Ludvig den fjortande.

[Del 4 av 4. Fyrste delen.]
 
(Slutten).
 
Den Rekneskapen Richelieu læt etter seg, syner at den regelfaste Stats-Inntekten var 79 Mill. Franks. Under Ludvig XIV steig Innkoma til 365 Mill. Ikring Helvti var endefram Skatt, t. D. Innkome-skatt, Grunnskatt og Kopskatt; den andre Helvti var indirekte Skatt, t. D. Toll, Accise, 1) Saltskatt og ymse Slag Paalegg. Men i desse Tal er ikkje Kostnaden med Inndrivingi medreknad, og den gjekk endaa den Gongen upp til ei so utruleg Høgd som 33 %. Paa denne Maaten vart nær 500 Mill. Franks lagt ut for Aaret av Folket. Og Adel og Presteskap, dei rikaste Klassar, som aatte 2/ 3 av Jordi i Kongeriket, læt berre til ein liten Sum av dei direkte Paalegg. Derimot maatte Folket betala til Presteskapet ikring 150 Mill. Franks i Tiende og minst same Summen i andre Avgifter. Endaa vert dei Lensskattar, som dei serrett-lause (uprivilegerede) Klassarne attaat alt maatte bera, reknade til 136 Mill. Franks. Alt dette gjev ein samlad Skatt paa meir enn 900 Mill. Franks fyr Folket; naar ein minnest, kvat Eigedom og Innkomur var i den Tid, vil alle Paalegg og Skattar i vaare Dagar synast som Smaating mot dette.
           
Vauban kom med det Forslaget, at Ein skulde skattleggja dei serrett-havande Klassar jamnt med dei andre. Men fyr det meste kann Ein ikkje sjaa, at Ser-Rettarne vekkte nokot stort Misnøgje. Dei vart endaa funne aa vera naturlege. Sidan var det just desse sociale og ekonomiske Ser-Rettar, som framfyr alt annat avlad Hat mot Adel og Presteskap og gav Revolutionen slik ei øydeleggjande Magt.
           
Vauban reknad den Gongen i Frankrike 250,000 Adelege ein paa kvar 80 Ibuarar. Endaa Talet er ein god Del større enn no, tykkjest det likvel vera for litet, og rimelegvis er dei Embættesfolk ikkje medreknade, som anten vart adlade, hell som sjølve Embættet gjorde adelege. Mykje meire ulikt mot no er Talet paa dei, som høyrde til Presteskapet. Under Henrik IV reknad dei yver 600,000 av desse, 1 paa 20 Ibuarar (Munkar og Nonnur medreknade). Sidan var mange Kloster stengde, og Colbert talde i 1667 berre 266,000 Prestfolk, ikring 1 paa 70 Ibuarar; men endaa er dette Talet 5 Gonger større enn det som no er.
           
Avstandet millom Adel og Borgarskap var endaa ovstort. Adelen vart reknad som eit annat Slag; ender og Gong kunde sterke Frambrot av Storlæte og Ovmod vekkja Uvilje; men den skarpe Klasseskilnaden vart likevæl teken som ein Del av den guddomelege Ordning i Verdi. Hertugarne og Pairarne heldt seg jamngode med sjølve dei tyske Riksfyrstar. St. Simon kallar Kurfyrsten af Bayern og den megtige Hertugen af Savoyen - fyrr han lagde seg til Titelen Konge av Sicilia, seinare Sardinia likefram Hr. von Bayern, Hr. von Savoyen, etter same Maaten som dei franske Hertugarne vart nemnde. Fyr dei fleste av desse Storkarar var ikkje Folket hellest til. Dei saa djupt ned paa endaa dei høgste Embættesfolk, dei allmegtige Ministrar, naar det var Tale um Rangen. At Sonen aat ein Minister, som tilmed var Marquis, vaagad aa tenkja paa Dotteri av ein Hertug, vart berre gjort Narr av.
           
