[Ovund.]

Ovund. Morgenbladet harmar seg sælt yver all den Hyllning, som Johan Sverdrup hev fengje baade fyrr og serleg etter den 9de Juni. Det gjer alt det det kann for aa gjera denne Hyllning ned i so lite som mogleg. Kjære Morgenblad! Kor mange hundrad tusund Krunur vilde du gjeva, um Hs. Excellence Statsminister Stang elder Hs. U-Excellence Prof. Aschehoug kunde paa nokonlunde skikkeleg Maate faa seg berre eit einaste Hurra av dei Arbeidarar og andre, som den 9de og 20de Juni helsad Johan Sverdrup -?
           
- Det er fortalt, at daa Stang hadde voret uppe og uppløyst Thinget og so køyrde heimatt, stod det mykje Folk og mykje fint Folk langs etter Gata og saag paa. Den gamle Statsmannen sat og glytte til baae Sidur med ein underleg Smil; det saag ut til at han ventad ialfall ei Helsing. Men stille som Styttur stod dei der, alle ihop; ikkje ein Hatt lyfte seg, ikkje ein Ljod; stillt som i Gravi. Hs. Excellence køyrde heim som gjenom eit Likfylgje.