Ludvig den fjortande.

[Del 3 av 4. Fyrste delen.]
 
(Framhald).
           
Louvois var ein hard, hugtraa Mann, med Vilje og Arbeidskraft som Jarn; han skapad den moderne Heren. Hans Maate aa fylka Herfolket paa i Bataljonar, Regiment og Brigadar, den faste Krigstukt, han innførde, Herbunaden, Væpningi, Utviklingi av Artilleriet, Øvingarne, Mynstringarne, - det var bermt alle Stader. Han byrjad med den Maaten aa byggja Magasin elder Forraadshus allestad rundt Grensurne, so Heren kunde faa Upphald fra dei; Heren kunde dermed røra seg friare, og det gjekk dessutan daa an aa halda større Herhopar saman. Fyre Krigarne hans Ludvig var Herarne mest aldri yver 50,000 Mann; den Heren, som Henrik IV vilde byrja Ufreden med Austrike med, var paa 36,000. No vaks dei einskilde Herarne til 100,000. I dei siste Krigarne heldt Frankrik upp til 450,000 Mann. I Staden for, at dei fyrr leigde Herfolk, vart det no innført Utskrivning, som hellest vekkte stor Jammer millom Landsfolket; serleg galdt dette um Herferderne til Italia, som det vart sagt, at Ingen kom heimatt ifraa. Men Kongen leet seg telja til aa tru, at Folket gjekk med Eldhug i Krigen for honom.
           
Likso store og gagnlege Umbøter fullførde Colbert paa ein annan Kant: i Riksens Hushald og Pengestell. Alt Sully hadde uttalat Grunnsetningen aat det moderne Rikshushald: at det framum alt annat galdt um aa auka Skattekrafti hjaa Folket. Vil Ein gjera Styraren veik, maa Ein gjera Folket vikt. Colbert gjorde Aalvor av denne Tanken: fann nye Vegjer aat Arbeidet. Han hev med Urett voret skuldat for aa vera for glad i Verjetoll og for aa vera Skapar av Merkantilsystemet (Verjetoll-systemet, Protektionssystemet). Disse Freistnadar paa aa halda Pengarne i Landet som Kjelda til all Magt og Rikdom skreiv seg alt fraa Karl V og Spania og hadde der for lengje sidan ført til dei urimelegaste Aatgjerder. Colbert gjorde Toll-verket greidare, strævad for aa faa heilt burt alle Tollgrensur innanlands, bygde dei fyrste store Kanalar, Hamner og Aalmannvegjer, skipad Handelssamlag, fremjad Sjøferd og Handel, kallad til Liv med lysande Fylgder ei Rad av nye Arbeidsgreiner; og under alt dette hadde han aa stridast med ikkje berre Skort paa Pengar og Arbeidsfolk, men med eit hardnakkat Motstand av Samlag og Laug i Byarne og av nedervde Vanar. At han som Finansminister allstødt maatte tenkja paa nye Raader til aa faa inn Pengar, var ikkje hans Skuld; for Utgifterne hadde han ingen Innverknad paa, som han sjølv vedkjennest. Mykje av det, han fekk gjort, vart sidan øydelagt, ved Hugenot-Forfylgingi, Ufredarne og Skattetrykket. Men Velstanden og det heile Arbeidsliv hev bygt seg uppatt paa det Grunnlaget, han lagde i Fred, og han maa altid reknast med til Grunnleggjararne av det moderne Borgardømet.
           
Alt ved Tiaarskrigen fraa 1688-97 hadde Landet vortet sterkt tømt for Folk og Pengar. Intendantarne klagar i Bodskapi sine fraa 1698 yver, at Folketallet minkar, og at det er Nedgang i Industri og Jordbruk, men at Tiggarar og Drivarar aukar til. Folk meiner, at 400,000 Protestanter hev faret or Landet, daa Religionsfridomen vart avteken og den hjartelause Forfylgjing kom istaden. Og desse Protestantarne var med dei rikaste og driftigaste av Byfolket. Rik som ein Kalvinist sagde dei i Frankrik i den Tidi. So mykje mindre kunde ein 4 Aars Fred faa Sakerne i Skikk att. Under den spanske Erve-Krigen steig Useldom og Uppløysning til ei gruseleg Høgd.
           
