[Fraa Graatenmoen.]

Fraa Graatenmoen. (Brev). Det er vondt aa eksere, det er ikkje Mange, som heilhuga kann tola den Tvangen. Men skal Ein te aa klaga paa Sumt, Ein ikkje likar, so gjeng væl det au baade seint og ubeint, at det mest er vonlaust. Det einaste, som kann mone er aa setja ut i Blai, korleis dei heve det. Det vil eg bea Soldatarar all Sta ifraa gjera, so det kann koma ut, og dei, som derte er verdt, kann faa Folkedomen paa seg, for han er den sterkaste Magti. Det er au mange Smaating, som det ikkje gjeng an aa sende inn Klage yver, men som kann vera leie aa dragast med likevæl, og dei passar det bedst aa setje i Blai, so skal det væl besne. For der tar Ein ikkje klaga hell ein Gong, um han er rædd for det; Ein kann berre fortelje det, som hender; men det maa Ein passe paa, at Ein fortel sannt. Fyrst kan Ein berre skrive utan aa nemne Namn, og monar so ikkje dette, fær Ein au nemne Namn, ja baade paa de høge og dei laage daa. Dette trur eg er den rettaste Maaten te aa faa Folkeskikk paa Herstelle. Daa trur eg mange forunderlege Sogur vilde koma fram.
           
Her berre ei liti ei. Her paa Graatemoen var det Mange, som var harme siste Sundagen, me var komandera til Gudsteneste. So hadde Kapteinen vaar sagt, at me kunde setja oss ned, um me var trøytte; no var han burtreist. So sette Sume seg ned. So etterpaa vilde den andre Kapteinen, som au var Leirkomendant, høyre etter, hokke det var, som hadde set seg; det hadde me ikkje Lov te, sagde han; vilde me det, so maatte me melde oss sjuke, helles gjek det ikkje an. Men det er Mange, som ikkje er sjuke au, som væl kunde bli trøytte og faa Hug te aa setja seg, naar dei skal stande i Solsteiken og lye paa ei Preike. Men i Tenestereglementet stend det au, at under Gudstjenesten er det Enhver tilladt at sætte sig ned.
           
Heretter vil me heller ikkje lenger tola nokon Raaskap, Banning og uhøflege Or av dei Komanderande. For fyrst er det ukristelegt, so er det umenneskjelegt og so endeleg sømer det seg ikkje aa fara aat med frie Folk i ein fri Stat paa slik Maate, me er ikkje anten Trælar hell Hundar. Alle Soldatar hev her Plikter baade imot Staten og seg sjølve aa utføre.