[Dokument No. 88]

Dokument No. 88 gjeng ut fraa den Læresetningen, at Kongen hev Rett til alt det, som Grunnlogi ikkje med klaare Ord negtar honom.
           
Det er: Kongen er opphavleg den, som hev all Magti. Naar Kongedømmet vert indskrænket, so vil det segja, at Kongen av sin Naade fraaskriv seg visse Rettende, som daa Folket fær Lov til aa bruka; men alt det, som han ikkje endefram hev fraaskrivet seg, det er hans.
           
Med andre Ord: det konstitutionelle Kongedøme er eit Avbrigde af Einveldet. Einveldet var det fyrste, var Upphavet: det konstitutionelle Monarki vart født av Einveldet og er i seg sjølv inkje annat enn Einvelde med Modifikation.
           
- Og dette sit gamle Fredrik Stang og skriv under paa. Han, som i sine friske Dagar, i 1835, skreiv Ord som desse: Det konstitutionelle Monarki maa ikke betragtes som en Modifikation af Enevoldskongedømmet, men tvertimod som en Modifikation af den republikanske Statsforfatning. . . Thi Principet for det konstitutionelle Monarki er det selvsamme som for Republikken, nemlig at Almenviljen skal være den bevægende Kraft . . . Fra Enevoldsmonarkiet er derimod det konstitutionelle Monarki i Et og Alt grundforskjelligt, naar undtages i det ene Punkt, at i begge findes i Spidsen for Regjeringsmagten en uansvarlig Person, der i Almindelighed bærer Navn af Konge.
           
Det er vondt for den Mannen, at han eingong hev voret ung. - Men her er Spursmaalet! Kongesuverænitet elder Folkesuverænitet, Einvelde elder Fridom! Her er Grunn-Motsætningarne, og no er dei komne upp.
           
- Det skal ingen takka Statsraad Bachke for, at han kann fortolka det absolute Veto fram av Sagens Natur, naar han gjeng ut fraa Einvaldskongedømet og Kongesuveræniteten! Men det var just det, den gode Herren ikkje skulde gjort.
           
 
Morgenbladet hotar med, at dei Bakstrævande og kann taka til med Myrmanns-Uvæsenet, dersom det knip. Bladet er moralsk upprørt i heile si Sjæl yver dette Uvæsenet og fordømer det med alle dei verste Ordi det veit aa finna; - men knip det, vert dei Liberale for sterke, - kven veit? so gjeng kanskje Morgenbladet og med paa denne fæle Syndi! Dersom Hr. von Ederkopf vil annektere Yakten aaleine, so gjeng Hr. Trompeterstraale med, - alt um han naturlegvis protesterer for al Verden!
           
Aa du Moral, du Moral! So lengje det løner seg, so er me ærlege, men løner det seg ikkje, so stel me. Det er ein Moral, som fortente aa verta nedlagd paa Spiritus.
           
- Det er leidt nok med dette Myrmannsvæsenet. Men dei, som til dessa hev faret med det, hev likevæl trutt, at dei hadde logi med seg. Og dei hev havt Grunn til aa tru det.
           
Dei Liberale i Thinget er ikkje so raske til aa gjera Fortolknings-Kunster i Grunnlogi som dei Herrar Bakstrævarar! So og so stod det i Grunnlogi; sjølve Aschehoug hadde fyrr funnet, at so stod det; dei Liberale kom og til det same: so stod det! og dei var ikkje so djerve til aa fortolka Logi som dei Herrar Bakstrævarar!
           
Myrmennerne hev desutan meint, at dei hadde ikkje berre Logi, men og, etter Umstendi, Retten med seg. Dei hadde alle rimelege Kvalifikationer, dei var med og bar alle Samfundsbyrderne; dei hadde Sans og Interesse for Samfundslivet; so snart Røysteretten vart utvidad og heile Samfundet stod og sagde: Røysteretten bør utvidast! so vilde dei hava Røysterett. Men daa Samfundet ikkje syntest kunna elder vilja gjeva desse Folk denne Retten deira Bakstrævet sagde naturlegvis, at Erfaring hadde ikkje vist, at her var Trang til slikt -, so var det, desse Folk sagde til seg sjølve: me skal visa, at her er Trang, og me skal visa, at ei logleg og lempeleg Rettebot i denne Saki ikkje vil vera det Grand meir faarleg, enn den Skikken som alt er sett. Og so fekk me Myrmennerne. Takk skal Bakstrævet hava -! Dei Liberale vilde vist mykje helder havt Røysterettsvidking, som Folk bad um.
           
