Præsident-Val og Politik i Amerika.

[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald).
 
I gamle Dagar vart dei høgste offentlege Tillitsmenn valde etter Dugleiken; det var gode Menn; alle kjende deira Grunnsetningar. Fylgjararne (Partiet) deira hadde politiske Lærdomar fraa dei, og kunde skjota til dei, naar det høvde. Slikt kann Ein ikkje segja um Maskinpolitikkararne elder Senatorgruppen som Ein og kallar dei. Dei gjev gode Talar for aa avdøma Motstandarar, men ikkje for aa fastslaa Grunnsetningar. Dei styrer meir gjenom Manøvrering og Partikunster enn ved Loggjevings-Arbeid for Landet. Dei bryr sine Modstandarar og løner sine Fylgjarar. Den politiske Grunntanken deira er nærmast det som er kjent under Namnet Mexikanisme, den Grunntanken(!), at Motstandararne er Skarvar, og vil det som er vondt, og bør motarbeidast, berre fordi dei er Motstandarar. Det var den Aand, som mest merkte Grants siste Præsidenttid (1872-76). Vel aa merkja: ikkje so mykje Grant sjølv som hans Hjelpesmenn; og han hadde ikkje altid dei beste Menn um seg, anten det no vantad paa Skarpsyn elder paa Vilje. Desse Politikkarar kann sjølvsagt ikkje setja seg imot Folkeviljen; det kann ingen her, som vil venta Framgang; men dei prøver aa styra Folkeviljen slik, at han kan hjelpa deira særskilde Fyremaal fram med det same. Og med den Valskikken, me no hev, kann væl dette stundom i nokon Mun lukkast.
           
Præsident- Valet gjeng ikkje fyr seg so endefram no som ei Stund, at Medlemerne av Kongressen nominerar elder uppnemner ein Mann for Folket, som dei vil at dette skal velja paa til Præsident. I 1832 heldt for fyrste Gong dei ymse Parti sine - som dei kallad det nationale Konventionar (Samstemnur), der Utsendingar fraa eit vist Parti t. D. det republikanske - dryftad Sakerne og avgjorde, kven Partiet skulde røysta paa til Præsident. Der var det, at Præsidentvalet sidan i Røyndi vart avgjort, det vil daa segja innan kvart Parti. Det Præsident-Emnet, som den nationale Konventionen uppnemnde, (nominerad), fekk altid Partiets Røyster ved Valet. I seinare Tid hev Avgjerdi vortet førd tilbake fraa dei nationale Konventionar (som gjeld for eit heilt Parti) og til dei einskilde Statskonventionar dvs. dei Fyrestemnur, som vert haldne i kvar einskild Stat; - og endeleg fraa Statskonventionarne til primaries dvs. dei Samstemnur, der Tilhengjarar av Partiet møter fram og kaarar Utsendingar til Stats-Konventionarne. Fyre det rette Præsident-Valet hev me soleids eit Val innan det einskilde Parti, so dette kann finna ut kven Fleirtalet i Partiet vil hava og so samla seg mannjamt um honom.
           
Her er daa Maskinpolitikkararne ute og skal styra desse Vali, og etter som det ser ut, so naar dei ikkje lite langt. Paa sine caucuses (Møte av Partiførarar) avtalar dei Framgangsmaaten; ved fixing of the primaries dvs. ved aa faa det fyrste Valet fram etter sin Vilje, legg dei Grunnlaget. Og dersom ikkje nokot annat hjelper, so er det mange, som ikkje sparar aa bruka Lovnadar elder Trugsmaal, Pengar med (som naar t. D. ein Arbeidsherre læt sine Arbeidarar forstaa, at dersom dei ikkje røyster paa den og den, so vert dei sende paa Døri 1) . Naar so Statskonventionen kjem saman, veit dei Raad til aa faa alle Utsendingar (Delegatar) til aa røysta etter sitt Ynskje, berre dei hev ein nokso liten Majoritet (The unit rule: alle Utsendingar forpliktar seg til aa røysta paa ein viss nemd Mann, naar dei kjem i den nationale Konventionen). Det er lett aa skyna, at det trengst aktive Politikkarar (valuable workers) til dette Yrket; og so innkøyrde er dei i denne Politikken, at dei mest gjer Narr av dei, som vil hava ein sunnare politisk Moral.
           
Du spyr kanskje, korleids det kan løna seg aa driva slik Politikk? Aa jau, dei held seg skadeslause, naar dei kjem til Magti? Ein stor Del av dei fremste Politikkarar i dei siste 10 Aar er slike, som hev faret med fixing of primaries og ruling of conventions (aa styra Statskonventionarne). Det er Menn som Roscoe Concling i New York, Don Cameron i Wisconsin, Logau i Illinois o. fl.
           
At Folket og Politikken skulde vera heiltupp øydelagde kann Ein ikkje slutta av dette. Det læt seg lett forklare likevæl. I rolege Tider som desse held dei beste seg burte fraa Politikken; Tidi manar ikkje Folkets beste Kraft upp. Den gamle Partistilling held paa aa løysa seg upp; eit nytt Lag byggjer seg. Det ser ut til aa vera i Vente eit Umslag i politiske Synsmaatar millom tenkjande Menn i Amerika.                     
 
(Slutt i næste No.)
 
1)