[Bjørnstjerne Bjørnson]

Bjørnstjerne Bjørnson heve no nyss gjeve ut ein rettet og øget Udgave av sine Digte og Sange. Gøtheborgs Handels- och Sjøfarts-Tidning skriver ut av Boki desse tvo Versi:
 
Valg.
 
Jeg velger mig April!
I den det gamle faller,
i den det ny faar fæste;
det volder lidt rabalder, -
dog fred er ej det bedste,
men at man noget vil.
 
Jeg vælger mig April,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den ævner eier,
fordi den kræfter vælter, -
i den blir somren til.
 
Og so skriv det same Bladet vidare: I detta vesle friske Kvadet heve Skalden Bjørnstjerne Bjørnson teikna eit Bilæte baade av seg og av det norske Folket no fyr Tidi.
           
Etter svære Stridstider som vara i Hundrad av Aar, baade innan- og utanlands fall Norig ned i ei djup Vinterdvale, som au vara i Hundraaar. Daa det nittande Aarhundrade kom, synte der seg Teikn til eit vaknande Vaarliv; Eidsvollsmennerne stod fram og gjorde si Gjerning med Kraft, daa Danmark hadde gjeve Landet yver til Sverige, og fortalde dermed, at den gamle, sterke Folkeaanden berre hadde slumra. - -
           
Deretter vert det nemnt, at der etter den Tid heve vore Framgong paa alle Leider i det økonomiske og aandelege Livet, i Diktning og Kunst og Vitsemd. Og under alt detta rører der seg innom Ringen av dei folkevalde eit alt sterkare Liv, som aukar i Striden millom det gamle Embætsvelde og den framveksande Bondemagti. Grunndraget i det heile er Norskdomen at den kan hevdast og auka er kvar Nordmanns fyrste Uppgaave; difyr bør han halda seg sovidt mogeleg fri fyr framand Innverknad, ikkje minst fyr Svenskdomen; Faaren fyr denne ligg, meiner dei, i det, at han kjem fram med så fina och älskvärda later.
           
Det er noko av April i denne hastige Vakning av Vinterdvala, med dei løste Krafterne, dei frie dønande Straumarne, dei friske Vindarne, Snjoslufsa og Fuglesongen.
           
Denne Vakning og denne Frigjøring veld lidt Rabalder, det er sumt gamalt, som vert sopa bort, men der er Liv, og der er Kraft, og derav vert Somaren fødd.
           
Der er noko av April i baade dei nordiske Folks Lynne.
           
Skalden Bjørnstjerne Bjørnson er sjølv eit Bilæte av dette Folkelynne, endaa han heve no kome noko inn i Maj med det blidare Lage i denne Maanaden; men han heve no au tekje med seg noko av Aprilvedret. Hans Fyregangsmann og Fyredøme Vergeland var ein meir utmeisla nordisk Aprilnatur, allevist i sin Ungdom; han var den sterke Straumen, som naar Vaaren heve brædt Fennerne paa Fjelli, stupar fram gjenom Dalen, riv med seg Stokkar og Stein, fløymer ut yver baade det eine og det andre Potetstykkje eller Rugaakeren og gjerer rett mykje Rabalder. Men naar han kjem til den vene Skogsjøen, kviler han seg stillt, og Himlens Stjernor spegla seg i det skire Vatnet.
           
Ingen av dei tvo heilt opp norske Skaldarne heve vore eller er nokon Songfugel i den kyrre Lunden og Somarnotti. Der finst Vaarsong i Dikti deira, som er lik Sveivetonarne som Lerka giv fraa seg opp i Skyi, men der er meir Stridssong hjaa deim. Baade hadde dei til andre Tidervore ein Tyrtæus.
           
Og ein maa taka baade deim og det Folket som dei speglar av Lynnet til, slike som dei er, ikkje som me, snilde Folk, vil hava deim. Faa dei ikkje vera og leva som Naturen lat oss segja den gode Naturen deira manar deim til aa leva og arbeida, so vøre dei inkje - -.