 
Me kunde og finna paa aa skapa Myrmenn, segjer Morgenbladet! Dersom De held paa med det, og dersom De paa den Maaten vert oss for sterke, so kunde me taka etter!
           
Etter Mgbl. er det naturlegvis dei Liberale, som fyrst hev funnet paa denne Myrmanns-Utvegen. Og kjem Bakstrævararne etter, so er det berre dei Liberale, som hev forført dei. Det er fælt aa hava slike Folk i eit Land som desse Liberale. Slet Selskab fordærver gode Sæder!
           
Morgenbladet skulde vel aldri vita nokon Ting um det, som hev voret fortalt baade paa Prent og hellest, - um dei forlorne Borgarskapsbrev. Handverksmeistarbrev og Handelsbrev, som besiddelsesløse Bakstrævarar i Byarne hev kaupt seg Røysterett paa mang ein god Dag fyrr Myrmennerne kom upp? -
           
Var det verdt gode Morgenblad, aa vera so rysligt moralisk i denne Saki? Var det ikkje bedst aa bera Nebben nokot mindre høgt, føra sitt eiget Tun og so segja til seg sjølv: Sanneleg, desse Radikale hev Rett: Røysteretten maa utvidast, so det eingong kann verta Slutt paa alt slikt -?
           
 
Det vilde være Novemberforeningens Medlemmer saare let at skabe stemmeberettigede Myrmænd i hundredvis, - fortel Morgenbladet.
           
So! Vilde det vera so saare let.
           
Enn Skrivaren daa? Og Magistraten?
           
Vilde Skrivaren i Aker og Magistraten i Kristiania kanskje fortolka Logi paa ein annan Maate enn dei gjorde sist, naar det var November- Myrmenn?
           
Det var morosamt, det. Det var rart det -!
           
Og so ein Ting til. Millom dei Liberale hev det voret so, at kvar Mann, som hadde Trang til Røysterett, han laut kaupa seg Jord sjølv. Det var ingen som kaupte aat honom. Han fekk melda seg sjølv til Jord-Eigaren og sjølv betala det som skulde til. Det var ikkje stort; men det var daa ein Skilling bortkastat det og!
           
Vil Bakstrævet taka etter dei Liberale i denne Vegen, so nyttar det altso ikkje November-Mennerne aa skapa Myrmenn; dei maa berre bjoda Jord ut og segja: ver so god! Vil Folk hava Røysterett, kann dei faa; men dei fær visa so vidt Sans og Interresse, at dei melder seg sjølve og betalar sjølve. Gjer November-Mennerne det, so vert det kanskje ikkje so saare let endaa aa faa Myrmænd i hundredvis sjølv um Skrivaren og Magistraten vilde vera snilde Gutar!
           
 
Pastor Heuch skal og upp i Politikken no. Han er innvald i Styret for Novemberforeningi.
           
Aa ja. Der Bakstrævet er i vaar Tid, der flokkast gjerna Prestarne. Heuch høyrer etter sitt heile Tankelag meir heime i Millomalderen enn i Nytidi, so det er eit heilt underlegt Merkje for Novembersamlaget, at det fær just denne Presten inn i Styret sitt. Det er Alderdomen, som søkjer Alderdomen. Sams Sut gjev sams Hug. Baae tvo fæler dei for Framtidi, for det nye, som gror, for det, som skal liva, og so slær dei seg ihop. Presten skal hjelpa til aa mana den politiske Fridomshugen i Jordi, og til Gjengjeld skal Pengesekkjerne byggja Mur mot Vantrui. Forunderlege Folk! At dei daa aldri kann læra denne simple historiske Sanning, at den, som vil styra Straumgangen i ei Tid, han maa ikkje liggja i Baktroppi og jamra og vera rædd, men han maa vera i Fyre-Enden med dei styrande Tankar! -
           
