[Ein Flokk Kaksar]

Ein Flokk Kaksar fraa Akershus, derimillom Vaktmeister Selboe, som ikkje likar aa vera ein kastad og magtlaus Mann, hev skipat eit politiskt Samlag, som kallar seg Novemberforeningen. Det kallar seg so, fordi det vil gløyma den 17de Mai og berre minnast den 4de November.
           
Millom alle dei Uheppur, som Novemberforeningen alt no hev havt, skulde det og koma til, at Morgenbladet her um Dagen knesette og velsignat Samlaget. Verre Daudedom kunne ei Gardbrukarforening aldri faa.
           
Novemberforeningen vil verja Forfatningens Grundvold. Det er Morgenbladets gamle Bondeparti, som vaknar upp att. Det er dei store Gardarne og dei store Pengarne, som vil verja seg mot det besiddelsesløse Demokrati. Bondestanden hev den dominerende Magt i Samfundet og maa endeleg ikkje vera med paa aa gjera Rett mot andre Samfundsklassur ved t. D. aa utvida Røysteretten. Det er heile denne gamle rotne Røvarpolitikken, som me kjenner so godt fraa Morgenbladskanten. Det er Intelligensens Politikk. Riv til deg alt, du kann faa; holdt fast paa Magti: bry deg aldrig um Retten! Det er den egoistiske Stands-Politikken i si raaaste, ufysnaste Form.
           
Stakkars Novemberforening!
           
Vi nære dog ingen overdrevne Forventninger til de øieblikkelige Resultater af Foreningens Virksomhed i den nærmeste Fremtid, sukkar Mrgbl. Det kann so vera, det. Bonden kann vera dum nok, kanskje; men han gjeng daa ikkje med Ring i Nasen enno. Og Meister Selboe, Chr. Friele og den Slengen, det er no ikkje av Bondens Folk.
           
Dei øieblikkelige Resultater i den nærmeste Fremtid vart nok magre, dei, stakkars Morgenblad. Me skal ikkje spyrja etter, um det er sannt, at Novemberforeningens Ideer og Grundsætninger (?) er dei same, som hadde Majoritet i Thinget alt til Aaret 1868; men det maa me segja, at det er fælande ille for Novemberforeningi, at Aaret 1868 er framfaret.
           
Det er desværre slut no med dei Dagar, daa det gjekk an aa skruva Tidi femtan Strik tilbake. Det nyttar ikke eingong aa segja som Josva: Sol, statt stillt yver Gibeon, stans, Maane, i Ajalons Dal! Hev Novemberforeningen ikkje annat aa bjoda paa enn det, som hadde Majoritet fyre 1868, so er Novemberforeningen - for seint fødd.