[Arbeidarferdi]

Arbeidarferdi til Eidsvoll um Sundagen den 11te var nokot av det likaste, me hev havt i seinare Tid. Væl var ikkje Veret det beste, til stor Glede for Mgbl., og me saag korkje himmelske Ørnar hell inspirerte Arbeidsmenn der; men likevæl var der slik Stemning yver alt, slik varm og sann, men aalvorsfull Jubel, som me aldri ser i dei officielle Kristiania-Folkefestar.
           
Den frie, store Naturen, som ikkje vart mindre frisk i Sumar-Regnet; dei store, lyftande Minne, me ferdest imillom, og som gav dobbelt Lyftning og Aalvor ved dei Ting fraa i Dag, som me alle hadde i Tanken, og so endeleg Møtet med Skaldarne vaare, desse framdjerve, urædde Menn, som so heilt og varmt liver med i Folkets Strid, _ alt dette lagde Vigsel vyer Dagen. Det var i Sanning ein Festdag. Styret for Kristiania Arbeidarsamfund hev baade Æra og Takk for den.
           
Nokot av det, som syntest oss mest merkjelegt og fagert, det var denne varme, inderlege Forstaaelse, som viste seg under Møtet her millom desse Arbeidarar og Bønder og so Diktararne vaare. Daa dei køyrde upp framfyr Eidsvollsbygningen under uendelege Live Bjørnstjerne Bjørnson! og Hurrarop og Helsingar, kunde me ikkje halda oss for aa gjera visse Samanlikningar, som me daa her ikkje skal nemna. Fædrel. hev likvæl Rett i, at Bjørnstjerne Bjørnson er Folkeføraren _ alt um det ikkje heng so saman med dette, som Fædrel. snakkad um.
           
Kristofer Janson var Fest-Talaren; Bjørnson kom meir med praktiske Ting, Arbeidstankar, Tankar for no og for sidan. Baae Talarne vart mottekne med det største Samtykkje, og dei vandrar no Landet um gjenom Bladi, so heile Folket fær høyra dei. 1) Det var 35-Aars Dagen etter Henrik Wergelands Avferd. Forunderlege Samanslyngning av Minne og Liv, av Soga og Samtid! Det var som eit Dikt aa sjaa Henrik Wergelands Minnestein, kransad av Arbeidarar, under det reine Flagg; det var ikkje mindre stort aa sjaa Bjørnson, Wergelands Ettermann, paa Eidsvolls gamle Tufter leggja ut for aalmenn Mann Fridoms Tankar og Krav, samlande Folket um seg i ein Kjærleik, som viste, at han hadde det med seg. Med Bjørnson paa Eidsvoldsgardens Tram, just paa ein Dag som denne, var det liksom Norigs Soga fraa 1814 til no bøygde seg saman.
           
- Og det var ikkje for ingen Ting, at det just var Kristofer Janson, Repræsentanten for Maalsaki, som her møtte upp jamsides Bjørnson. Det var helder ikkje utan Meining, at just han, Repræsentanten for Bondesaki serskilt, møtte upp som Tolk for det 19de Aarhundrad med dets Framgangs og Kjærleiks Tankar, møtte upp med Helsing fraa Storheimen der ute. Der kom av seg sjølv Symbolik i alt dette; Ein maatte tenkja paa Wergelands Ord: med fast Fot paa vaar eigen Grunn skal me skoda fritt og vidt ut i Verdi.
           
Etter at sjølve Festen var slutt, fortalde Janson ei Soga paa Landsmaalet, som Folk likad svært godt. Det høyrde og til, at Norigs Folkemaal fekk tona i ei Stund som denne.