[Den Gongen]

Den Gongen Statsraad Bachke skreiv det store Dokumentet sitt, No. 61, visste han ikkje rettare, enn at alle Mann i dette Landet trudde paa det absolute Veto.
           
So vel nedsaltad var han: han visste ikkje betre! - og so vart han sett upp paa ein Riksraadskrakk og skulde styra Landet.
           
Han kjende ikkje meir til Land og Folk enn um han var komen fraa Maanen! Og so skulde han vera Minister. Gudarne kann vera hjartelause sume Tider.
           
So skreiv han denne vidgjetne Setningen sin um, at det var ophøiet over Tvil.
           
14 Dagar etter fekk han vita, at det fanst Folk, som tvilad um denne Saki. Ja han fekk høyra, at det var knapt ei Sak i heile Landet, som Folk tvilad meir um, enn just um Kongens Veto i Grunnlogsaker.
           
Daa kvakk Statsraad Bachke. Og han skvatt upp og skreiv Dokument No. 88.
           
 
Dokument No. 88 gjeng ut paa aa sannprova, faa Folk til aa tru paa den Setningen, som 3 Vikur fyrr var ophøiet over Tvil.
           
- Slikt heiter paa norsk: aa regjera Landet. Ein skreiv ei Avhandling, som Folket lær aat, som Eins eigne Partifolk skjemmest av, og som Nationalforsamlingi ikkje vyrder det minsteGrand; so fær Ein eit Slag paa Munnen, og so skriv Ein ei ny Avhandling. Den vert daa vedlagt Protokollen. Det er aa regjera.
           
- Dokument No. 88 inneheld eit Utdrag av det, som Aschehoug og hans Menn sagde i Debatten. Regjeringi skulde, etter Morgenbladet, staa over Partierne, vera høgare og visare enn alle andre, aldri lata seg kujonera av Partihøvdingar og slikt; Regjeringi skulde, etter Riksraad Bachke, repræsentera det dybe og blivende i Folket, det aalmenne og store i Folket, ikkje Generationarne, ikkje nokot serskilt elder smaatt, - og naar det so kjem til Stykket, so er Regjeringi ein Skolegut under Professor Aschehoug. Professor Aschehoug held ein Forelesning i Thingsalen ein Dag; Regjeringi kjem Dagen etter og - kann Leksa. Det er aa regjera! -
           
           
Dokument No. 88 byggjer, som Juristeriet i det heile, mest paa Adressen av 1824.
           
Juristarne er hellest dei, som held paa Formerne! Dei trur paa Formerne som Presten paa Bibelen; dei kann vera med paa alt, so nær som paa aa støyta mot ei Form, um det so var den meiningslausaste og tankelausaste som fannst. Me høyrde det i Thinget av Livius Smitt. Og me hev set det i Regjeringi. Regjeringi bryr seg ikkje um ein slik Ting, som at ei Sak er vedteki med 2/ 3 Fleirtal 4 Gonger, og at heile Folket vil hava Saki fram; det einaste ho ser etter, det er, um Avgjerdi vert framsendt til vedkommende Departement paa rette Maaten og i dei rette Ordelag. Det er slikt, som ho hev Syn fyre.
           
- Men naar det gjeld Adressen av 1824, so gløymer Juristarne alle sine Former og all si Formdyrking. Dei vert Radikalistar paa harde Livet.
           
Adressen av 1824 gjev Kongen absolut Veto, segjer dei.
           
Spursmaalet um Veto i Grunnlogsaker var ikkje framme til Forhandling for Thinget i 1824. Thinget i 1824 hadde ikkje det mindste Grand med den Sak aa gjera. Skulde Thinget i 1824 kunnat forhandla og avgjera um Veto i Grunnlogsaker, maatte Forslag um den Saki voret framset i 1821 og kunngjort i Trykken paa vanleg Maate. D a a hadde Thinget i 1824 havt Rett til aa taka Avgjerd um Saki; - no hadde det ingen Rett.
           
Thinget i 1824 maatte dernæst vedteket denne Avgjerdi med 2/ 3 Fleirtal. Men det gjorde ikkje Thinget i 1824. Ingen veit, kor mange Røyster den Adressen fekk.
           
Altso: ingen av dei Former, som er fyreskrivne i § 112, vart fylgde i 1824.
           
Men det gjer ingen Ting! Til Hekkelfjell med alle Former! Det absolute Veto stend ikkje i Grunnlogi; det ligg ikkje i Sagens Natur, for daa maatte alle forstaa det og alle tru det; Storthinget hev aldri vedteket det paa den Maaten, som slikt skal vedtakast paa; - men det gjer ingen Ting! Storthinget i 1824 sagde det, utanfor alle Former, utan at Saki laag fyre, - sagde det, ikkje i Logform, ikkje som Beslutning, men slengde det inn som ei laus Meining i ein Adresse, - men burt med alt Formverk! - Storthinget sagde det, og difyr er det Grunnlog.
           