 
Det kann hellest vera verdt aa merkja seg, at endaa Fædrelandet og Berg. Aftenblad finn Novembersamlaget væl konservativt. Og Grunnen til, at dei finn dette, synst vera den, at Novembersamlaget held strengt paa Statskyrkja og bryr seg ikkje um Reform-Strævet i Kyrkjevegen held. Det ser ut til, at det mest vert desse kyrkjelege Spursmaal, som heretter kjem til aa skilja millom Høgre og Centrum her i Landet. Høgre vil hava Statskyrkja og Vanekristendom heilt upp paa gamal Vis; Centrum vil hava eit sterkare Kyrkje-Liv iallfall i Formerne, og meir Prestemagt.
           
Men i Politikken kjem dei til aa halda Lag. Her er det ingen Skilnad lenger paa Centrum og Høgre; Fædrelandet arbeider likso ilskt for absolut Veto som Morgenbladet. Dei hev ulike Meiningar i sume mindre Ting og til-med Kyrkjespursmaali vert mindre Ting no -; men dei hev Disiplin, desse Bakstrævsmenn: dei veit, at i Aalvors Tider gjeld det aa halda i hop. Dette prækar Fædrelandet ofta um. Alle, som i det Væsentlige kann vera med paa eit Høgre-Program, bør samla seg um Regjeringi, segjer det, utan aa bry seg um mindre Meiningsbrigde.
           
Det er slikt, som heiter Uselvstændighed naar Vinstre gjer det. Naar Høgre gjer det same, er det naturlegvis berre selvstændig. Høgreflokken hev si eigi Ordbok og sin eigen Moral i alt slikt, den.
 
 
1 Kruna kostar det aa frelsa Samfundet. 1 Kruna krev Novemberlaget for aa skriva deg inn i Bøkerne sine som god Borgar og paaliteleg Mann.
           
Det er godt Kjøp! Berre det no ikkje vert Godtkjøpsvarur, alt det dei fer med!
           
- Denne Kruna um Aaret vil dei bruka til mangt, er det Von, men serleg til aa prenta Bøker (og Blad?), som det er sagt skal utdelast fritt som andre Traktatar. Det vert godt Kjøp paa store Tankar og, det.
           
Det verste er, at Folk les ikkje dei Bøkerne, dei fær til gjevande!
           
Og no gjeng November-Mennerne ikring og fiskar Lagsmenn og Krunur. Dei er gode til aa be for seg, og mang ein skikkeleg Mann vil vel kasta i dei den Kruna for aa sleppa fraa dei. Sume Stader, der dei veit, at slikt hjelper, spanderar dei Brennevin paa Folk er det sagt. Den gode Sak maa hjelpast fram paa alle Maatar.
           
- Pengar maa der til! Det veit Bakstrævararne, og det gjer dei sterke. Det er ikkje slik Armod med dei som med oss. Ein kann ikkje vinna alt med Pengar i denne Verdi; men Ein kann vinna mykje.
 
Bjørnstjerne Bjørnson er no av det prestelege Juristblad Fædrelandet utnemnd til - norsk Konge. Det er Bjørnson, som styrer alt i dette Landet. Det er han, som gjenom Sverdrup styrer Storthinget; det er han som gjenom Verdens Gang styrer Bønderne. Bjørnson, Diktaren, han, som ikkje forstend seg det Grand paa Politikk, - han hev no med ein einaste Gong fengje Magti i heile Landet.
           
Kor Bjørnson vil læ! Kor vaare gode, støe Bondehøvdingar vil læ! Kor heile Folket maa læ, nar det høyrer slikt!
           
Men Tingen er den: Fædrelandet vil hjelpa Novembermennerne. Det gjeld aa skræma Bønderne bort fraa sin gode gamle Bondepolitikk og inn i November-Reaktionen, og so fær ein køyra upp med alt Ein kann finna paa.
           
Kristendomengjøyr