fann eit Høgreblad ut, at naar Fridomsflokken var so sterk, so var det fordi han hadde Diktarar i Brodden. So etwas müssen wir auch haben, hev Bakstrævet tenkt. Og so skriv det Vers, det med, Vers i Mgbl., Vers i Aftp., Vers i Gjengangeren, - Vers i Hopetal, _ og prentar Versi av i Lassevis og sender utyver Landet. Kann Vinstre vinna Folket med Vers, maa Høgre kunna det same!
           
Dei stel ikkje Kongetanken, for slikt hev dei ikkje Bruk for; men Former og tilfellige Ting, det prøver dei aa stela.
           
- Tenkje seg til, at desse besindige, forstandige, nøgterne Folk, som alle Dagar hev spottat yver all Diktning og all Løftning og Høining i Politikken, _ dei veit no ikkje nokot betre aa forsvara sin Virkelighedspolitik med, enn Vers! Fraa Cand. theol. Th. Caspari til Gjenganger-Poeten er det den same Tanken. Me skyt dei med deira eigne Vaapen! Dei Radikale dikter Songar; me gjer like eins! Moses og Aron gjer Stavarne sine til Ormar; me, Kongens Vismenn, gjer Kunsten etter! Kann me berre det, maa me vinna likso langt som dei. Det er Metoden det kjem an paa.
           
Og so midt under alt dette, stend Fædrelandet og riv ned paa dei Radikale, fordi dei fer med Diktarpolitikk.
           
Men Fædrelandet kann forsvara sine Ord. Det kann berre segja som so: Um vaare Menn skriv Vers, so er dei ikkje dermed Diktarar! Og Fædrl. vil faa Medhald i dette.
           
Formerne kann du herma, men ikkje Aanden. So vist som Høgrepolitikken er ein aandlaus Politikk, so vist er han og med alle sine Vers ein ægte og jammerleg Prosapolitikk.
           
 
Novemberlaget vil verja Bønderne. Kven imot? Mot Sverdrup og hans Parti. Kven er det, som er i Sverdrups Parti? Bønderne. Novemberlaget vil verja Bønderne mot Bønderne. Lysande Tanke!
           
Novemberlaget vil verja dei, som eig nokot, mot dei Besiddelsesløse. Kven er det, som er dei Besiddelsesløse? Thingmajoriteten. Er Mennerne i Thingmajoriteten besiddelsesløse? Nei; dei fleste af dei er Gardeigarar og Velstandsmenn. Novemberlaget vil altso verja dei, som eig nokot, mot dei, som eig nokot. Straalande Tanke!
           
- Det er det, som er so vondt for desse Bakstrævsfolk i denne TId: dei kann ikkje segja ærlegt ut, kvat dei vil. Fyrr dei gjer det, snakkar dei det reine Tull. Det finst væl altid Folk, som trur paa det med, naar det berre vert sett godt i Stil.
           
- Ja, sett i Stil ja! Pastor Heuch upplyser, at han ikkje er med i Novemberlagets Redaktionskomite. Det er godt for honom. Og paa ein Maate for Novemberlaget med. Men kven hev dei so aa lita paa? Kven fær dei no til aa retta Stil for dei teologiske Studentarne, som væl skal skriva Traktatarne deira, men som sei es Gott geklagt - - ikkje kann skriva sitt danske Maal?