Naar Stortinget i 1880 med 2/ 3 Fleirtal for 3de og 4de Gang, i fullt Samstev med § 112, vedtek ei Avgjerd, og so segjer, at no er denne Avgjerdi gjeldande Grunnlog for Kongeriket Norig, - so segjer Juristarne, at dette er Grunnlogbrot. Men naar Thinget i 1824 utan alle Former kastar ut ei laus Meining um ei Sak, so segjer Juristarne, at no er denne Meiningi med ein einaste Gong - gjeldande Grunnlog for Kongeriket Norig.
 
Vil Livius Smitt halda ein Tale til um Formerne og kor vigtige dei er i Politikken?
           
Der er ingen Ting vigtigt i Politikken for desse Bakstrævar-Juristarne utan Magti og Maten.
 
           
Resten av det som stend i Dokument No. 88 kann Ein lesa seg til i Storthingstidende, og der kann Ein lesa Svaret paa det. Dokument No. 88 ligg no fredeleg og søv i Storthingsprotokollen jamsides med Motzfeldts Forslag, og kjem aldri til aa gjera nokon Mann korkje vondt elder godt meir. Fred yver det og yver alle dei Daude!
           
Dei fleste av Statsraadarne vaare er gløymde for lengje sidan. Men Bachke vil minnast enno i mange Vikur. For han hev fenget Folket til aa læ. Og det, som Folket lær aat, det snakkar der um ei Stund. Statsraad Bachke hev vunnet eit Namn paa sit Fiasko!
 
           
Rigsretten, dens Sammensætning og forfatningsmæssige Myndighed, heiter eit litet Skrift, som er utkomet (Kommission hjaa Alb. Cammermeyer; Pris 30 Øre.) Det inneheld: 1) dei §§ i Grunnlogi, som handlar um Riksretten (§ 86 og 87), 2) Logi av 18de Sept. 1815 (Reglementet for Riksretten), 3) Logi av 7de Juli 1828 (Straffebestemmelser for Statsraadets og Høiesterets Medlemmer for Embedsforbrydelser, samt for Storthingets og Rigsrettens Medlemmer for de Forbrydelser, de, som saadanne maatte begaa), og 4) Forklaringar um Rigsrettens Sammetning og Myndighed m. v. Her fær me mill. a. den Forklaring um Riksrettens Kompetence, som Regjeringi sjølv gav i 1845, etter at Riksretsdom var fallen i Saki mot Riksraad Vogt, - og den Forklaring er god.
           
Det er eit litet innhaldsrikt Hefte, som kjem svært væl med i denne Tid. Me lærer her fyrst og fremst, at det er reint meiningslaust, naar Folk serleg Høgrefolk trur, at Rigsretten skal kunna døma i eit Spursmaal som det, um Kongen hev absolut Veto eller ikke; Riksretten hev ingen Ting med slikt, og kann etter Logi ikkje eingang uttala seg um eit sovore Spursmaal. Det einaste, Riksretten hev aa gjera, det er aa idøma Straff - eller frifinna for Straff dei Menn, som av Odelsthinget er søkte for Embedsforbrydelser.
           
Me fær etter dette ei endaa vissare Meining um, at Riksretten knapt kjem til aa faa nokot med Riksraadssaki eller Vetospursmaalet aa gjera.
           
Vetospursmaalet kann ikkje dragast inn for Riksretten; Riksretten vilde maatta avvisa det; for Riksretten hev Inkje med aa gjera autentiske Logfortolkingar. Dessutan hev Storthinget sjølv dømt i den Saki. Og Storthinget kann døma der; aa gjeva autentiske Logfortolkingar tilkjem aaleine den loggjevande Magti sjølv, skreiv Regjeringi i 1845. Det absolute Veto er altso dømt og fordømt fyrr; her trengst ingen ny Dom i den Saki.
           
Det, som Regjering skulde verta søkt fyre, maatte altso vera det, at ho hev negta aa taka Grunnlog um Riksraadarne inn i Lovtidende.
           
