Jón Sigurdsson.

[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Slutten).
 
I Lærdomsvegen var Jón Sigurdsson millom dei beste. Dei Bøkerne, han hev gjevet ut elder voret med aa gjeva ut, er snart sagt uteljande. Det var Folkebøker, Utgaavur av gamle norrøne Skrifter, Statistik, Logverk, Skaldeverk og lærde Verk av alle Slag. I aa lesa gamle Handskrifter var han ein Ovkar. Konrad Maurer segjer, at han hadde so god ei Syn, at han las Handskrifter mest like godt, anten dei fyr andre var tydelege elder ulesande, og Maalkjensla hans var ser i Lag gløgg. Han havde heile si Tid eit Embætte ved den Arne Mvnussonske Bok- og Handskriftsamling; sjølv hadde han ei Handskriftsamling paa 2000 Codices (Hefte, Bind) og ei Boksamling paa 5000 Bøker. Desse Samlingarne hev no Landet hans kaupt. I hid islenzska bókmentafélag var han Formann til sin døyande Dag og dreiv Samlaget godt upp; i det nye Thjodvinarfélagid hadde han og mykje aa segja; paa Thingvalla-Møtet i 1873 gav dei honom Aarsløn av Samlagskassa. Althingsmennerne kosta eit stort Olje-Bilæte av honom, Islendingarne i Kaupenhamn fekk istand eit Potræt av honom i Steintrykk, og i Samband med Landsmenn heime leet dei desutan den norske Bilæthoggaren Brynjulf Bergslien hogga ei Marmorbysta av honom til aa setja upp i Althingssalen.
           
All den Rett og Fridom, Island i desse Tider hev vunnet, hev det Jón Sigurdson aa takka fyre: Nyreisningi av Althinget, Skuleboti, Presteskulen, Handelsfridomen, Lækjarverket, Post-Eimskip o. m. m. Og det var ikkje berre Politikk, han dreiv med; han arbeidde likso hardt med Pen og Munn, fyr aa hjelpa upp Næringsvegjer og Livemaate. Ein Jordbruksskule vilde han havt; men det var ikkje Raad til dess, og so fekk han utvegat Hjelp aat dei, som vilde læra Jordbruk i Utlandet. Det var og han, som fekk fleire unge Islendingar til aa søkja norske Landbruksskular. Han visste, at Samhald gjev Magt, og manad Landsfolket sitt til aa skipa Samlag til baade det eine og det andre Formaalet. Samlingstanken og Sansen fyr tjodlegt Liv var altid sterk hjaa honom. Det, han totte Folk kunde gjera sjølve utan Hjelp av andre, vilde han og, at dei skulde gjera, og naar Landsmenn tidt nok kvein og kvinkad yver streng Natur, Armod o. dl., var han ikkje sein med aa leggja deim det paa Hjarta, at det var lite karslegt aa sutra yver det, som ikkje kunde brigdast. Den, som talad med Jón Sigurdson elder fekk eit Brev fraa honom, kjende seg som staalsett ved det, og mange hev honom aa takka likso vel fyr sin Framgong i Næring og Velferd som fyr den Riksskipnad og det Folkeliv, han hev voret fremste Mannen til aa skapa. Seg sjølv tenkte han minst paa og hadde det helder trongt, til dess han fekk Æreløn av Althinget.
           
Jón Sigurdson var ein drusteleg Mann aa sjaa til, medels høg, vel lemad, fager, med raust Haar og Skjegg, som var døkkt brunt, men tok til aa graana alt i 40 Aars Alderen. Likevel saag han helder ung ut, og ein venleg Smil leikad vanleg um Munnen hans. Naar han vart motsagd, kunde Ein sjaa paa honom, og det gjorde honom vondt; men han synte ikkje Vreide. Helsa hans var god til i Aaret 1869; daa fekk han Gikt i høgre Handi og Steinsott. Siste Gongen han var paa Althinget, i 1877, var han klen, og vart ikkje betre sidan. Han do 7de Decbr. 1879.
           
Jón Sigurdson gifte seg i 1845 med Syskenbarnet sitt, Ingebjørg, Dotter hans Einar Jónsson. Kaupmann i Røykjavik. Dei hadde ikkje Born, men tok til seg ein faatøk Gut, som dei heldt fram til Skule og Lædrom, og som no er Sysselmann. Ingebjørg Einarsdotter livde berre 9 Dagar lenger enn Mannen sin. Dei vart heimførde til Røykjavik baae tvo um Vaaren 1880, og vardt gravlagde under aalmenn Sorg og paa ein storvyrdeleg Maate.
           
Den tyske Lærde Konrad Maurer skreiv: Eg saknar Jón Sigurdson som ein av dei aagjætaste, vyrdnadsverdaste og største Menn, eg nokotsinn hev kjennt. Det same segjer alle hans Landsmenn og mange Utlendingar. Jamvel me Nordmenn hev Grunn til aa vyrda hans Minne; han tok altid vel imot Nordmenn, som vitjad Huset No. 8 paa Østervold, der Islendingarne hadde sin Samlingsstad, og han fylgde vaar Framgang med stor Samhug. Han var Medlem av Det norske Samlaget; han skynad, at Norig kunde ikkje verta det, Riksskipnaden gjev oss Lovnad um, fyrr me reiser heilt upp til Magt att vaar Folketunga. Det var i Takk og Paaskyning av heile hans fagre Livsverk, at Det norske Samlaget og var med millom deim, som lagde ein Minnekrans paa Jón Sigurdssons Kista.