Handelen paa Utlandet var liten daa mot no. I 1715 var Innførsla i Frankrik 71 Mill. Franks og Utførsla 105 Mill., i 1869: 2962 Mill. og 3390 Mill. Franks.
           
So sterkt gjekk ikkje Jordbruket fram. Likevæl gjorde det og Framstig. Den reine Utvinning av Jordbruket i Frankrik ikr. Aaret 1700 reknar Ein til 8-900 Mill. Franks, no til 2500 Mill. Endaa større er Framgangen, dersom Ein reknar etter den heile Utvinning (Brutto-Vinsten), og av denne skal Arbeidsløni altso den Lut, som Arbeidsmannen hev av Vinsten ha voret paa den Tid 35 %, no 60 %. Dagløni paa Landet var daa i Midelmaal 8 Sous (ikr 8 ½ Skill.), no 30 Sous (ikr. 31 ½ Skill.). I England tente Jordarbeidaren i Slutten av det 17de Hundradaaret mest dobbelt mot i Frankrik: nære 16 Sous for Dagen, Verksarbeidaren mindst 10 Sous. Desse Lønerne hev mykje meir enn tridobblat seg. Derimot hev Prisen paa Kveite ikkje eingong vakset med Tredieparten, andre Kornslag endaa mindre; Kjøt og Øl hev ikkje helder vakset naamenær so sterkt som Dagløni. Fabrik- og Kolonialvarur hev endaa vortet udyrare. Etter Moreau de Jonnes trengdest i 2dre Helvti av det 17de Hundradaaret i Midelmaal 3 Gonger so mange Arbeidsdagar som no for aa tena ei Skjeppa Kveite. Men dei fatike Klassor i den Tid brukad ingen Kveite og svært litet Flesk, men livde av Rug, Bygg og Fisk. Endaa i England aat tilmed rike Folk um Veteren mest berre saltat Kjøt.
           
Husi aat Arbeidarar og smaa Jordbrukarar paa Landet var endaa jammerlege, største Parten utan Pipa, med Golv av stampad Jord og med ovliten Husbunad. Endaa dei, som aatte litegrand, budde armodslegt, daa dei hellest kunde faa høgre Skattar. Raa Faakunna og dauv Undergivnad under den tilvande Stakkarsdomen sermerkte denne Parten av Folket. Just dei fatike Klassom hev gjort større Framstig i dei siste 200 Aar enn nokon Gong fyrr i Velvære og Folkeskikk. Og var Livet deira den Gongen jammerlegt nok i vanlege Tider, so vart det reint Undergang, so snart Uaar elder Dyrtid kom. I Millomalderen var det Hungersnaud forfælande tidt og forfælande regelfast; i Ludvigs 72 Aar vart Frankrik herjat av denne Plaga heile 10 Gonger. No held Kornprisarne seg nokonlunde jamne paa Grunn av Handelen og den lette Framførsla; daa kunde Prisarne stiga og falla utan Maate og Maal. I Aaret 1700 var Prisen paa Hektoliteren av Kveite i Midelmaal 15 Franks; under Naudi i 1709 steig han til 120 Franks og i Mideltal for Aaret 40 Franks. Slike Prisar øydelagde dei rike og drap dei fatige. Pengenaud og tungt Framkjøme gjorde Tilførsla i større Maal umogleg. Hunger og Farsotter avfolkad Landet. I dei likaste Aari, 1670 -84, døydde det i Paris 1 av 22 mot no 1 av 42; Livstidi aat Folket hev altso nær tvidobblat seg.
 
