[Graatenmoen (Brev).]

Graatenmoen (Brev). Ei Eksissamling kann vera god til mykje meir hell aa læra eksera. Allvist daa her, det kjem saman so mykje gjæv Ungdom fraa heile Telemarki; det vøre raadlaust annat, dei maa samle seg i sams Hug um sams Tankar, og det er daa mest for Fridom og Norskdom, Hugen leikar. Og i dette vert dei au so væl understudde, med di dei hev so gjildsleg ein Kaptein, - ikkje soleids nettupp, at han strævar for mykje med aa bera fram slike Tankar sjølv var det likt seg! -, nei; men han er endaa den bedste Kapteinen, me kunde hava. Er det nokon her, som ikkje hev tenkt paa Fridom, Maalsak, Folkehøgskule hell nokon Ting sovore han lyt koma til aa sanse etter det her, naar han ikke er reint ein Styving daa; for det er slik ein makalaus Kaptein, so flink til aa eggja Folk upp! Og slik ein morosam Maate, han tek det paa!
           
Soleids daa dei her fekk Bodi um, at Folket hadde vunnet i Thinget og at Repræsentantarne vaare djerveleg hadde haldet fram vaar Rett og vaar Æra, so var dei so glade; dei gjekk rundt Moen og song Songar og ropad Hurra for Johan Sverdrup! Og Telegrammet, som Tidenden stod i, slog dei upp paa ein Vegg, og ovanfyr det eit Bilæte av Johan Sverdrup: Lengje live Johan Sverdrup! stod skrivet nedunder. Andre Dagen kjem Kapteinen drivande og fær sjaa det, - flaug so beint paa Veggen, reiv bilætet ned, sleit det sundt, kastad det i Søyla og trampad paa det! - Men Bilætet kom upp att strakst; Sverdrup, den Guten er ikkje let aa tyna. Um Kvelden, daa Kapteinen kom att, saag han same Bilætet, plukkad det ned og tok Bitarne med seg. Men Morgonen etter stod Sverdrup paa Veggen att, like blank! Kapteinen kjem marserande, ser Bilætet paa Veggen langt ifraa; so tek han seg Augnemerke og marserar med lange Stig beint mot Veggen, djerv og vill som Jakob von Tyboe . . . Bilætet i Fillur! Men tridje Venda kom Sverdrup upp, og daa er det tvo Bilæte, det eine so høgt uppe, at ingen kan naa det. Kapteinen kjem, - fram mot Veggen som han var olm, og freistar aa skrapa Bilætet ned med Sadelen, men kan ikkje naa; so set han ein Mann med ein Stige til aa taka det ned, - for han likad ikkje, at det var Papir uppklint paa Veggen! Og no i Maalvegen. Det var ein, som brukad sitt eiget Maal, endaa han hev voret paa Lære i Byen; - tal Norsk, Gut! sagde Kapteinen, naar du taler med mig! Ja eg meiner eg gjer det, eg, Hr. Kaptein, svarad Guten. Ja, men tal det Maal, du er oplært i paa Skolen! sagde Kapteinen. Ja eg er bedst lært i dette eg, meinte Guten. So kunde ikkje Kapteinen segje nokon Ting. No er det Maalmenn i Grunnen mest alle her; sume er rædde av seg og knotar, naar dei skal tala med Kapteinen; men han kjem vist snart til aa eggja dei upp, so dei kjem ut av Ræddhugen.
           
Det er enno for lite Samhald, og naar dei ikkje er samstellte, so er det faarlegt, allvist daa for Underofficerar, aa bruke Maalet sitt for mykje. Dette vil vel Folk ikkje tru; men jaumen hev det Grunn for seg. Me hev høyrt so mykje, at me veit, kor me hev den Karen. Han hev sagt um Folkehøgskulen, at dei, som hev voret paa den, kan ikke vente sig nogen Forfremmelse. Det høyrest raatt utt; men det er sannt. Kapteinen vaar synest tru, at den norske Heren ikkje er annat enn eit politisk Drivhus til Dyrking av Morgenbladske Potteplantor.
           
- Liksom Elden røymer Gullet, so er au ein slik Mann god aa hava her for aa røyna Hugen i Telemarki, um han stend seg for Eld og Staal. Dei Rædde vil han gjera til Trælar; god-meinande, stille Folk vil han gjera til støe nationale og politiske Stridsmenn, og dei kvasse og traadlyndte vil han gjera til Republikanarar.
                                                           
Svein.