[Notisar]

Kristiania, den 29de Juni.
           
Stortinget hev spart inn yver 3 Mill. Krunur paa Riksbudgettet iaar, so me slepp den direkte Skatten denne Gang og.
 
           
Samlaget til Fremde av vaar Fiskedrift hev nyst sendt 7 unge Fiskarar paa Vestlandet til Holland. Dei skal der vera med dei hollandske Fiskararne og freista aa læra Kunsten av dei. Hollandsk Fisk er mykje meir etterspurd og høgre betalad enn vaar, daa han vert betre medstellt; 2 Fiskarar er fyrr sende til Skottland.
 
           
Paa Vonheim-Skulen er det i Somar 50 Gjentor. Korkje han eller Sogetun-Skulen fekk Amts (og Riks) Løn i Aar helder.
 
           
Fyr Sjøferdi ser det ikkje stort likare ut iaar enn ifjor; i Vinter var Trelastprisarne ikkje laage, og Folk selde daa alt dei vann, so Vaarskipingi vart stor, og Fragterne nokonlunde. Sidan hev det gjenget ned atter; likvæl er Trelastprisarne no stigande, daa Fram-Fløtningi hev voret vanskeleg og Storhandlarne søkjer difyr aa sikra seg Last, medan ho finnst.
 
           
Ein Innsendar i V. G. skriv um Amtsskulelærarne, at dei ikkje maa taka det som Vitenskapsmenn i Sogeundervisningi, men fylgja med Tidi, ikkje drøyma um Yggdrasel og sova med Dane (?), men standa paa Vakt som Thor, gjera Gutarne vise paa Folkestyre, Val, Kommunestell, Grunnlog, Finansvæsen, Forsvarsverk osb.
 
           
Aftenposten, eit Blad, som ligg lægre enn Morgenbladet, veit aa fortelja, at dei, som varmed i Folketoget til Sverdrup, var mest Haandverkssveinar og Arbeidarar. Me skal ikkje negta det; det er daa Folk, som kann nokot, og som hev baae Vet og Dug. Ellest skal me upplyse um, at me saag sjølve Redaktøren av Aftenposten ved Sida av Toget, ein Mann, som tvo um ikkje tri Gonger hev røynt seg med aa taka Student-Eksamen, men som kvar Gong hev vortet heimvist for aa læra aa skriva norsk Stil.
 
           
Slaatonni heve dei tekje til med i Aakers Sokn. Der er lite paa, paa Høgderne er Graset mest viset. Det er godt i Aar fyr deim, som heve noko For att fraa i Fjor, og det er nok ikkje so faae her paa Austlandet.
 
 
Heidmarks-Jarnvegen (fra Minne til Hamar) venter dei skal verta ferdig i Oktober.
 
           
Ein Bonde fortel i V. G., at han kjenner ein Mann som i denne Tidi fer ikring paa Romerike og gjer dei Uupplyste vise paa, at Fylgdi av Storthingsraadgjerdi den 9de Juni vil verta, at me liksom Federne kjem til aa eta Borkebraud. Me hev og høyrt gjetet, at det finnst deim her i Byen og paa Upplandet Novemberforeningen -, som trur, at det er Joh. Sverdrup si Skuld, at det hev voret knapt med Regn i Skeidsmo i Sumar.
 
           
Det svenske Blad Figaro skriv, at naar Ein ser paa den Stongske Regjering og det litle Slenget, som styd henne i Kampen mot Folkeviljen, kjem Ein til aa tenkja paa det Slags Folk, som fyrebur Umveltingar og so forbauses yver deim, naar dei kjem. Sigrar republikanske Meiningar i Norig, so fær dei konservative skjota Skyldi ikkje paa Sverdrup, ikkje paa Bjørnson, ikkje paa Jaabæk, men paa den Stangske Regjering, meiner Bladet, for baade fyrr og no hev ho sett fram so radikale Grunnlogforslag, at ingen i Landet er so radikal som ho. Dagens Nyheter upplyser, at dei Røyster, som er komet fram i sume svenske Bakstrævarblad, inkje hev med Folkemeining i Sverig aa gjera. Gøteborgs Handelstidning segjer reint ut, at det svenske Folk hev djup Samhug med det norske Folks Kamp fyr aa halda si Riksforfattning. Det danske Morgenbladet kallar Stangs Regjering affældig og dømer Paafundet um det absolute Veto som en taabelig Doktrin.
 
 
Paven er no au vorten usams med det belgiske Styre, som ikkje vil hava meir med honom aa gjera. Han fær nok snart ikkje mange Venerne att, stakkars Kroken.
 
           
Bismark er vorten uklar med Frimurararne i Tyskland. Han heve sagt, dei er verre end Jesuiterarne aa hava aa gjera med. Dei meiner at han nok i deim skal finna sin Yvermann.
 
           
Sosialistarne i Tyskland heve vorte usamse med seg sjølv. Det er Tingmannen Hasselmann, dei andre Styrararne er vortne Uvener med, dei segjer, han gjeng altfor vidt.
 
           
I Frankrike er det stort Staak, av dei Jesuiterarne og andre slike no ikkje heve Lov til aa hava Samlag lenger. Fyrr den 29de Juni hadde dei kunna søkja Styret om det, men dei vilde ikkje. Det er vel vandt det hadde nytta noko med Søknaden helder.
 
           
Hankok heiter den (demokratiske) Motstanderen, som (den republikanske) Garfield kjem til aa tevla med om President-Embætet i Amerika. Fyr sine Vener er han ein Engel, som Garfield au er for sine, men Demokratarne kalla den siste ein Meineidar og Svikar og Tjov. Republikanarne segja vel det sama om Hankok, naar det lid paa.
 
           
I Persia døyr Folk i Mengdevis av Svolt. Saakorn kostar some Stader 2 Kr. Pundet.
 
           
I Ny York kostar dei sterke Drykkjerne, Folk drikk, dubbelt so mykje, som Braudet, dei et.
 
           
Pa Kaffetreet er det komen ein Sopp som allevist paa Seilon heve gjort stor Skade.
 
           
Vinavlen i Europa. Verdet av den Vin, som vert avlad i etternemnde Vinland, er etter Hausners Statistik: Frankrik 642 Mill. Krunur, Spania 297 Mill., Italia 284 Mill., Austrik 284 Mill., Portugal 64 Mill., Tydskland 32 Mill., Grekland 14 Mill., Russland 7 Mill. Av Champagne var den franske Produktion i 1873: 22,381,838 Flaskur, i 1845 berre 6,635,652 Fl. 2 a 3 Mill. Fl. vert uppdrukne i Frankrik, Resten utførd.
           
 
Fedraheimen