Men Magti aat Embættesfolket maatte dei snart bøygja seg fyre, endaa um det Eplet var surt aa bita i. Den politiske Stilling aat Aristokratiet vart heiltupp forandrad. Av dei megtige Lensherrar, som fyrr kunde raada som dei vilde i Landet, reisa Herar og uroa heile Bygdelag, hadde det vortet ein sleikjande Hoffadel. Høgadelen livde alt under Ludvig XIV mest heiltupp i Paris og Versailles. Den lægre Adelen vart helst sett inn i Heren. Den franske Adelen var i det heile ikkje rik, daa mange vart øydelagdei Borgarufreden og dei fleste ikkje skynad aa driva Eigedomarne sine slik som den nye Tidi kravde. Ein stor Del endaa av dei høgaste hadde ikkje stort annat aa lita paa enn Hoff-Embætte, Guvernørpostar osb., hell Gaavur og Pensjonar fraa Kongen. Dei andre tente som Officerar i Heren hell freistad aa koma fram i Prestestandet. Til det kongelege Hoffhaldet, til Prinsarne og til Adelen gjekk det utrulege Pengar. Sume Stormenn dreiv det til aa faa fleire 100,000 Frk., medan Ministrarne, som officielt berre galdt fyr Skrivarar aat Kongen, fekk 30,000 Frk. Men ved Sideembætte, Gaavur fraa Kongen, Lut i Innkoma aat Skattebygslarar osb., ved loglege og uloglege Sportlar og Sal av Embætte, drog Ministrarne likvæl ihop store Summar, og mange vart tilslut ovrike.
           
Dei meir framsynte og retttenkte av Adelen klagad yver si politiske Stilling. St. Simon hadde tenkt ut store Planar fyr aa skaffa Adelen nokot aa gjera i Staten; men desse Planarne vart upp i inkje under Regentskapet (fyrr Ludvig XV var myndig), og han maatte sjølv vedkjennast, at denne Adelen som mest eit Hundradaar hadde voret utanfyre alt praktiskt Liv, ikkje dugde til annat enn til aa lata seg slaa ihel hell liva eit nyttelaust Liv.
           
Det fannst bland Adelen og det høge Presteskapet ved Hoffet Menn med Aand, høg Daning og stor Lærdom. Serleg byrjad dei no med aa gjeva Kvendi ei betre Upplæring. Under Ludvig XIV finn me Damur med den høgste Aandsdaning. Denne Upplæring av Kvendi hadde Ingen fyrr tenkt paa, i nokot Land, og den hev havt stor Innverknad paa Umformingi av det europæiske Samfund.
           
I det heile var Kravi smaa i det aandlege. Fleirtallet av den fine Verdi var faakunnig og like glade um alle høgre Hugmaal. Mange saag aldri i Bok. Det hende mykje, som vitnad um utruleg Faakunna, Raaskap og Vyrdløysa, endaa i dei ytre Former.
           
Av slike Folk livde det no ein Hop, utruleg stor etter som me vilde segja, samanstuvad ved Hoffet i Versailles, Dag ut og Dag inn, dei fleste i full Yrkjesløysa, drivande Tidi med smaae Fantestykkje, med Spel og med Elskhug. Spelegalskapen var aalmenn. Stor Sedløysa og fælande Lauslivnad fylgde med dette Livet. Frillurne aat Ministrar og Storfolk hadde mest godkjennd Rang, liksom Frillurne aat Kongen. Denne hadde sjølv gjevet laakt Fyredøme, til dess han gifte seg med Mad. Maintenon, daa han var 47 Aar gamal. Denne merkjelege Kvinna hev i 30 Aar havt den største Innverknad paa Styret i Frankrike; ho var daa 50 Aar gamal, med djup Aand og sterk i Trui; ho var æresjuk, men fri fyr Sjølvnytte i eit havesjukt og penge-falt Samfund. Under den ytre Glansen laag fullt av Styggedom og Armodskap. Hertuginna av Berry drakk seg full ved Middagslagi sine; Hertugen av Soissons narrad sjølve Kongen med falske Kort. Men Kongen, med sin verdige um enn noko teatralske Majestet, heldt strengt paa den ytre Sømd og heldt burte all grov Rangel. Ein maatte agta seg! Mad. Maintenon var ikkje aa spøkja med. Ho tamde endaa Hertuginna av Orleans, Mor aat Regenten, denne storlaatne og ville tyske Dama, som St. Simon kallad henne. Raaskapen og Sedløysa var langt mindre no enn fyrr. Og det var ikkje berre i det ytre, at det var Framgang. Mange av dei høgste, som Hertugarne av Beauvilliers, Chevreuse, de Lorges og St. Simon livde overlag sedsamt og sømelegt. Men daa Ludvig var daaen, braut den ville Sedløysa endaa ein Gong fram.
 
Misprentingar i forr. No.:
 
Louvois var ein hard, hugtraad Mann, les: hugbraad Mann; Vil Ein gjera Styraren veik, maa Ein gjera Folket vikt, les: Vil Ein gjera Styraren rik, maa Ein gjera Folket rikt; (S. 106) Arbeidslønerne hev mykje meir en tridobblat seg, les: tvidobblat seg; dei fatige Klassom les: Klassarne; dei strævar ikkje etter politisk Magt, les: det strævad ikkje etter politisk Magt.
 
1) Toll by-imillom i same Land.