Vauban, Fenelon, St. Simon, Mad. Maintenon o. fl. fortel oss syrgjelige Døme paa, kor reint ille det stod til etter at den spanske Ervekrigen hadde teket til. Landsfolket foor i Hopetal fraa Hus og Heim og strauk ikring og bad seg, naar Naudi vardt for stor hell Skattefutarne hadde selt Buskap og Bunad. I Bourbonnais vart det paa 144 kvadrat Mil talt 1700 livlause Gardar. Faafengt vart det sett Politi-Forbod mot Utvandring og svær Straf for Tigging. Vauban reknad 2,600,000 Tiggarar i Frankrik, d. e. 1 paa kvar 7 Ibuarar; under Henrik den 4de reknad dei 2 Millionar Tiggarar av i det heile 12-13 Mill. Det var liknande Høve i England, so Tali er vist ikkje langt av Leid. Ein maa no ikkje tru, at heile denne Flokken livde berre af Tigging. Til sine Tider kom vel ein stor Del av dei inn under Klassurne Lausarbeidarar, Handverkarar og Tenestefolk.
           
Talet paa dei siste var merkjeleg stort. Kring Midten av det 17de Hundrardaaret høyrde eit stort Tenarskap endaa til for Adelen, Embettsfolk og rike Borgarar, naar dei vilde liva sømlegt. Smaatt i Senn fekk Borgardømet Yvertaket yver Leivingarne etter Lensveldet, og daa vart det lagt meir Lag paa Hygge og Kvemleik i heile Maaten aa liva paa, enn paa braskande Ferd med Ovstas og Staak. Det vart dessutan dyrare paa Folk. Handel og Handverk tok seg upp, so dugande Folk fann meir lønande Bruk for seg der enn i Latmannstenesta hjaa høge Herrar.
           
Dette Borgardømet, som strævad seg upp og drog dei lægre Klassur etter seg, hadde i Frankrik alt lengje sidan samlagat seg med Kongedømet for aa vinna paa Lensadelen; for det var den, som trykte verst. Det strævar ikkje etter aa faa Lut i den politiske Magti. Fyrst langt inn i det fyljande Hundradaaret kom det upp i Folk ein Motstand mot Hardstyret av Presteskap og Kongemagt. Paa hi Tidi var Einvalds-Kongedømet folkekjært. Det hev i Evropa ikkje ført til varande Stilstand, men var ei Yvergangsform, som svarad til Tarv og Tilstand i Samfundet. Etter eit Hundradaar fullt av Kav og Borgar-Ufred hadde Kongemagti endeleg skapt Ro og Orden; fraa det sterke Styret strøymde Liv og Kraft ut i Statsorganismen. Hev Ludvig XIV enn ikkje sagt det Ordet, at Staten det er eg, so var likevæl i Sanning Staten samlad i Kongen. At han var Eineherre, Kjelda til all Rett og all Æra, det likad den franske Aand paa den Tid. Sjølve den kongelege Ovstas og Penge-øyding fann Folk heiltupp rett. Mykje seinare skreiv Horace Valpole: Franskmennerne elskar seg sjølve i Kongen sin. I Ludvig XIV synte den nationale Storleiken seg i Kjøt og Blod. Han hev skipat det fyrste regelbundne, kraftige Styret. Sidan hev Statsverket i mange Maatar vortet fullkomnare og greidare, so Regjeringarne no kann styra baade stødare og til meir Gagn. I Fyrstunne maatte ofte Yvergrip og Inngrip vera i Staden for stødt, varigt Tilsyn. Dette orsakar mange einraadige og harde Aatgjerder. Og kvat hadde slike Inngrip av Statsmagti, kvat hadde endaa dei svære Skattar aa segja for Folk daa, mot all Logløysa, Villmannskapen og alle Herjingar og Tyningar i den urolege Tidi fyreaat!                                   
 
( Meir.)