Men for det fyrste er dette ein Gjerning, som ingen Verkning hev. Grunnlog-Avgjerder er like gjeldande, anten dei kjem inn i Logtidende elder ikkje. At Regjeringi negtad dette, var berre eit magtlaust og meiningslaust Spark, som ho gjorde seg sjølv til laatt med, men som ikkje skadde Staten. Og for det andre maa me hugsa, at Regjeringi ikkje fekk nokot Paalegg um aa kungjera Logi, men berre ei Anmodning; Thinget visste, at Avgjerdi av 9de Juni var Logi alle Tilfelle. Hadde Regjeringi negtat aa lyda, naar ho fekk Paalegg, so hadde det voret eit Forbrot, og daa kunde dei søkt henne; men at ho negtar aa etterkoma ei Anmodning naa, det er uhøfligt, det er upolitiskt, det er dumt; men Forbrot er det ikkje, og Ein saksøkjer ikkje ein Mann, fordi um han ber seg aat som ein Tosk.
           
Nei; dei Herrar kann vist vera rolege. Thinget veit andre Raader til aa faa dei 11 i Regjeringi til aa bøygja seg for Log og Lands Rett, og Thinget vil bruka desse Raaderne so rolegt og stødt, at Morgenbladet skal koma til aa berre staa aa gapa. Det er ingen lenger, som hev vondt av Stangs Regjering i denne Sak. Ho hev sjølv køyrt seg fast, og ho fær sjølv taka Fylgderne.
           
- Men det ufysne er, at Regjeringi vil hava Riksrett. Ho vil verta søkt for Embedsforbrydelser. Ho veit, at ho hev faret galet, gjort imot Folkeviljen, ført Kongemagti uti Uføra, styrt slik, at ho hev inkje onnor Bergingsraad, enn um ho kunde paa juridisk Veg klora til seg ein Dom um, at ho fekk for Tiltale fri at være; og so vil ho berga seg paa slik Vis. Det er ein Prokuratorpolitikk so smaa, so jammerleg, at Folket snart lyt skjemmast av Regjeringi si.
           
Me kjenner Kvardagsfolk, som klarar seg fram paa den Maaten, at dei gjer mangt, som dei ikkje burde gjera, men passar paa aa stella seg slik, at Ingen nettupp kann taka dei for det elder faa dei dømde for deira Gjerningar. Men at slik Moral skulde herska i Politikken vaar . . . .
           
Johan Sverdrup er, etter Fædrel., den fyrste Republikanaren i Noregs Thing. Han sagde i 1858, at han ansaa den republikanske Forfatning som den beste for et mere fremskredet Samfund. Dette er hellest ikkje det same som det, Jaabæk og Thomesen sagde paa Thinget i Aar, so her nyttar det ikkje Fædrel. aa gjera Kunster.
           
Men flirande er det, naar Fædrel. fortel oss, at Sverdrups republikanske Tilbøjeligheder har visselig paa Grund af hans store Magt været en medvirkende Grund til at Sanktion (paa Riksraadssaki) er bleven negtet. Altso: Fordi Sverdrup er Fristatsmann og hev Magt, derfor torde ikkje Riksraadarne koma inn i Thinget. Og derfor skulde Landet lida; derfor skulde me halda fram med ein Riksskikk, som Stang sjølv hev kallat grundfordærvelig!
           
Fædrel. hev hellest naar det talar um republikanske Thingmenn eit fromt Sukk til Veljararne um, at dei maa betænke dette, at det er deres Pligt ikke at vælge en Stedfortræder, som af Hjertet er selve Forfatningens Modstander. Enn den, som kunde faa kasta Sverdrup, Jaabæk, Thomesen o. fl. paa Grunnlag av, at dei var Fristatsmenn!
           
Me kann hellest fortelja Fædrelandet den Ting, at etter det som Regjeringi no hev gjort, so er der fleire Fristatsmenn i Norigs Storting. Og me kan fortelja Fædrelandet den Tingen med, at etter det som Regjeringi i Aar hev gjort, so vil Veljarfleirtalet vera mindre rædde for dei Forfatningsfiendar, som trur paa Fristaten, enn for dei Forfatningsfiendar, som vil gjeva Kongen absolut Veto. Det nyttar ikkje lenger for unge prestelege Høgrepoetar aa skriva Rimbrev til sit Folk i Mgbl.; det nyttar ikkje eingong aa senda Sertryk av desse Versi rundt til Lærararne i landet (slikt er ikkje Agitation væl?); Veljararne veit det dei veit: at dei ikkje vil hava Menn paa Thinget, som gjev Kongen absolut Veto. Dei vil ikkje det!
           
Fædrel. bør læse Debatten i den Saki. Der vil det sjaa, at dei norske Bønderne er faste i Trui si her. Dei hev aldri visst av nokot absolut Veto, og dei lærer aldri den Leksa held um dei fær henne paa Vers elder paa Prosa, det vil kvitta so nokonlunde eit.