Præsident-Val og Politik i Amerika.

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
           
For den idealistiske Fridomsmannen gjeld Valstriden som ein ypparleg Maate aa fremja ei sunn Utvikling paa, med di slik Strid held Folket politisk vaket; og daa Grunntankanne kjem til aa standa skarpt mot kvarandre, og Magti er hjaa Folket, maa detta eggjast til aa vera med og nøydast til aa arbeida seg fram til Sjølvstende. Det kann gjerna vera, at denne Synsmaaten er rett. Det er dei rørde Tider, Kamptiderne, som vekkjer Nationen; det er dei store Vende, som manar Krafterne ut.
           
Riksskipnaden kann hava stor Tydning for eit Folks Liv, til Gagn og til Skade, alt um me veit, at ikkje Formi skapar Livet, men Livet den. Men i rolege Tider vert det meir elder mindre yverlatet dei aktive Politikarar aa styra og stella som dei best kann, kvat Riksskipnad Ein so hev. Elder viser Amerika nokot annat? Knapt nok. Som no Præsidentvalet i denne Tid. Ein kann segja, at heile Folket her møter upp, passerar Revy; men det er vandt for Ein utanfyre aa faa Auga paa dei store Grunntankarne, som skulde skilja millom Parti og Parti. I Borgarkrigen bytte Nationen seg, som Ein veit, i tvo Hopar: Demokratar og Republikanarar. Naar dei hev sine politiske Møte, brukar kvart Parti aa setja upp si Platform (Standpunkt, Program) elder si Forklaring um, kvat det er, dei i det Store og i Grunnen vil og meiner. Men no hev Ein det Sersyn, at dei lagar seg Platform av alleslags Spursmaal, som berre byd seg fram som laglege, um det so er Spursmaal, som er fraa igaar og ikkje liver til i Morgo. Um dei tvo Fylkingarne er skilde um nokot stort Spursmaal, er dette iallfall ikkje uppe no. Negerspursmaalet vart avgjort i Borgarkrigen, daa visst teoretisk. Spursmaalet um den einskilde Stats Stilling i Unionen er væl ikkje avgjort, men er ikkje uppe no. Partiskilnaden hev meir sin Grunn i Mistru og Uvilje enn i ulike Tankar. Borgarkrigen hev her leivt etter seg ein Arv, som Folk ikkje lett slepp ifraa, og som heretter berre vil tyngja og seinka. Det er ein Arv av Minningar, som gjeng yver til Fordomar, og sløge Politikkarar eg kunde gjerna leggja til griske Prestar nyttar desse som dei best kann. I Kongressen (Unions-Thinget) agtar dei seg væl for aa taka upp til Forhandling nokot Spursmaal, som kunde snerta innpaa politiske Princip og soleids i ein elder annan Maate skada Partiet, medan Motstandararne agtar paa einannan, som Katten paa Fuglen, um dei skulde faa eit Tilhøve til aa klora einannan. I det Aaret, naar det er Præsident-Val, gjer Kongressen mest inkje nokot. I Metodistkyrkjur kann du høyra Presten dundra høgt mot dei nedrivande politiske Hugstemnur i Sudstatarne. Ved Val-Urnen brukar dei paa sine Stader alleslags Vaapn mot kvarandre, Lovnadar, Trugsmaal, smaae Formfeil i Dokumenti, Pengar o. s. b. Soleids gjekk det til, at Demokratarne ifjor Haust, ved aa gjera Kunster i Val-Brevi, talde upp ein demokratisk Legislatur (Landsthing) i Maine, endaa det var valt ein republikansk (dei kom hellest ikkje ut med det); Republikanararne hev mang ein Gong brukt same Framferd. I Grunnen er det ikkje lenger nokon politisk Kamp, som Demokratar og Republikanarar fører. Dei miskjenner einannan, fører Klagemaal mot einannan; men sidan gjeld det aa gramsa etter Magti, elder kanskje helder etter det spoils, Levingarne etter den gamle Stilling, medan Grunnen meir og meir sig burt under dei, og nokot nytt er um aa laga seg.
           
Men er det ikkje Strid nok millom Demokratar og Republikanarar, so er det dess meir Strid innanfor kvar av desse Fylkingarne sjølve. Um Demokratarne veit eg hellest ikkje so væl Greida; ein Flokk av dei, Tilden og hans Menn, ser det ut til merkjer seg mest ut med det aa føra sin Valkamp med Pengar, fiska med Sylvkroken. Striden innan det republikanske Partiet er livleg nok, og eg vil just ikkje segja at han ikkje gjeld Grunnsetningar, men han synest ikkje aa naa so mykje ned i Folket. Det er etter Maaten faae, men unegteleg dugande, frisynte og viljefaste Menn, som hev sett seg til Maal aa halda uppe ein sunn politisk Moral og aa føra Kamp mot det, som dei med eit godt merkjande Ord kallar Maskinpolitikken, den Styremaaten, som hev voret driven av dei Statsmenn, som kom upp og fekk Magt etter Ufreden. Det hev gjenget her, som det ofte vil vera Tilfelle etter ein Borgarkrig: her hev voret brukt ikkje litet Tvang og Sjølvtykkje. Det republikanske Partiet kjende seg eigande Magti, og Førararne var ikkje altid nøgne med, korleids dei brukte henne. I eit Fristyre kann det ofta vera Rom for egoistisk (sjølvvis) Politikk, daa Folket ikkje all Tid er nøydt til aa vera paa Vakt for Fridomen sin, allvisst ikkje mot monarkiske Yvergrip; iser i eit Land som Amerika, der Ein hev slikt ævelegt Mas med Forretningar og Arbeid, vil Folket i rolege Tider ikkje bry seg um aa uroa seg so mykje med Politikken. Dessutan vil i ein so stor Stat som denne mykje av dei politiske Sakerne vera ukjennt for Stormengdi av Folket, og eit Stræv etter aa samla Magti paa visse Hender vil mest naudsynleg koma upp. Det hev soleids i Amerika utviklat seg ein Krins av Fagpolitikkarar, som væl ikkje kann trassa Folkeviljen, men som daa i nokon Mun synest vera i Stand til aa bruka honom til sine Fyremaal. Det ser difor ut som der var mykje i det, naar dei uavhengige Republikanarar elder Klorarar (the Independents, Scratchers), som dei vert kallad, gjev denne Politikken Namn av Maskinpolitikk; og dei motarbeider honom visst med Rette. For dei republikanske Statsmenn, som er uppe etter Ufreden, er ikke just utmerkte ved dei politiske Gagnsverk, dei hev gjort Landet. Politikken deira liver mest paa Undsegjingar av det demokratiske Parti, som ikkje hev voret ved Magti sidan 1860, som ikkje lenger er til Faare fyr Landet, ja som knapt er til i same Meining som fyrr.                                 
 
( Meir.)